Triveleg på torsdagskafé

– Vi brukar å vere her kvar gong, seier søstrene Asbjørg R. Busengdal og Elise Almås.

1. oktober 2009
Randi Flø

Asbjørg Ringmo og Aslaug Langhaug fortel at dei er på torsdagskafe kvar månad.

Dei sit ved eit bord saman med Liv Hove inne i den store stova på Stordalstunet. Dei to søstrene Asbjørg og Elise fortel at dei er søstrer og kjem opphavleg frå Tennfjord. Dei var i alt fire søstrer som gifte seg med kvar sin stordaling.
Det er siste torsdagen i september. Det betyr torsdagskafé, som er fast siste torsdagen i kvar månad. Det er helselaget, Mental Helse og folkehelsekoordinatoren som står som arrangørar.

Allsong
Ingrid Løset fortel at dei brukar å ha litt underhaldning, mat og kaffi og utlodding. Det er stort sett folk som er litt oppi åra som er med på kafeen, nokre av dei bur på Stordalstunet, medan andre bur i bygda.
Eit hefte med allsongar vert flittig brukt. Med ein cd som bakgrunnsmusikk syng dei, helst lystige og kjende songar. Vi høyrer både “Blåmann, blåmann” og andre. Denne gongen har to-tre karar frå bygda funne vegen til torsdagskafeen, og mannsrøystene gjer allsongen endå meir fyldig.

Gripande skildring
Denne torsdag hadde dei besøk av Asbjørg Rørstad frå Ørskog, ho las først noko frå Sakarias Ansok si hand. Etterpå las ho ei gripande skildring frå eit historieskrift frå Ørskog.
Historia handla om Olav Oksvik, som greidde å rømme frå tyskarane. Dette var i 1944, han skulle arresterast fordi tyskarane hade funne ein radio og nokre illegale aviser i hytta hans. Han fekk lov til å gå inn på hotellet på Sjøholt, men klarte å kome seg ut bakvegen. Dermed starta flukta. Han vart rodd til støa til Skotet vesle julaftan. Vidare gjekk turen til Vidhammer. Ruta gjekk på kryss og tvers innover fjorden, mellom anna var han på Ringset, Lied og Skrenakken. Han klarte å halde seg i skjul heilt til frigjeringa våren 1945 med god hjelp frå mange. Olav Oksvik vart senare både stortingsmann og fylkesmann i Møre og Romsdal.
Etterpå er det loddtrekning og god prat. Plutseleg har dei to timane gått.