Dataparty døgnet rundt

I helga vart det arrangert såkalla LAN-party i grendasalen i Stordalshallen. Med om lag 35 påmelde deltakarar kopla opp i nettverk, var det speling og konkurransar døgnet rundt frå fredag kveld til midt på dag søndag.

10. desember 2009
John Kristian Hjellel

Konsentrerte om spelinga. Frå venstre Espen Skrede Vad, Ole Øyvind Hjelle, Jørgen Vinje Tøsse og Kristoffer Nitter Joranger.

Det var nok fleire som tykte det var godt å legge seg nedpå søndag. Det vart litt lite søvn på mange i løpet av helga.

SINUS-LAN, som arrangementet vert kalla, vert arrangert av Stordal ungdomsklubb, og er for ungdom frå 8. klasse og til 20 år. I forkant hadde arrangørane laga til ei eiga heimeside med informasjon og moglegheit for påmelding. Foreldre til ungdommane var til stades som vakter heile tida, og stod samstundes for kiosksal.
I grendasalen var datamaskinene kopla opp i nettverk. På eit lerret vart det vist både informasjon, bilete frå det som gjekk føre seg på datamaskinene, og innimellom litt film til avveksling frå spelinga.

Det var tilrettelagt med matter slik at ein kunne legge seg nedpå litt, og Stordalshallen var open slik at ein kunne røyve litt på seg inn i mellom. Enkelte tok seg også ein snartur innom senga heime før dei stilte på ei ny økt.
Arrangørane hadde skaffa sponsa premiar til vinnarar av konkurransane, alt frå spesielle datamus for speling til gåvekort på klesbutikk. Det var mange som deltok i desse konkurransane.

Deltakarane var hovudsakleg frå Stordal og Ørskog.