| I juni starta dei å grave ut tomta til den nye flotte geitefjøsen. Med god hjelp frå «gamlekaren» på garden kom dei fort i gang og Christie Opsahl kunne starte med betongarbeidet.
Bygget er tett
Georg Indreeide har ikkje gjort noko anna enn å byggje på den nye fjøsen i haust. Å få bygget tett har vore ei prioritert oppgåve.
Sopass høgt til fjells veit ein aldri når vinteren kjem. Men no er bygget tett og er ferdig utvendig, slik som planen var og arbeidet med innreiing kan starte.
Saman med Kenneth Hovden har Georg Indreeide vore flittig med hammaren denne hausten. Materialane til resieverket er frå eigen skog og på taket ligg det tro med shingel på. I hjørna på bygget er asfaltplatene bytta ut med kryssfinér. Dette saman med troa på taket, skal gjere bygget stivare. Noko ein bør tenkje på i den vinden ein kan oppleve på Indreeide.
Frå ku til geit
På garden har dei fram til no drive med mjølkeproduksjon. 25 mjølkekyr og 50 vinterfora spelsau har vore besetninga. I januar vert mjølkekyrne sende og geitene flyttar inn i nytt fjøs.
Frå dei tre geitebruka i Norddal og frå John Kåre Løvoll har Georg Indreeide skaffa til dei kjea han treng. 150 kje vart henta i mars og fôra med tåteflaske. Ein kjempejobb som Janne Stine Indreeide tok seg av.
No går geitene berre og trippar i den gamle fjøsen for å få kome inn i nye lokale. Planen er at dei skal på plass i desember for i februar/mars skal dei ha kje og alt skal vere ferdig.
I geitefjøsen er kjellaren tett. Når den tid kjem at han skal tømast, skal ei pumpe og ein propell senkast ned frå ei dør på baksida av bygget. Ristene som geitene går på, er av plast og ligg på glasfiberbjelkar, som igjen ligg på limtrebjelkar med rustfri beskyttelse over.
Det er fylket som har teikna fjøsen. Midt inne i den store hallen skal eit transportband med innreidning inn. Frå fôrsentralen vert då fôret køyrt ut til geitene og restane dei ikkje et, køyrt tilbake og rydda ut.
Bygget måler 15,4 x 32 meter og har ein mjølkestall med plass til to x 12 geiter. Kvoten er på 116 tonn. Kraftfôret skal delast ut via fôrautomatar og pumpast ut frå ein tank som står på utsida.
Passar i terrenget
Georg Indreeide seier det er mange grunnar til at han går frå ku til geit.
Mellom anna passar geit betre i terrenget her opp på Indreeide. Å skulle bygge om den gamle fjøsen var ikkje noko alternativ.
Han er glad og letta over at arbeidet med den nye flotte fjøsen har godt så greit, sjølvsagt gler han seg til dyra kjem på plass og kvardagen som mjølkeprodusent og bonde vert enklare.
Fjøsen ligg fint i terrenget og liknar ikkje akkurat på ein fjøs, men det kan det vere fargen som gjer, smiler Georg. Det er berre grunning. Fargen har dei ikkje bestemt endå.
|