Stranda ute av friluftshøgskulen

– Det er verst for Stranda at dei ikkje vil vere med, sa prosjektleiar Annelin Henriksen då ho orienterte kommunestyret i Nord-dal om Norges friluftshøgskole torsdag.

29. oktober 2009
Tiril Rem

Eigedomen Kvilhaug i Tafjord kan bli kystbase for Norges friluftshøgskule i staden for Hellesylt no når Stranda kommune har trekt seg frå prosjektet. Foto: Alfred Nilsen

Førre tysdag gjorde Stranda kommunestyre eit samrøystes vedtak om å avslå søknaden om meir midlar til Norges friluftshøgskole. Dei vedtok òg å avslutte samarbeidet frå 1. januar 2010. Saka var ikkje offentleg og vart handsama i lukka møte.

Universitetssamarbeid
Annelin Henriksen fortalde om arbeidet med å få til eit samarbeid med Universitetet for miljø- og biovitskap på Ås, som etter kvart stranda.
– Vi meinte at den naturfaglege profilen som universitetet på Ås har, var rett for oss. Etter kvart vart det klart at dei sette som vilkår at studentane skulle ha minst eitt semester på Ås og følgje tradisjonelle fag der. Det vart vanskeleg. Å flytte 100 studentar frå Hemsedal og Sunnmøre er verre enn å sende lærarane til friluftshøgskulen.
Styringsgruppa vedtok samrøystes å leite etter eit alternativ. Dei hadde alt sett i gang ein dialog med Universtitet i Stavanger som tilbyr utdanning i hotellfag og som er oppteken både av naturbasert og berekraftig reiseliv.
– Kvifor kom de ikkje til oss først, var reaksjonen ved Universitetet i Stavanger. Dei er handlekraftige, positive og løysingsorienterte. Hotellhøgskulen har eit solid nasjonalt og internasjonalt fagmiljø innafor reiseliv. Dei samarbeider alt med universitet i Cananda og på New Zealand som har konsept som liknar på friluftshøgskulen.

To basar
Annelin Henriksen fortalde at dei har funne ein gard i Hemsedal, som ville vere ideell som hovudbase for friluftshøgskulen.
– Eigarane ynskjer at garden skal brukast til eit godt føremål og er viljuge til å selje garden til kommunen for landbrukstakst mot at kommunen leiger ut garden på langtidskontrakt til friluftshøgskulen.
Før Stranda kommune trekte seg ut av prosjektet var Hellesylt eit alternativ som kystbase på Sunnmøre. No ser det ut til at friluftshøgskulen kan få ein avtale om å leige Kvilhaug, villaen arkitekt Frederik Konow-Lund teikna ved sjøen i Tafjord.
– Vi har sett på fleire stader i regionen, men det er naturleg å ha ein fast stad å halde til. På same tid kan vi bruke Herdalen, Geiranger, Hellesylt, Tjeldsund og Runde.
Annelin Henriksen kunne ikkje svare på nøyaktig kor mange veker i året studentane vil vere på kystbasen.
– Uansett om det blir sju eller ti veker, så har vi heile tida fokus på vertskapskommunane, med heilt konkrete pilotprosjekt. Når eg seier at det er verst for Stranda at dei trekkjer seg ut, er det med tanke på at dei ikkje får fokus på pilotprosjekt med menneske som har høg spisskompetanse.
Ho meiner at politikarane ikkje må undervurdere marknadsføringa som ligg i kystbasen.
– Eg skjønar ikkje kva Stranda tenkjer på. Å ikkje betale to-tre hundre tusen er kortsiktig tenkt. Hemsedal seier at dette er noko av det mest spanande dei har hatt når det gjeld distriktsutvikling.

Kritisk
Signe Brenna (Nl) ville vite kvifor Stranda kommune har trekt seg. Til det sa ordførar Bjørn Inge Ruset (Ap) at saka ikkje var offentleg og han difor ikkje visste grunnen.
– Stranda har tydelegvis andre satsingsområde. Det må vi ha respekt for, sa han.
– Kan det vere noko med at dei har løyvt pengar i mange år utan å vite kva dei får? Vi veit ikkje kva vi betalar for, føresetnadene er ikkje på plass, sa Signe Brenna.
– Vi har verken ny informasjon eller nye føresetnader. Vi har tvert imot kome mykje lenger. Enno har vi ikkje fått negative signal frå politisk hald, tvert imot. Det er ikkje gjort over natta å byggje opp ein ny høgskule, sa Annelin Henriksen.

Framdrift
– Stranda må få gjere som dei vil, men ho Signe har eit poeng som er viktig for framdrifta. Vi må få på plass pengane som Stranda og Møre og Romsdal fylke forplikta seg til å betale i 2008. Om ikkje lenge, må vi få eit overordna politisk signal, ikkje særleg seinare enn i 2010, sa Bjørn Inge Ruset.
Varaordførar Viktor Valdal lurte på om prosjektleiaren kunne seie noko om tal og storleik på arbeidsplassar.
– Nei, eg kan ikkje det. Det eg kan seie, er at om det blir skapt ein idé i året eller annakvart år her, er det ein revolusjon. At det blir skapt verksemder som lukkast i framtida eller som utviklar seg over tid, er det vi vil. At vi klarer å skape gode pilotprosjekt som er nyskapande, er eg overtydd om. Hadde dette vore i eit anna land, ville alt sett annleis ut. Vi er eit uland når det gjeld naturbasert reiseliv, sa Annelin Henriksen.
– Raknar prosjektet om Norddal kommune fell ut, ville Signe Brenna vite.
– Nei, ikkje om Hemsedal fell ut heller. Dette er eit attraktivt prosjekt, sa Annelin Henriksen.

Annelin Henriksen som har vore prosjektleiar sidan 2006, arbeider for at Norges friluftshøgskole skal starte opp med bachelorutdanninga i 2012.