Samstemte signal

Naboane til bedehuset er samstemte om kvar dei meiner innkøyringa og tilkomstvegen til husa deira før vere.

3. desember 2009
Sissel Tiril Rem

Strekninga mellom den nye skulevegen og sentrum er trafikkfarleg. Gang- og sykkelveg er planlagt der avkøyrslene til eigedomane er i dag.

Måndag møtte planutvalet dei som bur ved bedehuset til synfaring om ny tilkomstveg og gang- og sykkelveg..

Tilkomst bak husa
Oppsitjarane gav signal om kva løysing dei meiner er best. Når det gjeld ny tilkomst til husa, er dei samde om at dagens avkøyring vest for det gamle våningshuset på garden, er best.
Det vil seie at dei går for eit framlegg som Øystein Klempe teikna i 2004, med små justeringar. Dette kjem heller ikkje i konflikt med tomta der Karl Jostein Rødset har planar om å byggje hus.

Gang- og sykkelveg
Ein gang- og sykkelveg er planlagd på høgresida frå avkøyrsla og fram til den nye skulevegen. Det vil seie at dei som bur langs riksvegen, misser dei gamle avkøyrslene og litt av hagane sine til denne vegen.
Framfor bedehuset må kommunen og vegvesenet ta omsyn til både vass- og septiktank i grunnen. Aslaug Smoge var òg bekymra for om vegen kjem til å øydelegge trappa. Til det sa kommuneadministrasjonen at trappa kan bli mindre.

Felles veg
Oppsitjarane var skeptiske til å misse deler av hagane sine. Slik som vi tolka det som vart sagt, ville dei heller ha hatt gang- og sykkelveg saman med tilkomstvegen på baksida av eigedomane.
Karl Jostein Rødset seier at han har tilbode kommunen å bruke vegen gjennom campingplassen til gang- og sykkelveg. Då måtte dagens gangveg som sluttar ved VTS, bli forlenga forbi den gamle saga.

– Færre avkøyrsler
Representanten for barn og unge i planutvalet, Kristi Linge Stakkestad, meiner at gangvegen bør liggje på oversida av riksvegen for å knyte saman skulevegen, bedehuset og sentrum. Ho meiner likevel at gangvegen som endar ved VTS bør forlengjast til Elvebakken camping. Ho peikte òg på at det må bli færrast mogleg avkøyrsler, sidan dei skaper trafikkfarlege situasjonar, særleg om dei kryssar gang- og sykkelvegar.

Framdrift
Planutvalet bad administrasjonen fremje justert framlegg til reguleringsplan etter synspunkta som kom fram på synfaringa.
Rådmann Stig Holmstrøm sa at dette er ein uvanleg måte å gjere det på, men at dei hadde trong for å få lufta framlegga med oppsitjarane sidan saka har gått att og fram i mange år.
På synfaringa opplyste ordførar Bjørn Inge Ruset at planutvalet ville gjere eit vedtak som skulle leggjast ut på høyring alt no.
– Det var feil, presiserer ordførar Bjørn Inge Ruset på telefon til Storfjordnytt dagen derpå.