Det var landbruks- og matminister Lars Peder Brekk (Sp) som skulle ha delt ut prisen til lingefolket under Landbrukskonferansen i Ålesund. Han meldte avbod i tolvte time og omdirigerte statssrekretær Ola T. Heggem.
Statssekretæren viste til dei generelle kriteria for Kulturlandskapsprisen og siterte frå prisframlegget.
Det var mange gode kandidatar til Kulturlandskapsprisen 2009. I år går prisen til ei heil bygd, til ei næring som tidlegare prisvinnarar ikkje har drive med. Lingegrenda omfattar seks gardsbruk som søkjer produksjonstilskot. I alt vert det dyrka frukt på 218 dekar. Produksjonen fordeler seg slik: 73 dekar eple, 12 dekar pære, 77 dekar plomme, 56 dekar morellar og kirsebær. To bruk driv økologisk. På Linge har dei dessutan gode resultat med dyrking av drue, aprikos og fersken, førebels berre til privat bruk, sa han og kalla dei fire Lingegardbrukarane fram til podiet.
Overraskande
I takketalen sa leiar i grunneigarlaget, Peder Linge Stakkestad, at pristildelinga var overraskande og at han vart litt stum i telefonen då bodskapen kom.
Men sidan vi er tildelt prisen, har vi sikkert fortent han. Det er inspirerande og kjekt å bli lagt merke til. Eg håper at vi i framtida kan ha eit kulturlandskap vi er stolte av, og at Ola T. Heggem og Landbruksdepartementet gjev oss konkurransedyktige og gode rammevilkår.
Han retta òg ein takk til Norddal kommune som nominerte Linge, fylket og kulturlandskapsgruppa.
Eg vil òg takke tidlegare generasjonar som har arbeidd for det kulturlandskapet som vi har fått pris for i dag.
Oppmuntring
Dei fire som møtte opp for å ta imot prisen, Steinar Linge Valdal, Sigurd Linge, Signe Brenna og Peder Linge Stakkestad var samde om at det var positivt å ta imot prisen og ei fin oppmuntring.
Det viser at folk har lagt merke til at vi har stelt og halde kulturlandskapet i hevd, seier Peder Linge Stakkestad.
Og at det vi har gjort er rett, legg Sigurd Linge til.
Kva skal de gjere med prisen?
Pengane går vel inn i kassa til eitt eller anna fellestiltak. Biletet og diplomet veit vi ikkje kvar skal vere enno, seier Peder Linge Stakkestad.
Ein tursti ovanfor gardane kunne ha vore noko, seier Signe Brenna, vel vitande om at 10.000 kroner berre ville vere ein liten start.
Tysdag feira dei Kulturlandskapsprisen 2009 med kake og kaffi i Framgarden.
Nominasjonen
Næringssjef Toralv Klokkehaug stod bak nominasjonen. Han vedgår at han hadde ein baktanke med det, og skriv følgjande i grunngjevinga:
Dersom Lingegrenda blir tildelt kulturlandskapsprisen, vil dette vere med på å signalisere at ho framstår som eit godt døme på at ein produksjon kan gi viktige og gode opplevingar. Dette er også eit signal til bygda og storsamfunnet om at desse opplevingane må takast vare på og vidareutviklast.
|
|
|