Eit attersyn med 1989-årgangen

– Vi var då alle så mykje yngre for 20 år sidan, seier Ingrid Løset og ler og ser på bilde av både seg sjølv og mange andre i 1989-årgangen av Storfjordnytt.

30. november 2009
Randi Flø

Eit par timar er for kort tid når ein skal bla gjennom ein årgang av Storfjordnytt saman med Ingrid Løset. Ho var aktiv på mange frontar den tida i tillegg til å vere ordførar i Stordal.

Ingrid Løset var ordførar i Stordal den gongen. Vi tek med oss 89-årgangen av avisa, blar gjennom og lèt henne kommentere. I januar dette året gjorde formannskapet i Stordal, som også den gongen var tiltaksnemnd, vedtak om å løyve pengar, slik at Storfjordnytt kunne få ein journalist i halv stilling i Stordal. Signala frå møbelindustreien var også positive. Ser vi på aksjepostane frå 1989, viser det seg at fleire bedrifter i Stordal kjøpte aksjar, også kommunen.
Damene på volleyballaget i Stordal stilte villig opp og verva abonnentar mot å få ein viss sum for kvar av dei.

Spalte
Ordførar i Norddal, Arne Sandnes, hadde ei fast spalte i Storfjordnytt, kalla ”Perspektiv og paradoks”. Også stordalsordføraren fekk si eiga spalte då Stordal kom med. Eit lett oversyn viser at her tok ho opp mykje av det som rørte seg i samfunnet. Eitt av innlegga handla om forsking på genar. Ho viste til eit amerikansk firma som hadde søkt patent på ei ny mus. Ho var større enn alle andre mus og hadde i tillegg til eigne også genar frå menneske. Ingrid uttrykte bekymring for utviklinga, også med tanke på EF sitt patentdirektiv.
Ho hugsar at ho skreiv, men slett ikkje alle innlegga, men dette om supermusa hugsar ho og synest framleis det er skummelt å tukle med naturen. Det kan kome ut av kontroll. På denne tida var ho også vara til Stortinget, der ho møtte nokre gonger.
Legesituasjonen
I mars er det ein lengre artikkel om legesituasjonen i Stordal. To turnuskandidatar som ikkje fekk jobb i kommunen, hadde uttrykt sterk misnøye i Sunnmørsposten over måten dei hadde vorte behandla på. Stordal fekk karakteristikken firkantkommune. I Storfjordnytt får både rådmann og politikarar forklare bakgrunnen for at dei sa nei. Turnuskandidatane hadde nemleg kome med sterke krav mot kommunen, mellom anna krav om barnehageplass til ein unge under to år. Stordal hadde på denne tida berre barnehageplassar for ungar mellom tre og seks år. Krava gjekk også på dette med mindre vakt og betre løn.
– Vi var ikkje budde på å ta imot slike krav om garantiar og vaktdeling. Det var eit reelt problem med mangel på legar, seier Ingrid og legg til at no er dei svært tilfreds med legedekninga og legen i Stordal.
– Eg får berre håpe han blir her.

Helselaget
– Nei, sjå dei, det var artig, seier Ingrid og studerer bildet som er teke i samband med Stordal helselag sitt 75-årsjubileum. Det er ikkje mange igjen av dei.
– Det var litt av eit arbeid dei hadde føre seg. Dei starta seksårsklubben, dei gav økonomisk tilskot til aldersheimen to gonger. Det er ikkje noko lite bidrag helselaget har kome med for å skape trivsel og framsteg i Stordal, seier ho og legg til at det var Nelly Tøsse, mora til dagens ordførar, som var formann den gongen, og då heitte det ikkje det kjønnsnøytrale leiar.
Ein artikkel handlar om at Stordal Røde Kors Hjelpekorps har teke på seg hovudansvaret for å krevje inn parkeringsavgift på Overøye, med bilde av Kjell Søvik. Ingrid fortel om eit gjørmehol vårane der det til tider var svært kaotisk parkering. Dei parkeringsansvarlege fekk to tredeler av kvar tikroning det kosta per bil.
Favorittpåsketuren min har fire stordalingar fått svare på. Svenn Tore Busengdal berre må ha med seg turen på Ørastolen. Torill Sandvik Flo hadde tradisjon med å reise på Vossajazz. ”Stolen. Eg må kjenne at eg sveittar og at fregnene kjem,” seier Åsmund S. Larsen, medan Magda Staurset ønskjer seg til hytta ikkje langt frå Måsvassbu i Romsdal.

Sakna
Ingrid blar seg fram til avisa som kom ut 9. juni. På framsida står det ei sak om ein sakna 16-åring i Stordal.
– Det er den saka som har følgd meg mest, ei sak som opptok oss. Det er noko som framleis ligg over bygda. Vi har enno ikkje fått greie på kva som skjedde. Det hadde vore greitt å få eit svar, seier Ingrid.
Det var den 16 år gamle Tor Inge Øie som vart meldt sakna, det vart leita etter han over alt. Men gåta ligg der framleis. Saka blir følgd opp seinare også.

To sider
Ikkje ofte vart det spandert to sider i ei avis om same saka, men det skjedde då Rosekyrkja feira 200 år. Her var det prominente gjester og heile bygda tok del.
Vi kjem fram på eit stykke om arbeidet med Norddalsbura.
– Ja, den jobba vi mykje med. Ho har ikkje kome enno, men hadde vore fin å ha, er kommentaren frå gamleordføraren.
Ut i september har Storfjordnytt ein faksimle frå VG, som fortel om Heidi som den einaste arbeidsledige i Stordal. Ingrid Løset fortel om ein møbelindustri som gjekk så det susa, med framimot 100 personar som pendla inn til bygda på arbeid. I mai dette året var det 55 tilsette ved Aarflot Møbler, Stordal Møbler hadde 53 i Stordal og 17 i Eidsdal, ved Hove var det 105 tilsette, ved Helland 55 og Pedro hadde 75 tilsette.
Ho er bekymra for det som skjer med den forholdsvis store arbeidsløysa no, men håper sjølvsagt det skal rette seg for indistrien. Kommunen er svært avhengig av at det går godt, kommunen slit med skatteinntektene.
– Om vi får ein vesentleg skattesvikt, står velferdstilbodet i fare, seier ho og legg til at Stordal kommune har gode tenester. I tillegg til å jobbe heime på garden, jobbar ho også i den kommunale omsorgen.
Under tittelen ”Stor budsjettsemje i Stordal” finn vi ein artikkel om det vedtekne budsjettet for komande år i siste utgåve før jul. Her viser ordførar Løset til at Stordal er ein av dei tre kommunane i Møre og Romsdal som hadde auke i skatteinngangen, Stordal hadde faktisk størst auke av alle. Ho roste eit aktivt næringsliv som la grunnlaget for denne auken.
På dette møtet kunne dei også feire at første band av bygdeboka for Stordal var ferdig, ført i pennen av Jostein Sande som sa: ”Eit folk utan fortid er eit folk utan framtid.”