Lukta hest og smakte gull

I Stordalshallen laurdag var det country frå start til mål. Med hestar utanfor, lys, høy og kaktusar var det berre å tjore hesten, setje seg ned og nyte forestillinga.

19. november 2009
Alfred Nilsen

Stordal hornmusikklag har ei lang historie. Fleire av medlemmene fekk gullmedalje for 40-års medlemskap. To fekk også diplom for 50-års teneste.

Ikkje før eg hadde tatt av meg hatten, kom hornmusikken i Stordal med solistar galopperande inn og fann plassane sine oppe på scena. Dirigent og leiar for Stordal Hornmusikklag, Lars Kaggerud, ønskte folk velkomne og så sette dei i gang.

Gjennomført lokalt
Med country som tema er det mykje å velje i. Utvalet baud på mange klassiske låtar av kjende artistar. Songane var arrangert av Magne Rutle.
Dei aller fleste av deltakarane på scena var frå Stordal med nokre få forsterkningar på gitar i tillegg til ein vokal frå Vaksvika.

Solistane
På programmet var det 19 songar, dei allere fleste med djupe countryrøter. Solistane sat framme og med to gitarar, bass og trommer saman med Hornmusikken bak seg, gav dei mykje til alle dei som var til stades. Humør og alvor og mange rett gode prestasjonar vokalt og i kor.
Og mange hadde tatt turen til Stordalshallen denne laurdagen, både born og vaksne, med og utan hatt. Frå scena gjekk det unna, herlege countrylåtar på løpande band, av gode vokalistar. Peder Vikenes med erfaring og groove, Jenny Kristin Langlo, følsomt og med trøkk, Elin Dyrkorn med fele, stemme og herlege harmoniar, Solbjørg Ludvigsen med flott stemme og gode tolkingar. Etter ti songar var det pause og pusterom.

Hornmusikken og heider
Det er sjølvsagt lett å sjå dei som står fremst på scena. Mange hadde lagt ned mykje arbeid og hornmusikken med sine gode hjelparar gjorde denne kvelden til ei oppleving det var verdt å få med seg.
Somme skulle få med seg medaljar heim også, for lang og tru teneste. 40-årsmedalje i gull fekk Petter Bjarne Øvrebust, Roger Olav Hauge, Åsmund Støle Larsen, Ole Magnar Øvrebust, Svein Harald Øvrebust, Bjørn Busengdal og Leif Arne Dybdal. I tillegg til det fekk Leif Arne Dybdal og Ole Magnar Øvrebust heidersdiplom fordi dei har vore med i Hornmusikken i over 50 år.
Med om lag to timar med musikk med ein kort pause midt i, var klokka nesten ni då dei takka for seg med ”Pay me my money down”. Då var stemninga høg, så den låten tok dei to gongar.
Så var det berre å kaste seg på hesten og kome seg heim.