Ikkje redde for regnet

Elevane ved Eidsdal skule viste at dei ikkje er redde for regnet. Måndag sprang dei fleire runder rundt idrettsbana. Kvar runde gav pengar til Redd barna.

1. oktober 2009
Randi Flø

Etter fleire rundar var innsatsviljen like stor.

Måndag var starten på haustveka ved skulen. Det er lagt opp til mange ulike aktivitetar. Eit felles måltid hadde dei også denne dagen.
Regnet ausa ned, men elevane kledde på seg og sprang runde etter runde, alt var vått. På sidelinja stod lærarar og noterte talet på rundar for dei ulike elevane. Meininga var at for kvar runde eleven sprang, skulle foreldra vert oppmoda til å betale fem kroner. Pengane går til Redd Barna og eit solidaritetsprosjekt for born i Søraust-Europa. Lærar Merete Løvoll Rønneberg seier at dei sjølvsagt ikkje kan krevje at foreldra betaler for dette, men alle vil få sjansen.


Heile veka vert elevane oppmoda om å gå til skulen, tysdag var den offisielle gå til skulen-dagen. Tysdag, onsdag og torsdag har det vore orienteringspostar ute, postar som er tilpassa dei ulike klassestega. Elevena må gjennomføre dette minst ein gong.
I dag er det meir fysisk aktivitet som står på planen. Dei to første timane er sett av slik at dei to eldste klassene, niande og tiande, skal ha leikar og anna saman med første til fjerde klasse.
Dei tre siste timane skal mellomsteget ta seg ein tur til seters.

Alle
I morgon er det avslutning på haustveka og alle er inviterte. Foreldreutvalet ved skulen skal stå for matsal først på dagen. Etterpå er det idrettsaktivitetar på idrettsbana. Her er både foreldre og lærarar i tillegg til elevane inviterte til å vere med.