Norddalsstranda prioritert

Eit einstemmig fylkesting gjekk tysdag inn for å prioritere rassikring av Norddalsstranda.

10. desember 2009
Britt Ingunn Maurstad

Fylkestinget vil prioritere rassikring mellom Eidsdal og Norddal.

– Dette er ein milepåle. No er det realistisk å få til rassikring av vegen. Utan prioritert plass, ville det vore vanskeleg å gå vidare med arbeidet, seier Bjørn Inge Ruset.
Han legg til at dette har vore ei utfordrande sak og at han er svært glad for fylkestinget si avgjerd i saka.
Fylkestinget si prioritering er heilt i tråd med signala som har kome frå regjeringa, med auka løyvingar til rassikring av vegar. Sjølv om ein no har kome eit steg vidare, så er det viktig å merke seg at arbeidet med å rassikre vegen vil ta tid.
– No er det viktig at ein gjer tinga i rett rekkefølge slik at prosjektet ikkje stoppar opp av feil sakshandsaming, seier Ruset.