– Vi skal nå vårt Soria Moria

Slik konkluderte ordførar i Norddal, Bjørn Inge Ruset, då han innleidde på Storfjordkonferansen om prosjektet Muriparken, ei helsesklynge for heile Sunnmøre.

3. september 2009
Randi Flø

Arne Sandnes og Bjørn Inge Ruset orienterte om Muriparken og Muritunet.

Han inviterte dermed kommunane på Sunnmøre til å bruke helsetenester i den planlagde Muriparken, helsesenteret, hotellet, helseco og Vitafjord. Samstundes har Valldal Grønt vorte med på grunn av planane om å kunne levere fjernvarme. Muriparken er eit samarbeidsprosjekt mellom Norddal kommune og Muritunet. Ruset sa at det har vore ein krevjande prosess, men no er både reguleringsplanar og finansiering på plass. Det einaste som manglar er oppheving av byggjeforbodet langs Storfjorden. Kommunen er i ferd med å flytte tekniske tenester og miljøstasjonen til Djupøyna, slik at bygningen ved elva kan rivast og gi plass til det nye hotellet. Når helseavdelinga vert flytta til Muriparken, kan biblioteket flytte inn i rådhuset.
– Vi kan noko som andre kommunar ikkje kan. Vi har ikkje greie på fisk og møbel, men helse kan vi, sa Ruset.

Helse og velvere
Han viste til at dette er ei kopling mellom private og offentlege aktørar. Ruset trekte fram fordelen med godt klima og sa at store delar av folk frå Ålesundsområdet kjem hit i helgene til campingvogner og hytter. – Dei bowlar på Kulå og drikk øl på Fjellro, sa han og la til at det no framover vert viktig å ruste opp gamle stiar og vegar, for å oppmuntre folk til å vere fysisk aktive.

Byggjestart
Ruset sa at dei reknar med at dei er klare til å starte realiseringa i 2010 elle 2011 og at Classic Norway tek til å byggje hotellet i 2011. Hotellet skal ha samarbeid med Muritunet i tillegg til å drive vanleg turisme i sesongen. Om vinteren meinte Ruset at det kan verte freistande for folk som ikkje vil reise til syden, heller å ta seg en tur hit.
– Alt heng på at vi får realisere prosjekt. Det som er godt for oss, er godt for dokke, sa Ruset med adresse til dei andre ÅRU-kommunane.

Natur og klima
Direktør ved Muritunet Arne Sandnes orienterte litt om historia bak og sa at det var natur og klima som var avgjerande for at rehabiliteringssenteret Muritunet endeleg vart lokalisert til Valldal i 1994. No har dei heile Møre og Romsdal og delar av Trøndelag som nærmarknad. Muritunet er ein del av spesialisthelsetenesta med 73 plassar. Det er åtte månader ventetid for den som ikkje blir tilvist frå sjukehus eller lege. Muritunet har driftsavtale med NAV og med Helse Midt-Norge, noko som er ein føresetnad for drifta.
Forhandlingane med NAV er avslutta og gir Muritunet ein fireårsavtale på 14 plassar. Når det gjeld Helse Midt-Norge, sa Sandnes at dei slit litt med å få avtalen på plass. Det ser ut som rammene kan verte lågare enn før.
Muritunet har 90 tilsette som tek seg av 54 årsverk, der to av tre jobbar innan helseområdet og to av tre er kvinner.

Samfunnsøkonomi
Sandnes viste til at revma, nevro, overvekt og lunge er prioriterte område. Helse Midt-Norge meiner at det er kommunane som skal finansiere etterbehandling når det gjeld ortopedi og blautdelskirurgi. Derfor meinte Sandnes at dette sannsynlegvis går ut av Muritunet sin portefølgje.
– Dette vil skape endå større problem for sjukehusa som ikkje får levere frå seg sine pasientar. Problemet for kommunane er at dei ikkje har kapasitet til å ta seg av desse over natta. Dette er meiningslaust, sa Sandnes og stilte spørsmål ved samfunnsøkonomien.

Vidare
Arne Sandnes sa litt om Muritunet sin kurs vidare og viste mellom anna til eit treårsprosjekt i samarbeid med Helse Sunnmøre der dei skal prøve ut telemedisin. Dei har intensjon om å lage eit treningskjøken for pasienar og dei vil satse på kompetanseutleige, mellom anna har dei skrive avtale med eit helsesenter i Hellas, eit prosjekt dei også har fått EU-midlar til.