|
Mange gode song- og musikkrefter hadde sett saman eit innhaldsrikt og fint program til konserten i Geiranger kyrkje. Jårångskoret var friskt til stades med mange fine songar.
Lokale krefter
Songarane i Jårångskoret ser ut som om dei kosar seg med det dei driv med, og det smittar. Carolin og Gunnar Inge Eide er musikalske krefter som er med på det aller meste. Og dei legg til rette for dei som treng det.
Etter at koret hadde tatt nokre nummer spelte Silje Westerås kornett, ei lita jente som beherskar instrumentet sitt og som ein heilt sikkert får høyre meir til. Ho var eigentleg ein del av ei blåsegruppe frå Eidsdal musikkorps som skulle spele, men alle dei andre var bortreiste, så ho gjorde det like greit åleine. Men elles var Eidsdal godt representert i kyrkja i Geiranger.
Samstemte
Geirangerjentene Hilde, Hanne- Siri og Tone er tre stemmer som har sunge mykje saman i det siste. Dei hadde fleire nummer med fin samstemd song. I eitt av dei la dei frå seg mikrofonane, noko som fungerte veldig bra i kyrkja i Geiranger.
Carolin Eide spelte på kyrkjeorgelet, eit orgel dei har stifta eit fond for å bli kvitt. Det kosta ingen ting å kome inn på julekonserten, men ein kollekt til fondet for nytt orgel var det.
Det var eit fyldig program. Så om det var mørkt når det starta, var det enda mørkere då konserten var over.
|