Opprusting til 5,8 millionar

Formannskapet gjekk samrøystes inn for å velje det billegaste alternativet for opprusting av Kilstivegen. Kommunestyret handsamar saka i dag.

24. september 2009
Tiril Rem

Formannskapet på synfaring på Kilstivegen, rett nedanfor Hesthaugen. F.v.: Audun Skjervøy, sakshandsamar Yngve Hovden, Viktor Valdal, Linda Gjerde Myren, Heidi Toreli Sylte, Olav Løvoll, Håkon Myklebust og ordførar Bjørn Inge Ruset.

Måndag la formannskapet møtet til den nye kafeen på Hesthaug gard. Grunnen var at ordførar Bjørn Inge Ruset meinte at formannskapet trong ei synfaring på Kilstivegen som treng nytt dekke og ikkje minst autovern.

Nytt innspel
Kommunestyret vedtok i busjettmøtet i desember 2008 å setje av fire millionar kroner til opprusting av Kilstivegen. Administrasjonen har sørgt for prosjektering av ein opprustingsplan og utarbeidd tilbodsgrunnlag for den 3,2 kilometer lange vegtraseen frå Rønneberg til Kilsti.
Den 18. juni i år hadde Norddal kommune eit fellesmøte med grunneigarane der opprustingsplanane vart presenterte og der dei fekk kome med innspel. Der kom det fram at det brattaste partiet på vegen opp mot Hesthaugen fyk att og kan vere krevjande på vinterstid. Difor innstilte administrasjonen på eit alternativ med ei omlegging av Haurøra slik at stiginga vart mest mogleg jamn.

Ikkje i mandatet
I møtet 2. september i år gjorde byggje- og anleggsnemnda vedtak om å auke ramma for utbetring av Kilstivegen til 5.820.000 kroner. Nemnda meinte at ei omlegging/utbetring av vegen ved Hesthaugen ikkje var del av det mandatet som ho hadde fått av kommunestyret. Om kommunestyret ville vedta det, måtte ramma aukast med inntil 1.100.000 kroner.
Rådmann Stig Holmstrøm opna med å peike på noko uklart i vedtaket til anleggsnemnda.
– Slik som rådmannen har oppfatta anleggsnemnda, er ho ikkje direkte motstandar av val av ny trasé, men nemnda meiner det ikkje låg i mandatet deira å ta stilling til ei vegomlegging.

Kritikk
I møtet sa Linda Gjerde Myren (Nl) som sit i byggje- og anleggsnemna, at ho var misnøgd med innstillinga rådmannen la fram i saka. Ho meinte at sakshandsamaren hadde gått ut over det kommunestyrevedtaket bad om når innstillinga inneber ei omlegging av vegen og ein totalkostnad på 6,9 millionar kroner. Ho peikte òg på at prisen på 350.000 kroner for ei eventuell seinking av eksisterande veg ved Haurøra, var usikker.
Ho gjorde framlegg om å støtte vedtaket til byggje- og anleggsnemnda på 5,8 millonar kroner som dekkjer fast dekke og autovern.
– Til rådmannen: Eg veit ikkje om det er mulig, men eg varsla byggje- og anleggsnemnda i går om at eg ynskjer å gå ut av nemnda. Vi har ikkje reell påverknad. Gong etter gong har vi måtta ta att feilhandterte anbodsprosessar. Eg vil be om at delegasjonsreglementet blir sett på. Slik som det fungerer no, er det ikkje tilfredsstillande verken for anleggsnemnda eller administrasjonen, sa ho.

Kulturlandskap
Heidi Toreli Sylte (Sp) sa at ho sleit med å finne gode nok argument for å velje nytraseen.
– Fordi han ligg endå lågare og skal opp til løa, må det bli ei bra skjering og stigning for å kome dit òg, sa ho og peikte på at ein ny trasé òg kjem i konflikt med landbruksjord.
Audun Skjervøy (Nl) sa at to ting var viktige her:
– Det eine er klart for meg etter synfaringa. Ofte gløymer vi at vegar er ein viktig del av kulturlandskapet. Viss vi ser på korleis vegen slyngjer seg fint opp mot garden og tenkjer oss ei bein skjering, vil vi øydeleggje kulturlandskapet rundt garden som har blitt eit turistmål. Det andre er det økonomiske: Det er billegare å ta vare på kulturlandskapet. Eg vil gå sterkt inn for det som anleggsnemnda har gått inn for.

Nært optimalt
Viktor Valdal (Tvpl) sa seg samd med Norddalslista og peikte på at både trafikktrygging og reiselivsinteresser vart tekne omsyn til.
– Vi har utruleg mange andre vegar å bruke pengar på. Dette er så nært det optimale at det er greitt å gå for, sa han.
Ordførar Bjørn Inge Ruset sa at han likar å sikre seg på alle baugar og kantar, og spurde administrasjonen om det er råd å leggje om vegen på eit seinare tidspunkt om det skulle vise seg ikkje å vere så dumt likevel.
Til det sa sakshandsamar Yngve Hovden at han avgjer ingenting. Han har berre lagt fram to alternativ.
Framlegget frå Linda Gjerde Myren vart samrøystes vedteke.

Delegering
Byggje- og anleggsnemnda kan gjere vedtak innafor den vedtekne økonomiske ramma dei har fått. Dersom dei treng meir pengar, må saka gå via formannskapet til kommunestyret. Anleggsnemnda gjer formelle vedtak om å lyse ut på anbod og eventuelt godkjenne avboda.
I møtet svarte ikkje rådmannen på spørsmålet frå Linda Gjerde Myren om ho kan trekkje seg frå byggje- og anleggsnemnda.
Når Storfjordnytt stiller spørsmålet, seier han:
– Generelt gjeld det at alle som er valbare har plikt til å motta val, og det er berre det organet som har gjort valet, som kan gje fritak etter grundig vurdering av fritaksgrunn. Ei oppfatning av at ein blir overkøyrd av administrasjonen er ikkje fritaksgrunn, seier rådmann Stig Holmstrøm.