|
Vi må finne ei løysing for alle

Næringssjef Toralv Klokkehaug seier at det no er ein ekstraordinær situasjon i landbruket, fordi mange husdyrbruk har fulle gjødselkjellarar og ikkje kan setje på vinteren slik.
Dersom du ikkje moldar ned gjødsla, er det i utgangspunktet ikkje lovleg med spreiing etter 1. september.
I september månad kan ein spreie gjødsel på mark dersom ein har fått løyve til det ved søknad. Etter 1. oktober er det berre lovleg å køyre ut møkk som vert molda ned, fram til 1. november.
Må ha løyve
Når vi no er inne i denne perioden seier næringssjefen at folk har to muligheiter for å verte av med gjødsellageret. Den eine er å finne ledig kapasitet ein annan stad. Den andre er å skaffe seg løyve til å spreie møkka.
Positiv
Ein søknad vil få positivt resultat. Folk må berre få ut gjødsla. No er det fint vêr og vi får håpe på det ei tid framover, slik at jorda får tørke opp litt, seier Klokkehaug.
Han understrekar likevel at det er forbode å spreie møkk på snø.
Folk må berre søkje om løyve til å køyre ut møkk. Vi har ikkje problem med å forstå problemet og vil finne ei løysing for alle, seier han.
|
|
|
Her oppe på Rønneberg er sesongen kortare og då er det ikkje mykje å gå på. Det står att mykje gras som skulle ha vore slått, men no blir det for seint. Eg har latt kyrne beite ein del av det, men sist laurdag måtte dei inn, så no får hjorten ta resten.
Bjørn Helge Rønneberg sukkar, men ikkje så djupt.
Eg må ta nokre grep for å få nok fôr og då reiser nok dei dyra i fjøsen som eg ikkje nyttar i produksjon akkurat no. Så får eg heller kjøpe nye når den tid kjem. Dei store nedbørsmengdene i det siste har gjort det umogleg å kome seg ut på markane med tunge traktorar der terrenget er bratt.
Heldig lell
Slike år kjem frå tid til anna, men det er lenge sidan det har vore så gale som dette. For min eigen del fekk eg ut mykje møkk etter fyrsteslåtten, så det skal eg handtere. Om vi ser oss rundt om i verda, så er desse problema vi slit med ikkje så gale. Når vatnet tek alt du eig og samstundes set heile samfunnet attende til primitive tilstandar, då kan ein snakke om store problem, seier bonden på Rønneberg.
Han har nettopp vore og sett til kråkefella han har sett opp. Det er også eit problem som må gjerast noko med, legg han til med eit smil.
Våren kom med ein smell, fonna hadde lagt ned 300 meter med utgard og så var det sjølvsagt heimevernøving då forholda var bra for innhausting. Ein må berre le av heile greia. Nei, no vart det ufyseleg her ute, kom la oss gå inn, seier bonden, midt i ei av mange byger med snø og sludd denne måndagen.
Dispensasjon
Men no ser det ut til at det skal bli betre vêr. I følgje almanakken er det nymåne no den 18. oktober og då skal vêret bli brukbart, har Bjørn Helge tru på.
Ein del av problemet for bøndene er å skulle få inn graset, noko anna er det med møkka som skulle vore køyrt ut.
Når eg fyrst er i Eidsdal stikk eg opp på fellesfjøsen på Skuset. Der er gjødseldepoet nesten heilt fullt. Ein stor open kum full av møkk, i tillegg til den nedbøren som har kome i løpet av hausten.
Vi håper på betre betre vêr og at vi får dispensasjon til å spreie møkk, seier Jan Trygve Veiberg, ein av dei som driv fellesfjøsen. Dei vil også kunne nytte fire tome gjødselkjellarar som dei disponerer, og på den måten løyse problemet.
Gode råd
Jon Geirmund Lied ved Landbruk Nordvest er merksam på problema.
Der det ikkje er heilt flatt, greier ein som regel å kome seg unna problemet med isbrann og overvintringsskadar no når ein ikkje får slå. Så noko stort problem er det ikkje, med unnatak av dei som treng fôret, sjølvsagt, seier han.
Slådd eller beitepussar må kanskje til når våren kjem. Verre er det med dei som ikkje får tømt gjødsellagra sine.
Gjødsla er ein stor ressurs som best vert utnytta ved å spreie ho i vekstsesongen, det vil seie april til juli. I dag slår bøndene større areal og har fleire dyr i fjøsen, utan at dei utvidar gjødseldepota. Dei skal kunne handtere ti månader med møkk frå buskapen. Ein tom og tett gjødselkjellar hos ein nabo kan også vere med å løyse problemet, seier Jon Geirmund Lied ved Landbruk Nordvest (Forsøksringen).
|
|
|