Avslag til halvparten |
||||||||
![]() |
Næringsfondsstyret har løyvt 585.000 kroner fordelt på sju søkjarar for andre halvår i år. | |||||||
|
||||||||
Rempro får 200.000 kroner frå næringsfondet for utvikling av eit produkt til oppdrettsanlegg.
|
||||||||
| Då styret i næringsfondet skulle handsame søknadene for andre halvår 2009, innstilte rådmannen på å gje sju av 13 søkjarar løyvingar på til saman 625.000 kroner. Vel ein million I vår løyvde fondsstyret 905.000 kroner fordelt på ni søknader. Hittil i år har næringssjefen handsama fire delegasjonssaker innafor fullmaktsramma på 20.000 kroner. Samla sum for slike løyvingar er 57.000 kroner. Næringsfondet har ein disonibel saldo på 1.074.732 kroner. I tillegg vart det i samband med vårtildelinga avsett 400.000 kroner i fond til strategisk næringsutvikling. Hoppekassa Strategisk utvikling Handsaminga Valldal Maskinlag søkte om 53.500 kroner til innkjøp av ei transportvogn for dyr. Berdal gartneri søkte om 268.000 kroner til investeringar i eit biobrenselanlegg. Nils Grønningsæter søkte om 62.000 kroner til kjøp av mjølkekvote. Næringsfondsstyret slutta seg til innstillinga som sa at slikt kjøp ikkje kjem inn under fondsføremålet. The Happy End Norddal søkte om å få dekt eit underskot på 13.500 kroner etter Midtsommardagar 2009. Rådmannen meinte at tiltaket ikkje kjem under fondsføremålet og fekk med seg fondsstyret på det. Jordbærstova søkte om 100.000 kroner til å rehabilitete gamlehuset på garden slik at dei kan tilby overnatting i tre dobbelrom med høg standard. Audun Skjervøy (Nl) gjekk frå som ugild, sidan han er underleverandør til verksemda. Juvet landskapshotell har tidlegare fått 400.000 kroner i tilskot som den gongen var full pott. Sidan maksimalt tilskot er utvida til 600.000 kroner søkte Knut Slinning om ei tilleggsløyving på 200.000 kroner og viste til totalkostnaden på prosjektet har auka frå 15 til 20 millionar kroner. Landbruk Nordvest søkte om 150.000 kroner til eit prosjekt der dei utdannar utanlandske avløysarar og landbruksvikarar. Rådmannen tilrådde eit tilskot på 110.000 kroner som fondsstyret samrøystes velsigna. Tafjord Båthamn og Camping søkte om 140.00 kroner til renovering av kjøkken og toalett, leikeplass, innkjøp av to båtar og to hytter. Rådmannen tilrådde ei løyving på 40.000 kroner til hytter og leikeplass. Renovering blir sett på som vanleg vedlikehald og båtane er alt innkjøpte. Fjørå Kai søkte om 175.000 kroner til reparasjon av kaihuset og kaia. Rådmannen frårådde å løyve midlar sidan slike tiltak verken er prioriterte i vedtekter eller retningsliner for fondet. Utvikling Fjørå som byggjer småbåthamn, har tidlegare fått 400.000 kroner frå næringsfondet. Ytterdal Camping søkte om 200.000 kroner til kjøkken, serveringslokale og opphaldsrom for gjester i fjøsen. Rådmannen tilrådde ei løyving på 50.000 kroner, som næringsfondsstyret samrøystes slutta seg til. Hilde og Jan Olav Hesthaug søkte om ei tilleggsløyving på 370.000 kroner for kombinasjonsbygget som inneheld husvære og serveringslokale. Rådmannen viste til tidlegare løyving på 230.000 kroner og avviste søknaden. Det slutta næringsfondsstyret seg til og viste til same praksis for Juvet landskapshotell. Rempro søkte om 400.000 kroner i samband med at verksemda utviklar eit nytt produkt til oppdrettsføremål. Rådmannen rådde til at Rempro skulle få 200.000 kroner. Det fekk han med seg eit samrøystes næringsfondsstyre på. |
||||||||