| Norddal kommune har sidan 2001 lagt vesentleg vekt på å skaffe fram faktabaserte opplysningar knytte til tenesteproduksjonen i kommunen. Kommunen veit mindre om kva innbyggjarane meiner, og sender difor ut eit spørjeskjema til alle over 18 år som er busette i Norddal.
Føremålet
Føremålet med granskinga er å få eit breitt korrektiv til avgjerdene som blir tekne i administrasjonen, politiske utval og kommunestyret. Kommunen håper å få impulsar til fornying av tenesteproduksjonen og moglege effektiviseringstiltak, heitte det i saksutgreiinga då formannskapet vedtok å be om å få høyre kva norddalingane meiner.
Det er viktig at innbyggjarane seier noko om tenester dei har fått eller ikkje har fått, og korleis dei oppfattar tilboda kommunen gjev. I eit brev som blir sendt ut som ei påminning, vil vi ha svar på meir detaljerte spørsmål om bustader og
korleis kommunen bør satse vidare, seier ordførar Bjørn Inge Ruset.
Korleis kjem de til å bruke svara?
Slikt er alltid eit ressursspørsmål om kva som er praktisk å få til. Svara vil vere tilgjengelege og kan til dømes nyttast av dei ulike gruppene. Dette er ei god tilnærming som formannskapet har bede oss om å gjere. Håkon Myklebust kom forresten med eit godt framlegg om å dele ut ein eller fleire premiar til dei som svarer på granskinga.
Er det snakk om ein sydentur som han foreslo?
Nei, eg trur ikkje det. Sidan granskinga er anonym, kjem vi til å trekkje ut vinnarar mellom dei som bur i bygda med høgast svarprosent, seier ordføraren og ber om å få kome attende til kva premiar dei lokkar med.
Kjønn og alder
Administrasjonen skal analysere svara før resultatet blir lagt fram for formannskapet.
Svarprosenten var ikkje så høg i førre gransking, så vi oppmodar alle om å svare.
Kva om nokon ikkje har lyst til å gå i detaljar om personlege spørsmål?
Vi bør iallfall få vite kjønn og alder. Det er viktig å svare på spørsmåla som gjeld tenestene, slik at vi får eit godt faktagrunnlag på ein del område.
Er målet å bli betre?
Naturlegvis! Vi må sjå på det som ikkje er godt nok. Kan hende kan det rettast opp med mindre grep av administrasjonen sjølv, seier Bjørn Inge Ruset og vedgår at kommunen har ei avgrensa økonomisk ramme å halde seg til.
Svarfrist
Administrasjonen håper at så mange som 500 personar svarar på granskinga. Då har granskinga 100 prosent validitet.
Granskinga er anonym. Svarskjemaet skal postleggjast i konvolutten som følgjer med skjemaet. Svarfristen er sett til fredag 23. oktober 2009.
Undersøkinga skjer i regi av prosjektet Betre kommune som Norddal alt er engasjert i. Granskinga har difor ingen tilleggskostnader for Norddal kommune.
|
|
|