|
Måndag kom ein delegasjon frå Miljøverndepartementet, Olje- og energidepartementet og Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap på orienteringsmøte og synfaring i samband med reguleringsplanen for Murigrandane.
Fylkesmann Lodve Solholm leidde møtet der fylke og kommune òg var godt representerte saman med to frå Nordplan som har utarbeidd reguleringsplanen for kommunen.
Store forhåpningar
Innleiingvis skrytte ordførar Bjørn Inge Ruset av Norddal kommune og viste atter ein gong til Hans Strøm som i 1911 sa at norddalingane er det vakraste folkeslaget på Sunnmøre. Dei færraste kan leve av utsjånaden. Difor la han vidare fram planane for Muriparken og understreka kor viktig realiseringa er for utviklinga av kommunen og kommunesenteret.
Vi har store forhåpningar om at forskrifta opnar for bygging. Vi kan ikkje overleve utan utvikling av private og offentlege tenester, sa han og viste til beredskapsplanar og evakueringstida på 72 timar.
Høgt prioritert
Avdelingsdirektør Bjørn Casper Horgen frå avdeling for regional planlegging i Miljøverndepartementet sa at dei har sett ein frist på tre veker for å kome med merknader etter synfaringa.
Kan hende går det lenger, fordi alle innsigelsessaker skal signerast av statsråden. Nesten alle saker vi har, er av prinsippiell natur og mange politikarar ynskjer å då direkte inn i diskusjonen. Difor kan vi ikkje seie noko om sakshandsamingstida, men vi prioriterer saka høgt, sa han.
Avdelingsdirektøren understreka òg at spørsmåla som han stilte, ikkje måtte tolkast i noka retning.
Ikkje alternativt areal
Sivilarkitekt MNAL Grete Valen Blindheim frå Nordplan orienterte om reguleringsplanen og konkluderte med at tryggleiken for personar er teken hand om, at Muriparken er avgjerande for utviklinga, at det ikkje finst alternativt byggjeareal i sentrum og at utbygging av Muriparken må skje i flodbølgjeutsett område.
Bjørn Casper Horgen ville vite om hotellgjestene vil kunne evakuere seg sjølve. Til det sa ordføraren at hotellgjestene er privatpersonar som kjøper tenester hos Muritunet og som forflyttar seg dit sjølve.
Talet på gjester som ikkje kan evakuere seg sjølve, skal verken aukast på Muritunet, institusjonar er omsorgsbustader, presiserte han.
Motsegna
Fylkesberedskapssjef Kjetil Matvik Foldal orienterte om motsegna som vart reist 31. januar 2008 mot reguleringsplanen som dei meiner bryt retningslinene. Vi trekkjer motsegna på øvrige risikotilhøve som er greitt utgreidd. Dersom NVE som fagstyresmakt går god for avbøtande tiltak mot elveflaum, trekkjer vi motsegna på det punktet. Motsegna som gjeld fjellskredgenererte flodbølgjer, står ved lag.
Han sa òg at fylkesmannen ikkje har gjeve ei tradisjonell tilråding i saka på grunn av habilitet. Fylkesmannen har nemleg sjølv arbeidd tett med å etablere beredskapen.
Samfunnsøkonomi
Varaordførar Viktor Valdal viste til analysane som er lagde til grunn. Analysar fortel at utbygginga er samfunnsøkonomisk lønsam sjølv om alt blir øydelagt. Vi kan ikkje drive kommunen og halde oppe folketalet utan eit levande samfunn. Eit skred kan gå om 40 eller 150 år. Om ikkje samfunna kan utviklast, går det på eksistensen laus.
Synfaring
Synfaringa gjekk til Djupøyna, P-svingen og Grandane før ho enda opp på Muritunet der Arne Sandnes orienterte om rehabiliteringssenteret og vidare planar. Undervegs fekk Valldal Høvleri som har kjøpt bygningane til Valldal Trevare for å byggje leilegheiter, og Valldal Grønt som har planar om fjernvarmeanlegg, møte delegasjonen.
|