På besøk på sjøanlegget til Fjordlaks

Måndag var ungane i avdelinga Askeladden i Andershaugen barnehage på ei spennande utflukt. Dei vart frakta ut i båt til Fjordlaks Aqua AS sitt sjøanlegg på andre sida av fjorden for å få sjå korleis alt går føre seg der.

12. november 2009
John Kristian Hjelle

Åtte av ungane frå Askeladden saman med Pål Sætre frå Fjordlaks og Reidun L. Bratland og Lise Merete Bull frå barnehagen.

Andershaugen barnehage har ”nærmiljø og samfunn” som tema i år. Avdelinga Askeladden har valt temaet mat: kvar han kjem frå og korleis han vert produsert.

Første gong
Det var med bakgrunn i det at dei tok kontakt med Fjordlaks for å høyre om dei kunne få besøke dei, fortel pedagogisk leiar ved avdelinga, Lise Merete Bull.
– Svein Flølo som vi tok kontakt med først, vidareformidla kontakt med Pål Sætre. Dei var veldig positive, og Pål Sætre sa at det er første gong han har opplevt ein slik førespurnad. Han har ein jobb der han reiser
rundt på alle anlegga til Fjordlaks, men i høve vårt
besøk kom han til Stordal og vart med oss som guide, fortel ho.

Omvisning
Fjordlaks ordna med skyssbåt. Gjengen frå barnehagen delte seg opp i tre grupper, med åtte ungar og to vaksne, og reiste ut ei gruppe om gongen.
Ute på anlegget fekk dei først omvisning i det flytande huset dei som arbeider der bur i. Så fekk dei sjå sjølve anlegget, der dei også fekk demonstrert korleis det automatiske foringsanlegget verkar. Dei fekk også prøve å fore fisken sjølve, og det vart håva opp fisk som ungane fekk sjå nærare på og til og med ta borti.

Fem fiskar
Kvar gruppe var på anlegget i om lag ein og ein halv time. Med seg til lands att fekk dei med seg brosjyrar, aktivitetshefte og fem store nedfrosne aurar som dei skal lage mat av.
– Ungane tykte dette var veldig moro og interessant, og dei har snakka mykje om det etterpå. Som ein av ungane sa i båten på veg innatt til land: ”Dette er den beste turen i mitt liv”, fortel Lise Terese Bull.
Barnehagen fekk også med seg ein invitasjon til å få sjå heile prosessen ved eit seinare høve, frå smolt til levering.
– Vi vil gjerne rette ein stor takk til Pål Sætre og Fjordlaks for måten vi vart tekne imot på, seier Lise Terese Bull.