Lama på Langhaug

– Det er først og fremst ein hobby. På sikt kan eg nok utnytte dei moglegheitene desse dyra gir betre, seier Dag Henrik Berli.

24. september 2009
Alfred Nilsen

– Mange blir nysgjerrige når dei får sjå desse dyra, seier Dag Henrik Berli.
– Dei er utruleg flotte, og så mjuke å ta på. Foto: Alfred Nilsen.

Ein strålande haustdag på veg fram mot Overøye. Eg fer ikkje så ofte denne vegen, og i dag så skjønar eg ikkje kvifor. Det er lett å skjøne kvifor folk vil byggje hytte i desse traktene.
Eg skal ta av på vegen fram til Overøye mot Seljebotn og då skal det vere greit å sjå Langhaug, fekk eg fortalt.

Slikt som skjer denne tida
Bøndene langs vegen driv med slikt dei brukar på denne tida. Snur og går tilbake til reiskapshuset for å få med seg det rette ut, slik at ein kan kome i gang med det ein skal.
Eg finn etter kvart vegskiljet til Seljebotn og då også Langhaug. Det er føremiddag og plassen ligg bada i haustsol. På tunet er det stor aktivitet, sauene skal inn til første sjekk denne laurdagen, bjeller og hauking. Garden ligg på ein haug som på ein måte stikk ut i dalen, og utsikta både heim og fram er flott, med raude rognebær, staslege fjell og høg blå himmel. Mot meg kjem hunden først og så Dag Henrik.

Føll heiter det
Han veit eg kjem og det er lamaene vi skal snakke om. Eg gler meg til å sjå dei, kvar er dei? Han smiler breitt og vinkar meg med.
– Eg har nettopp gitt dei ein rundball, dei er her nede. Det er mange som vert nyskjerrige når dei får auge på desse dyra, seier han og opnar grinda inn til beitet.
I fjor vår kjøpte han to drektige hopper og eit vaksen dyr. Ein hingst er komen til seinare og tre føll har vakse seg store på Langhaug etter det. Hoppene går drektige om lag elleve og ein halv månad, like lenge som hesten, men det er ein slags kamel.

Beitepussar
Det var den tida han gjekk på Gjerdmundes han fekk interessa for desse dyra. I Måndalen har han kontakt med andre lamaeigarar.
– Dei et nesten alt, seier Dag Henrik. Høymole og brennesle går ned, så lamaen får ein inn på tilskotsordningane som kulturarbeidar. Ulla kan ein klippe annakvart år og slaktevekta på eit vakse dyr er 160 kilo. I løpet av to til tre år er lamaen fullvaksen. Kjøtet er magert og proteinrikt og minner om rådyr. Lama er prøvd ut som sauepassar fleire stadar i landet. Med ein lama i saueflokken blir den fort sjefen og har den eigenskapen at han passar på dyr som er mindre enn seg sjølv.
Nokre har prøvd dette, etter å ha hatt lamaen i kort tid, og aldri sett han att. Han må få bli kjent og eigaren lære han å kjenne, sånn er det berre, seier Dag Henrik.
Litt tidlegare i haust fekk dei ein raudrev på besøk. Då stilte lamaene seg i ring og laga høge lydar, men spytta gjorde dei ikkje. Det gjer dei berre når dei er redde og verkeleg kjenner seg truga. Då kan dei hoste opp ei klyse på ein halv liter med magesaft og sende treffsikkert av garde om lag seks meter. Dei småspyttar litt på kvarandre når dei kranglar om maten.

Hoppar som ein hjort
– I Sogn og Fjordane, fortel Dag Henrik, er han mykje brukt som pakkdyr. 40-50 kilo kan han bere. Og der eit menneske kan gå, kjem lamaen seg også ofte fram. Kulde er ikkje noko problem for den, men djup snø skaper vanskar. Den hoppar som ein hjort og skal ein halde den innanfor gjerdet, må det vere høgt, visst den ikkje har noko å ete på.
Dag Henrik Berli er i dag 23 år og budde i Berlia Valldal fram til 1995, då familien flytta til Langhaug i Stordal. På garden er det sauer i tillegg til dei sju lamaene. Dag Henrik jobbar litt i skogen og har kjøpt seg eit mobilt sagbruk som han lagar virke på. På Overøye er det mange hytter og det er mykje ein kan tilby. Nokre turar på jakt blir det også i løpet av året. Men i dag er det sauene som skal inn.