Tek over fjordsenteret

1. november tok Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv over drifta av Norsk Fjordsenter AS i Geiranger. Stiftinga er blitt langsiktig leigetakar og eigar av utstillingane og inventaret i det staselege bygget.

5. november 2009
Alfred Nilsen

Bjørn Inge Ruset og Finn Helge Nustad i baugen på bygget, klar til å ta i mot dei bårene som måtte kome. Foto: Alfred Nilsen

Fjordsenteret har slite økonomisk, eller som dei sjølv seier: har hatt økonomiske utfordringar dei siste åra. Det har vore ei lita betring i besøkstala dei to siste åra, men ikkje akkurat slik ein tenkte seg det frå starten.

Eigedomsselskap
No er Norsk Fjordsenter AS blitt eit eigedomsselskap og har den seinare tida vore gjennom ei refinansiering der akjsonærar, Møre og Romsdal Fylke og Sparebanken Møre har vore med. Innhaldet i bygget har Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv kjøpt og pengane senteret fekk for salet, er gått med til å betale ned gjeld.
Fredag i førre veke var det markering og underskriving av avtalar i Geiranger. Styreleiar i Norsk Fjordsenter AS, Finn Helge Nustad, er svært nøgd med at denne avtalen er i hamn. Han seier at dette er det berre positive sider ved. Til stades var også dagleg leiar, inntil nyleg, Monica Berstad Mæland. Ho fekk stor takk for det arbeidet ho har lagt ned, i tillegg til blomar og eit kunstverk av Terje Fagermo.

Kompetansesenter
Det er fem år sidan området vårt kom inn på UNESCO si liste og sidan den tid har mykje falle på plass i den nye organisasjonen som no er blitt til Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv. Når dei no kjem inn i bygget i Geiranger, er målet å få på plass heilårsarbeidsplassar og sikre kontinuerleg drift.
– Vi gler oss til å ta fatt på alle dei spennande oppgåvene som ventar oss og med å fylle huset med interessant fagleg stoff om området. Å skulle ta over dette bygget er eg audmjuk overfor, og eg må innrømme at det er litt skummelt, seier Katrin Blomvik, direktør for stiftinga.
Ho er glad for å ha med seg Monica Berstad Mæland som drifts- og marknadsleiar vidare.
Styreleiar Bjørn Inge Ruset sa at samarbeidet starta som eit fornuftsekteskap og har i dag vakse seg til eit heftig og naturleg samarbeid.
– Den støtta og hjelpa vi har fått, både politisk og frå administrasjonen i fylket, er vi svært takksame for. Det er mange som har vore engasjerte i dette prosjektet og mange som skal ha takk, avslutta han.

Blir sett og høyrt
– Vi håper no staten blir merksam på den kompetansen vi greier å samle i dette miljøet og som skal bevare, utvikle og formidle verdsarven i tråd med UNESCO-konvensjonen og verdsarvutnemninga. Dette er noko vi gler oss til å ta fatt på. Vi skal lære frå andre som har hatt suksess med slike store prosjekt, som til dømes Aasentunet i Ørsta, seier Katrin Blomvik.