Kva tid vart det gjort noko på vegen sist?
Har det vore gjort noko då, spør Brynhild Strømme tilbake.
Naboane ser på kvarandre og kan ikkje hugse at noko har vore gjort på årevis, bortsett frå at det vart hatt på kalsium etter at Olav Løvoll sende eit ebrev til kommunen i sommar og klaga på vegtilhøva. Dei er samde om at det tiltaket monna lite.
Det er ikkje råd å gå vinteren i møte med ein slik veg, seier Turid Engeseth Løvoll.
Då tenkjer ho ikkje berre på vegen, men på dei store grantrea som snart misser fotfestet.
Tungtransport
Naboane fortel at vegen har sige og dermed aldri har vore så brei.
Då dei bygde nye Åsevegen, gjekk tunge lastebilar med hengarar oppover gamlevegen, seier Sverre Tafjord.
Steinar rasar ut nesten dagleg ovanfrå. Stein i fundamentet har òg rasa ut, seier Olav Løvoll og legg til at vegen ikkje er bygd for tungtransport.
Vatn i vegen
Grøftene er så godt som vekke og vatnet finn nye far nedetter grusvegen.
Grøfta ved Skjeringssvingen er tett. Det er der vatnet kjem frå, seier Brynhild Strømme som har fått tittelen “vegvaktar” av nabo Olav Løvoll.
Då vi var på ferie, måtte Brynhild grave for å halde vatnet unna så det ikkje skulle renne ned til oss og i verste fall hamne inne i huset. Meir og meir jord sig ut og skogen er farleg, legg han til.
Det er heilt vilt. Det heng ikkje på greip, seier Brynhild Strømme om måten vegen blir vedlikehalden på.
Dei skal leggje den nye vegen i Muriåsen ut på anbod no, fortel Olav Løvoll.
Då blir vi “den gløymde vegen” endå ei stund då, seier Brynhild Strømme og seier at bilen ristar slik når ho køyrer at ho må klamre seg fast i rattet.
Folk sia 1950-talet
Olav Løvoll seier at det gjennomgåande problemet for kommunen er at dei tilsette ikkje har tid.
Dei har ikkje nok folk, men då må rådmannen sørgje for at dei får det, seier han.
Olav Løvoll peikar på at kommunen skal bruke over seks millionar kroner på å ruste opp Kilstivegen der det er to gardsbruk. Øvst i Fjørå har dei òg fast dekke.
Her har det budd folk sidan 1950-talet. Vi er snart dei einaste som ikkje har fast dekke i kommunen.
Vil ha fast dekke
Naboane fortel at utruleg mange brukar gamlevegen trass i at nyvegen til over 20 millionar kroner ligg der med fast dekke.
Kva ville de helst sett vart gjort med vegen om de fekk velje?
At han blir sett i stand og får asfalt slik at det går an å køyre gjennom. Kommunen må gjerne stengje vegen for meg, men det må vere meir praktisk for brøytarane å køyre gjennom enn å måtte snu. Å lage to snuplassar kostar òg noko. Vegen hallar mot husa, ikkje mot grøfta. Samtidig som dei lagar grøfter, må dei gjerne leggje gatelys, seier Olav Løvoll.
|
|
|