|
Det tok ikkje lange tida frå tanken om eit handelslag var sådd til stordalingane hadde fått S/L Stordal handelslag opp og gå. Frå 19091911 var det Lisa-stova som husa laget. Sidan den gong har dei ikkje flytta så mange gongene før dei slo seg ned i eige bygg i byrjinga av 1960.
Ny styrar
Butikken har sidan den gong blitt utvida både bakover og nedover før dei i 2006 totalrenoverte heile butikken. I dag er butikken moderne og oversiktleg.
Vi har fått mange og gode tilbakemeldingar på at butikken er oversiktleg og grei, seier styrar Per Ivar Skodjereite.
Han har vore styrar der i ein femårsperiode og vil når det nye året kjem, arbeide som butikkmedarbeidar i halv stilling. Då vil Birgit Innselset ta over som styrar. Ho arbeider i dag på Coop på Stranda og er dotter av den ikkje ukjende Knut Innselset som var styrar i Stordal Handelslag i ei årekkje og jobba der endå lenger.
Stort vareutval
Når du ruslar rundt i butikken til Coop i Stordal, er det eit stort vareutval som møter deg. Her finn du i tillegg til mat og hushaldningsartiklar, måling, skismurning, vimplar og flagg, reiskapar, kjøkkenutstyr, verktøy, elektriske artiklar, spadar, fiskestenger, leiker, pynt, sengesett, handdukar og strikkegarn med oppskrifter.
Eit stort vareutval krev sitt, men det er eit stort pluss å kunne tilby kundane det, seier Per Ivar Skodjereite, og legg til at omsetninga er også bra.
Medan han har vore styrar, har det vore ei jamn stigning i omsetninga kvart år.
Held stand
Det er klart ein merkar presset frå store kjøpesentra, men vi har flink og rutinert betjening. Dei gir kundane den servicen dei ønskjer, og mange synest framleis det er eit stykke til byen, seier er travel styrar.
Det er jubileum denne veka og mykje som skal på plass.
Vi skal gi kundane våre nokre skikkeleg gode tilbod, kaffi og kaker, eit flott jubileumshefte og bilete frå historia vår. Jubileumsheftet er det Stordal sogelag som har stått for, eit utmerkt samarbeid har dei hatt. Dette er ei travel tid, sjølv utan jubileum, men vi gler oss, sjølvsagt, seier Per Ivar Skodjereite med eit smil.
Bra stor arbeidsplass
I dag er dei om lag ti tilsette, alt frå nokre timar i veka og til fast tilsette i full stilling. Etter totalrenoveringa i 2006 er også drifta blitt rasjonalisert. Behovet for tilsette gjekk dermed ned.
Same året fusjonerte dei med Coop Møre og frå 1. januar 2008 gikk dei inn i Coop Orkla Møre. Det er det tredje største samvirkelaget i Norge og strekkjer seg frå Ørlandet i nord til Hellesylt i sør.
Halvt bonde
No skal Per Ivar Skodjereite gjere frå seg julehandelen. På nyåret vert det eit anna tilvære. Når han ikkje arbeider på
Coop-en skal han vere bonde på Løset.
Eg har hatt ei interessant og triveleg tid her som styrar. No er den tida over og eg gler meg til dei nye utfordringane som kjem, seier han og forsvinn mellom reolane.
|
|
|