Haustfest i Ruggå 4H

Nærare 20 medlemmar stilte ut prosjekta sine på Haustfesten til 4H på ungdomshuset i Fjørå laurdag.

5. november 2009
John Kristian Hjelle

Alle medlemmane som stilte ut prosjekta sine, samla etter utdeling av merka.

Som einaste 4H-klubb att i drift i indre fjordstrøk samlar Ruggå 4H medlemmar frå både Tafjord og Valldal i tillegg til Fjørå.
Laurdag var det tid for den årlege Haustfesten der medlemmane stiller ut prosjekta dei har arbeidd med siste året, og får det vurdert for godkjenning. Innslag frå scena var det også, alt frå dans til sketsjar og songleik, i tillegg til at ein fekk høyre om aktivitetane i klubben gjennom året. Kristine Hanssen var dyktig programleiar.

Vurdering
Dei utstilte prosjekta innan ulike tema som t.d. baking, hundar, hestar, bryllaup, friluftsliv og elvepadling var vurdet av instruktør i Møre og Romsdal 4H, May Britt Johnsen, og vurderingshjelpar Berit Henriksen tidlegare på dag.
På slutten av festen vart resultatet av vurderinga avslørt. At det vert jobba bra i Ruggå 4H kan det ikkje vere tvil om, for samtlege prosjekt vart godkjende. Dei som stilte ut og fekk godkjent prosjekta sin var Jill-Mari Remset, Rolf Vikene, Renate Vikene, Celine Tafjord Iversen, Anders Hanssen, Kristine Hanssen og Lene Vikene (alle aspirantmerke), Tonje Tafjord Iversen, Anniken Ranheim Omenås, Rebekka Hansen, Eileen Ranheim Omenås (alle bronsemerke), Anne-Sofie Almstad, Lillian Swampillai, Susann Vikene (alle sølv).

Heilt til topps
Fride-Helen Almstad fekk plakettnål. Ho var med dette godkjende prosjektet ferdig med 4H-programmet, og vert tildelt 4H-plaketten og diplom på fylkesårsmøtet i mars.
– Dette kan vere verdifullt når ein skal ut og søkje jobb, minte May Britt Johnsen om.
For å kome så langt at ein er gjennom heile 4H-programmet må ein ha sju godkjende 4H-prosjekt etter aspirantperioden, som varer til og med fylte 11 år. Frå og med 12 til og med 14 år er ein junior, og frå og med 15 år er ein senior.
– De var kjempeflinke på scena. Det som også er flott med 4H er at ein får øve seg på å vere på ei scene. Eg må seie at vi har hatt det veldig kjekt medan vi har vurdert prosjekta. Enkelte har vore veldig flinke, og det er tydeleg at dei har lagt sjela si i prosjekta sine, sa ho.

Kurs og leir
May Britt Johnsen oppmoda medlemmane om å delta på ulike arrangement som kurs og leir. Fylkesleiren i 2010 er lagt til Sunndal på Nordmøre, og landsleiren til Moelv i Hedmark, kunne ho fortelje.
Landsleiren er for dei som er 14 år og eldre. Ho minte også om at det fins tilbod for klubbrådgjevarar, foreldre og andre vaksne.
Leiar for Ruggå 4H er Susann Vikene, med Fride-Helen Almstad som kasserar og Lillian Swampillai som sekretær.
Caroline Remset er rådgjevar i klubben. Ho fortel at det siste året har vore veldig bra aktivitet i klubben.
– Etter mai har det vore litt mindre aktivitet, men det vil no ta seg opp att, legg ho til.