I stortingsvalet gjekk Arbeidarpartiet fram i alle dei tre kommuane på indre Sunnmøre.
I Norddal røysta 21,6 prosent på Arbeidarpartiet, ein framgang på 4,2 prosent frå førre stortingsval. I Stordal røysta 25,7 prosent på Arbeidarpartiet, ein framgang på 5,6 prosent. I Stranda kommune røysta 24,6 prosent på Arbeidarpartiet, ein framgang på 4,6 prosent.
Glad for framgangen
Eg er glad for at vi har hatt framgang, men vi har mobilisert òg, seier ordførar Bjørn Inge Ruset dagen derpå.
Eg er glad for at veljarane legg vekt på fellesskapsløysingar.
Han viser til at valdeltakinga har halde seg om lag på same nivå som sist, sjølv om han kunne ynskje at ho var høgare.
Ordføraren meiner det er godt gjort at dei raudgrøne partia som er såpass ulike, har blitt attvalde.
Dei har vist at dei kan styre i lag på ein god måte, og dei har vist at dei kan bli attvalde. Det er ein stor prestasjon som eg trur blir lagd merke til internasjonalt òg.
Stødig resultat
Ap-ordføraren vil ikkje spekulere i om valresultatet kan halde seg opp att i kommunevalet om to år.
For landet er dette eit godt og stødig resultat i styringa framover. Eg trur ikkje vi har sett det siste av finanskrisa. Difor er det viktig å ha ei fleirtalsregjering som tek grep og ikkje hoppar etter ulike innspel i stor-
tinget. Dette er eit positivt resultat både for distriktet og landbruket.
Trur du valresultatet
gjer at SV blir svekt i regjeringa?
Det er noko dei må diskutere, men posisjonar speglar ofte valresultatet. SV gjorde det likevel betre enn målingane, så dei mobiliserte dei òg, seier Bjørn Inge Ruset.
Framgang elles
I Norddal gjekk Senterpartiet fram med 1,9 prosent til 29,1 prosent, og er det partiet som har størst oppslutnad i kommunen. Høgre gjekk fram med 2,5 prosent til 9,4 prosent. Fremskrittspartiet gjekk fram med 1,1 prosent til 21,6 prosent, og har like stor oppslutnad som Arbeidarpartiet.
I Stordal gjekk Høgre fram med 3,5 prosent til 22,7. Fremskrittspartiet gjekk fram med 3,1 prosent til 26,7 prosent, og er dermed det største partiet i kommunen.
I Stranda gjekk Høgre fram med 3,7 prosent til 14,2.
Paritet Raudt gjekk litt fram i alle dei tre kommunane.
Tilbakegang
I Norddal fekk mellom andre desse partia mindre oppslutnad: Sosialistisk venstreparti -2,3, Kristeleg Folkeparti -3,7 og Venstre -4,4.
I Stordal er trenden den same: SV -2,4, KrF -3,8 og Venstre -4,9. I tillegg gjekk Senterpartiet tilbake med 1,2 prosent.
I Stranda gjekk Fremskrittspartiet tilbake med 0,1 prosent. Elles: SV -1,2, Sp -0,2, KrF -2,9 og V -3,4.
Færre røysta
Kommunane Norddal og Stordal har begge ein liten nedgang i valdeltakinga. I 2005 røysta 73 prosent av veljarane i Norddal. I år røysta 72,7 av dei 1307 røysteføre.
I Stordal røysta 72,5 prosent ved førre stortingsval. I år la 71,9 prosent av dei 693 røysteføre setlar i urnene.
I Stranda røysta 74 prosent av dei 3317 røysteføre ved stortingsvalet i år.
|
|
|