Heftig handel på haustmarknad

Kjerull og karamellar fekk fort føter å gå på. Første timen var ikkje gått før somme produsentar måtte ta opp bestilling fordi lageret var tomt.

26. november 2009
Sissel Tiril Rem

Borna stod for miniloppemarknaden med mykje fint. Heile inntekta gjekk til Kirkens Nødhjelp.

– Eg heiter Guro og han Thomas hjelper til, fortel ho som står og sel kremmarhus og små pakkar som kan romme smykke eller godteri.
– Det er mor mi som har laga dei, seier ho før ho må stramme opp medhjelparen som sit og gjespar.
– Er du trøytt allereie?

Lette lopper
Andre høgda i Paktarstova byd på mykje rart. Miniloppemarknaden har alt frå klede og sko, via bøker og leiker til krusty og stearinlys. All inntekt går til Kirkens Nødhjelp.
– Eg kan få alle dei bøkene, seier ein kunde og betalar det loppeseljarane krev, og vil heller ikkje ha vekslepengar fordi dei går til ei god sak.

Foto og film
Ved den store vedomnen heng fotografi og postkort med lokale motiv, tekne av John Kåre Storås. Ingvild Hansen Nystad skriv plakatar om dokumentarfilmen som skal visast to gonger denne ettermiddagen.
– Filmen vart vist i Marocco i førre veke, og i dag er han her, fortel ho.
”Kultur + Landskap = Sant” handlar om kulturlandskapet som har vore forma sidan steinalderen, men som er i ferd med å forsvinne mange stader mellom anna på grunn av attgroing.
– Filmen har ein lang sekvens frå Norddal og Herdalssetra, fortel Ingvild som òg sel dukar og skinn med trykk, laga av henne sjølv og svigermor Anne.

Alt av geit
Bordet til Jostein Sande står midt på golvet og er fullt av pølser, ost og karamellar. Innrykket av kundar er stort straks klokka slår tolv. Før timen er gått, er han lens for varer og må ta opp bestillingar.
Ein kar som har diskutert ysting i førstetasjen, kjem og spør kor mykje mjølk som må til for å lage 1 kg geitost. Han foreslår 16 liter. Jostein Sande fortel at dei brukar 10 liter, men at dei sper på med fløyte for mjølka som reiser av i prosessen.

Heftig handel
– Her var det fullt. Det er berre å vente eller gå andre vegen, seier ei kvinne som snur i døra mellom kjøkken og kammers.
I første etasje er Kirsti Pernille Indreeide tom for kjerull før halvtimen er gått, men ho tek opp bestillingar. Ripsgeleen frå Kapteinshjellane har ho framleis att av, og Per Monrad får ein brødbit med ein smaksrpøve på.
Ved sida av står Synnøve Hollum Relling frå Olegarden med saft av eple og bringebær.
Det er ikkje berre mat å få kjøpt på haustmarknaden. Paul Relling har laga trereiskapar som smultringfangar og ball-sleiv. Unni Bjørnstad sit bak eit bord fylt med smykke.

Pynta pæreglas
På kammerset er det utlodning. Leif Ivar Nerhus Dale sel laks og honning. Melchiorgarden stiller med kjeskinn, spekelår og -mør, kokemør, geiteribbe og kjekjøt, peparkaker, økologisk og usukra eplesaft, bringebærsaft, gele, sylte og kan hende endå meir.
– Kom her skal du sjå, seier Torunn Ljøen og viser fram glasa med hermetiserte pærer.
I staden for å pynte glasa med fargerikt stoff, har ho rive ut sider frå Storfjordnytt og pynta glasa med. Mellom anna ser vi ordføraren på eitt av glasa.
– Det er kjempekjekt, seier ho om marknaden, skryter av lokalet og seier at ho likar å sjå så mange kundar frå hi sida av fjorden.
Marknadsdagen på Paktarstova vart avslutta med ein halv-annan times konsert med Anne Lise Stenvåg og Alfred Nilsen.