Vikingtokt inn Storfjorden

Friluftsrådet si satsing i Kulturminneåret 2009 er ei satsing dei har kalla «Læring i friluft». Torsdag i førre veke kom dei til Stordal skule og sjetteklasse der fekk oppleve både brynjer og bogar

10. september 2009
Alfred Nilsen

Rebekka og Jespe i vikingehjelm og brynje. Foto: Alfred Nilsen

Oppe i lia framafor Vinjehjellane har skulen eit uteområde som dei brukar til friluftsaktivitetar. Denne dagen med sol og det heile var sjetteklassingane samla der saman med lærar og to «vikingar». Frie vikingar var dei også, kunne Arve Yndestad og Skafti Helgason fortelje.

Ikkje berre kamp
– Det er lett å sjå for seg vikingar i kamp, men dei var også bønder og fangstfolk, fortel Skafti Helgason.
Saman med Arve Yndestad er han medlem i Møre Frie Vikingar, ein organisasjon med interesse for nordisk jarnalder/norsk vikingtid, og som ynskjer å spreie kunnskap om denne tida.
I dag er det elevane på skulen i Stordal dei deler kunnskapen sin med. Dei starta på Emblem, vidare til Valle og Sjøholt før dei kom til Stordal. Fredagen var dei på skulen i Valldal.
I graset ligg det sverd og hjelmar. Når eg kjem opp, hjelper dei kvarande med å få på seg den 18 kilo tunge brynja. Ei skikkeleg helsetrøye, som skulle førebyggje sår og rifter frå skarpe gjenstandar. På med hjelmen, fram med skjoldet og så er dei i kamp med instruktøren.

Olav Digre
Elevane hadde i fjor mykje om dette temaet på skulen både i religionsundervisning og natur og samfunn.
– At dei no får denne levandegjeringa av teoretisk undervisning er veldig bra, seier lærar Torunn Tafjord.
Vikingane kallar han Olav Digre, for det var først seinare han vart heilag, seier dei. Han er sjølvsagt med i historiene som vart fortalt. Han flykta inn fjorden og merkelege hendingar voks opp i hans fotefar. Arve Yndestad og Skafti Helgason har lang erfaring med å formidle kunnskapen. Borna får svar på spørsmåla sine om den gongen og akkurat no.
Medan den eine halvparten svingar sverda, spenner dei andre bogen. Tradisjonelle langbogar som ikkje er like lette å betjene som det ser ut som. Over bålet heng ei gryte med grønsakssuppe. Det ligg knivar og annan reiskap saman med smykke framme som ein kan sjå, bruke og ta på. Men no har aktiviteten vore stor og konsentrasjonen djup, så då finn ein luring fram hornet og bles. Då er det tid for grønsakssuppe.