Om det var tidspunktet eller staden eller noko heilt anna, skal ver usagt. Ung helg i Tafjord samla mange ungdommar frå Norddal og Stordal.
Allereie fredagskveden viste det seg at dette skulle bli ei bra helg, bussen som var sett opp frå Sylte, var fullsett.
Første gong
Vi er med på Ung helg for første gong, men var ikkje i tvil om at vi skulle vere med så snart vi kom i åttande klasse og vart gamle nok til å vere med, fortel dei to åttanklassingane ved Valldal skule, Jeanette Lianes Gjerde og Elise Torvik.
Vi finn dei på ei tjukk madrass inne i gymsalen. Dei vil ikkje stå ute i regnet, så interessant er det ikkje med paintball. Kanskje skal dei prøve det litt seinare på dag. Elles har dei ikkje tenkt så mykje over kva dei skal finne på, dei vil berre vere her og treffe folk.
Skal de på dansekurs?
Nei, seier dei i kor og fortel at det einaste dei er heilt sikre på at dei skal ha med seg, er konserten på laurdag kveld. Favorittgruppa som skal spele der er Elfap, Elise inntrømmer at broren hennar, Andreas, er med i denne gruppa, som elles har mange frå Skodje med. Ho er forplikta til å like dei, og seier at ho synest godt om den spesielle musikken dei framfører. Elles gler dei seg til å høyre på dei andre gruppene også.
Inne i gymsalen er det stor aktivitet, nokre går på noko som liknar på ein minisykkel utan styre, andre klatrar i taua og ballar fyk gjennom lufta.
Dansekurs
Så er det klart for dansekurs, eit rom på Tafjord skule fyllest med jenter.
Innleigd instruktør Stine Fiskaa forklarer litt til å begynne med. Dei første stega og dei første handrørslene går det tydelegvis fort å øve inn. Det er klart for å gjere det til musikk av Michael Jackson.
Stine Fiskaa vart kjend rundt om i landet i samband med dødsfallet til Michael Jackson. Ho stilte også opp i konkurransen “Kvitt eller dobbelt”, der temaet var nettopp Michael Jackson. Stine Fiskaa heldt danseoppvising sienare på dagen.
Smykkemakarar
Inne i eitt av romma på skulen sat nokre jenter djupt konsentrerte, dei var i ferd med å lage smykke og armband. Ved bordenden sat Petrine Dyrkorn Alne og Young Chang frå ungdomsskulen i Stordal.
Dei fortel at dei kom fredag kveld og hadde sove i gymsalen saman med fleire andre.
Fekk de sove då?
Ja, til slutt.
Dei skal vere med på ulike aktivitetar, og gler seg spesielt til konserten, og ekstra til å høyre gruppa Amish Society.
|
|
|