|
Det sa dagleg leiar i Fjordhagen, Terese Jemtegård Moen, då ho snakka om reiseliv på årsmøtet til valldalen.no. Med bakgrunn som dagleg leiar for destinasjonsselskapet for reiselivet i Rauland drog ho parallellar til reiselivet på våre kantar. Terese Jemtegård Moen tok til som dagleg leiar ved Fjordhagen i sommar.
I Rauland er det mest aktivitet innan reiselivet på vinteren. Utfordringa deira er å få til meir om sommaren, akkurat motsett av dei utfordringane som finst her.
Ho delte ein del av erfaringane sine med forsamlinga og hadde tenkt litt rundt kva som kan vere ein god veg for næringslivet i Norddal framover med parallellar til Rauland.
Samarbeide
Ein av grunnane til at reiselivet i Rauland har lykkast er at dei ulike aktørane samarbeider om å finansiere viktige fellesgode. I Valldal kan det til dømes vere ein sykkel- og turveg frå fjord til fjell, eit prosjekt valldalen.no er i gang med. Eit anna viktig moment er at ein syter for investorar og næringsliv reinvesterer pengar av overskotet i verksemda.
Det betyr at dei som tener pengar, brukar dei i bygda, sa ho.
Ho har også sett seg ein del inn i planverket til Norddal kommune. Den strategiske næringsplanen er får 2002 og ho kom med ei oppmoding om å rullere planen. Ho meinte det i ein slik plan er viktig å satse på noko målretta, at satsinga er i tråd med andre sine strategiar.
Det er viktig å forsterke kvarandre. Heilårsarbeidsplassar bør vere i fokus. Kva skal vi finne på for at folk skal bruke hyttene og campingvognene sine meir, spurde ho og la til at det er viktig å drage i flokk.
Omdømme
Norddal kommune arbeider for tida mykje med å byggje omdømme, som eit verkty for å tiltrekkje nye innbyggjarar og behalde dei som bur her.
Då er det viktig å yte god service. Eg har mykje positivt å seie om min oppvekst i Valldal. Derfor ville eg gjerne kome tilbake også, sa ho og la til at då er det ikkje positivt for omdømmet at folk ikkje får svar på brev som dei sender til kommunen, noko det tidlegare i møtet hadde kome fram fleire døme på.
Dermed braut diskusjonen laus. Ei av dei som var i salen, meinte at ein må vere innfødd for å kunne verte godt motteken i Norddal.
Ein campingplassdrivar tok opp problemet kring regulering av campingplassane, der det kom krav om ein viss avstand mellom vognene av omsyn til branntryggleik. Ho meinte måten dette var gjort på, var svært uheldig. Dei som driv campingplassane, fekk kort frist på å uttale seg. Møtet med kommunen som dei var lova, vart det ikkje noko av. Heile saka førte til at dei som har vogner her, vart usikre og lurte på om dei skulle flytte. Det oppstod stor misnøye og uvisse mellom alle helgegjestene.
Vi saknar meir avklaring. Det er skremmande dersom halvparten av campingjestene reiser herifrå, sa ho.
Terese Jemtgård Moen kunne utifrå alle uttalane frå salen konstatere at det er stor kommunikasjonssvikt mellom kommunen og næringslivet.
Engasjement
Men det var ikkje berre det offentlege det vart retta søkjelys mot. Fleire etterlyste større engasjement mellom dei som driv i næringa.
Ein kan sprøyte inn så mykje pengar ein vil, men vi må ha nokon som vil. Her er så lite engasjement i forhold til muligheitene. Eg lurer på om vi har det for godt, sa Knut Slinning og viste til engasjementet både i Hjørundfjorden, på Hellesylt og i Rauma.
Vi må ha ein visjon. Folk som bur her, må brenne for det, la han til.
Viktor Valdal var samd i at vi kanskje har det for bra, at det er eit hav av muligheiter som ikkje blir utnytta.
Men det skjer trass i alt mykje, eg meiner at både politikarane og administrasjonen i kommunen vil næringslivet det beste, sa han.
Kjell Arne Valdal meinte det kan vere litt for lett å berre skulde på kommunen, alle må gjere litt for å hjelpe kvarandre. Randi Tafjord sa at ei av årsakene til at dei stifta valldalen.no nettopp var å ha ein organisasjon der dei kunne finne kvarandre
og samarbeide. Ho understreka at vi må våge å unne kvarandre noko.
Vi har det fole bra, men det er viktig med kommunikasjon, sa avtroppande styreleiar i valldalen.no, Stein Inge Rem og takka for oppmøtet.
|
|
|