På jakt etter samarbeid

Førre helg var jegerar frå Hove og Vinje, eit jaktterreng i Stordal, inviterte til ein internasjonal jaktfestival i Lezajsk i Polen. Samstundes var også ordføraren i Stordal invitert av borgarmeisteren i byen. Ein delegasjon på åtte personar la ut på ein interessant og innhaldsrik tur.

29. oktober 2009
John Kristian Hjelle

Reisefølgjet framfor rådhuset i Lezajsk, som vart sett opp i 1869-1870. Frå venstre Eliot Szuty saman med sonen Adam Jarl, Trond Sørås, Per Kjell Holtleite, Charles Tøsse, Ove Løfoll, Jarle Hove, John Kristian Hjelle, Svenn Tore Busengdal og Terje Aasen.

Bakgrunnen for invitasjonen er Stordalsferien og innehavar Jarle Hove sin relasjon til Eliot Szuty, ein kunstnar frå den polske byen som delvis bur i Herjedalen i Sverige og som har vore ein god del i Stordal siste åra.

På tur
Byen Lezajsk ligg om lag 18 mil aust for Krakow, der han har lege etter at han vart flytta etter åtak frå tartarane hausten 1524.
Etter å ha tatt fly frå Noreg til Krakow torsdag, vart den norske delegasjonen skyssa med buss til Lezajsk fredag og møtt av kommunen si øvste leiing med borgarmeister Tadeusz Trebacz og viseborgarmeister Piotr Urban i spissen til eit festdekka bord på ein restaurant i byen. Med på denne meir uformelle middagen var også ordførar og andre representantar frå ein kommune i nabolandet Ukraina, som var inviterte til jaktfestivalen og som allereie har innleia eit samarbeid med Lezajsk.
Tevling og marknad
Den internasjonale jaktfestivalen i Lezajsk vart i år arrangert for 11. gong. Sjølve jakttevlinga er på laurdag, medan det på søndag er marknad med salsboder, underhaldning, utstilling av jakthundar og artistkonkurranse, eit Grand Prix med både polske og utanlandske artistar. Terje Aasen stod for artistinnslaget for stordalsjegerane, og song ”Vestland, Vestland” og ”You raise me up” på den store utescena som var sett opp på torget i byen.
Mellom flinke artistar som for det meste spelte og song meir tradisjonelle jaktsongar og –hymner vart han tildelt ein imponerande fjerdeplass i tevlinga. Stordalingane stilte også med eigen stand på marknaden, der det vart delt ut brosjyrer og med fokus på Stordal som jakt-, fiske- og friluftslivskommune. Standen var godt besøkt av både deltakarar på festivalen og folk elles.

Jakt
Sjølve jakta går føre seg på tradisjonell måte. Jegerane vert plasserte ut på ulike postar i felt i dei store skogane rundt byen, og eit lag med godt merka jagerar startar opp på signal frå eit horn og går støyande gjennom terrenget og driv på den måten viltet mot jegerane. Når eit jag er ferdig på eit felt, flyttar ein seg til eit anna. Under jaktfestivalen var det ikkje lov å skyte hjort og rådyr, det vi faktisk såg mest av. Det vart nytta hagle, og ein fekk skyte villsvin, rev og fasan. Det vart ikkje store fangsten på stordalingane, det vart vel berre løyst eit skot etter ein fasan. Polsk fjernsyn var med og filma både før, under og etter jakta, og eit intervju med ordførar Charles Tøsse vart dagen etterpå synt på riksdekkande nyheitssending.
Førstepremien i jaktkonkurransen gjekk til ein førstegongsjeger som skaut eit villsvin med slaktevekt på om lag 60 kilo. Under ei høgtideleg jaktavslutning i ein leir ute i skogen etter jakta vart vinnaren tildelt ein flott pokal ved ein tradisjonell seremoni, og fanfarar vart spelt til ære for kvar enkelt dyretype som var felt. Dette var samstundes årets høgdepunkt for for dei nye jegerane som hadde bestått jegereksamen. Dei fekk tildelt diplom ved ei høgtideleg overrekking av ordføraren og den øvste leiaren for jaktklubbane i området.

Samarbeid og utveksling
Ordførar Charles Tøsse fortel at dei vart tatt godt i mot i Polen.
– Måten vi vart tekne imot på, både offisielt og uoffisielt, var svært bra. Det var interessant å sjå korleis dei organiserer ein slik fest som denne internasjonale jaktfestivalen på, det er også til inspirasjon til å ta med heim, seier han.
Måndag, siste dagen i Lezajsk, vart det halde eit meir formelt møte med borgarmeisteren og kommuneleiinga i byen sitt rådhus, der moglege samarbeidsområde og –former vart lufta. Elles var det under helga meir uformelle samankomstar og samtalar. Etter møtet med kommuneleiinga var det møte i Lezajsk Jaktklubb sitt hus, der sjefen for det statlege departementet for skog og jakt opna og leia møtet. Frammøte var elles ei imponerande forsamling med representantar frå ulike jaktklubbar og –forbund, og det vart synt bilde og presentert moglegheiter for jakt, fiske og friluftsliv i Stordal. Det var også samtalar om mogleg utveksling av opplevingar mellom jaktklubbar i Polen og jaktlag/laksefiske i Stordal. Spesielt villsvinjakt i Polen vart tilbydd frå dei polske klubbane.
– Vi fekk i løpet av desse dagane knytt ei god kontakt. Borgarmeisteren og dei andre representantane frå Lezajsk ønska sterkt eit samarbeid med Stordal kommune. Vi fekk presentert at Stordal kommune har fokus på born og unge, noko vi fekk inntrykk av at det vart sett stor pris på, og at dei satsar i samme retning sjølve. Det er ei interessant vinkling på eit eventuelt samarbeid, og det vert å halde ein dialog både formelt og uformelt vidare. Vi har no knytta kontakt, og det vert spennande å sjå kva det eventuelt vil kunne føre til, avsluttar han.

Kulturoppleving
Utanom sjølve jaktfestivalen med tilhøyrande jakt, marknad og Grand Prix fekk reisefølget ei veldig god oppfølging under opphaldet, og fekk med seg mellom anna gamlebyen i Krakow, Wawel-slottet, saltgruvene i Wieliczka, museum og anna, ypperleg tilrettelagt og organisert av Eliot Szuty. Eliot Szuty skal elles halde ei maleriutstilling i Sverige i påska, og etter påske tek han med seg utstillinga til Stordal der han skal stille ut på Nilsgardstunet.