Til stades var både kommunestyret og tidlegare ordførarar. Ordførar Charles Tøsse ønska velkomen med å konstatere at nesten alle inviterte var møtt fram.
Det vart servert stordalsfiska laks med heimelaga karamellpudding til dessert. Kristina Malene Stavseng og Inna Krinicka underheldt med fiolin og pianospel i eit felles innslag i tillegg til at Kristina spelte ein brudemarsj nedskriven av Peter Jøsvoll. Ho har fått låne fela etter Knut Støle som ho brukte.
Takka for 27 år
Charles Tøsse takka Leif Kirkebøe for den jobben han har gjort for Stordal kommune gjennom dei 27 åra han har vore rådmann, og takka personleg for samarbeidet gjennom dei åra han har vore ordførar. Han understreka kor viktig det er for ein ordførar å ha ein god rådmann.
Han overrekte heidersmerke for lang og tru teneste i Stordal kommune frå Kommunenes Sentralforbund, eit diplom og ei flott nål. I tillegg overraska han Leif Kirkebøe med reise og opphald ei helg i Oslo, saman med billettar til cupfinalen, for han og kona Marie.
Takka for gåva
Etter overrekkinga takka Leif Kirkebøe både for utmerkinga og gåva. Han kunne fortelje at han hadde hatt utruleg lyst på cupfinalen, men at han eigentleg hadde slått det frå seg etter å ha lese i avisa at det var nærast umogleg å få tak i billettar.
I tillegg takka han både noverande og tidlegare ordførarar for tida saman. Ole Johan Vidhammer var ordførar då han vart tilsett, og Leif Kirkebøe hugsar at han i samtalar oppmoda han om å søkje stillinga som rådmann.
Eg har hatt eit veldig godt forhold til både ordførarar og andre politikarar. Det er eigentleg ei solskinshistorie å vere rådmann i Stordal kommune. Eg har også hatt ein utruleg god og lojal administrasjon, som til tider har jobba meir enn kva ein kunne forvente, sa han.
Han takka også spesielt Norunn Viset Busengdal som hjelpte han til å setje seg inn i arbeidsoppgåvene då han byrja i jobben i 1982.
Godt samarbeid
Tidlegare ordførarar tok fortløpande ordet og takka Leif Kirkebøe for det gode samarbeidet, og for hjelp og støtte som ordførarar.
Som fylkesordførar og tidlegare ordførar i Stordal kommune Olav Bratland uttrykte det:
For meg vil du alltid vere rådmannen. Det finst mange rådmenn, men berre ein Leif Kirkebøe.
Ole Johan Vidhammer meinte at tilsetjinga av Leif Kirkebøe truleg var den viktigaste tilsetjinga han har vore med på.
Du kjem til å verte ein ettertrakta pensjonist, etterspurd av organisasjonar og andre. Ja, jamvel politikar kan du verte. Det er eit spørsmål om å greie å begrense seg, og likevel ha nok å gjere på, var rådet han gav.
Også den nye rådmannen, Torbjørn Emblem, vart ønskt velkomen.
Ingrid Løset understreka kor viktig ei rolle Leif Kirkebøe har spelt for å få til alt ein har fått gjort i Stordal kommune.
Når Leif no vil bruke 13 timar i veka på kommunehuset i ein periode framover, vil vi ha eit godt team til å leie Stordal kommune inn i framtida, sa ho
|
|
|