|
Bibliotekstyrar Sølvi Tafjord er på veg inn med to-tre bøker i handa. Dei har ho henta i ei postkasse like ved etter avtale med ein boklånar. Samstundes har ho lagt andre bøker i same postkassa, bøker som lånaren har ønskt seg, eller Sølvi har anbefalt.
Utlån
Biblioteket i Tafjord vart flytta ned til kjellaren i ungdomshuset ei tid etter at skulen vart nedlagd. Samstundes sytte bygdefolket for å lage det meir sosialt, som ein treffstad med kaffi og vaflar torsdagane når biblioteket er ope, eit tiltak som tydelegvis har vore positivt. Utlånet auka med meir enn 60 prosent.
Det er heilt sikkert på grunn av at vi flytta hit. No er utlånet jamnt bra, seier bibliotekaren.
Wenche Silden kjem innom med ei bok i handa, ei som skulle ha vore levert inn for lenge sidan, som ho har funne att. Det blir prat om bøker. Sølvi sit akkurat og legg plastbrede kring nye bøker som er komne inn.
Dette er vel ei bok for deg, seier ho til Wenche og viser
fram Karita Bekkemellem si nyleg utkomne bok “Mitt røde hjerte”.
Wenche tek imot og låner boka. Samstundes ber ho Sølvi ringe og seie frå dersom det er mange i kø som vil låne denne boka.
Eg må vel lese ho, eg kan ikkje låne berre slike lågkulturelle, seier ho og legg til at ho synest godt om bøkene til Frid Ingulstad, sjølv om dei ikkje vert sett på akkurat som høgverdig litteratur.
Det er viktig å ha bøker som folk vil lese. Vi skal ikkje vere dommarar over folk sine val av litteratur, seier Sølvi.
Ei anna ny bok som nettopp er komen inn, er det allereie venteliste på. Det er “Skynd deg å elske”, skriven av Laila Lanes, kona til tidlegare fiskerminister Henry T. Olsen, som er råka av Alzheimers i forholdsvis ung alder.
Det er ei god bok. Eg las ho ut på ei lita kveldsstund, seier Sølvi.
Postkasse
Somme har ikkje høve til å kome seg på biblioteket. Då har dei ei ordning med å bruke postkassene, eller Sølvi leverer og hentar bøker på døra.
Det må vere såpass service i ei lite bygd, når dei argaste lånarane ikkje kjem seg hit, seier Sølvi som synest det er kjekt når folk spør etter konkrete bøker.
Om dei ikkje har boka i samlinga i Tafjord, kan ho skaffe, anten frå hovudbiblioteket i Valldal eller frå andre stader over heile landet, Oslo, Bergen, Ålesund eller Mo i Rana.
Å låne bøker er heilt gratis. No har dei fått systemet over på data, noko som har forenkla tenesta stort.
Lydbøker har vort svært populært, einaste ulempa er at dei vert så fort øydelagde. CD-ane har ein tendens til å verte skadde når dei er mykje i bruk, eller folk kan gløyme å leggje ved ein av CD-ane, dermed er heile boka øydelagd. Dei prøver å kontrollere at alle platene er med når lydboka vert levert inn.
Sølvi har større tru på dei nyaste lydbøkene, digitalbøker, der du må kople til høyretele-fonar og batteri sjølv.
Låne og levere
Den utsende frå Storfjordnytt vert freista til å låne eit par bøker og tenkjer at det er ikkje noko problem å stikke inn att til Tafjord for å levere dei, men det trengs ikkje.
Du kan låne bøker på den avdelinga du vil i kommunen, og levere dei inn der du vil.
Sist torsdag var det mange som fann vegen til kjellaren i ungdomshuset og vaflane fekk tenner å gå på.
|
|
|