Laksefisket på opptur

Dei førebelse tala for laksefisket viser at det har vore eit godt år. Fangstrapporten for Stordalselva viser at det ikkje har vore fanga så mykje fisk sidan 2005.

3. september 2009
Randi Flø

Det siste toppåret for Stordalelva var 2005, då det vart teke på land i alt 755 fiskar. Etter det viser statistikken på heimesidene til elveeigarlaget at det har gått nedover. I 2006 vart det fanga 326 fiskar, i 2007 248 og i fjor var det 372. Dei førebelse tala no etter at sesongen vart avslutta måndag 31. august, viser at det i år har vorte landa 560 fiskar i Stordalselva, 504 laksar og 56 aure. Då er det nokre soner som ikkje er oppdaterte enno.
Stordalsleva er lakseførande i om lag sju kilometer og er inndelt i 12 soner. Tala for Valldøla og dei andre elvene i indre Storfjord er enno ikkje klare.

Lus
Fleire av fiskarane vi har vore i kontakt med meiner at ein av grunnane til at det tek seg opp att, er at det er minimalt med oppdrettsanlegg i fjorden no.
– Kan dette vere ei forklaring, spør vi Leif Magnus Sættem ved nærings- og miljøavdelinga i fylket.
– Sesongen har nettopp ebba ut, fangstane er ikkje innberetta enno. Eg likar å sjå tala frå fisket før eg kjem med kommentarar, seier han.
– Men lakselusa har vel ein del å seie med tanke på villaksen?
– Det er utan tvil ein viktig faktor i dette med at fisk skal overleve. Det viser seg at lakselus står nokså intimt i forhold til oppdrettsanlegg for laksefisk, seier Sættem og viser til at dette er ein stadig tilbakevendandre debatt. Oppdrettarane vil auke produsjonen og tene pengar, medan andre har meir blikk mot naturen.
– Ser du ein fare for at villaksstamma i einskilde vassdrag kan døy ut?
– Nokre elver er nede på eit lågmål, der den lokale bestanden er liten. Kvar elv har sin lokale laksebestand, og det er uheldig at det blir tilført oppdrettslaks i elvene, seier Sættem og legg til at det er viktig å gripe fatt i og påsjå at vi ikkje riv økosystema i stykke