|
Tysdag morgon stod maskinene der, klare til å ta fatt på arbeidet, men ingen folk var å sjå. Denne stien som skulle lagast til att, har i ei tid no vore gjenstand for diskusjon og har også blitt ”advokatmat”. Det er advokaten til Ove Vegard Selboskar som har kravd stopp i arbeidet.
Er det ikkje bra at kommunen no startar arbeidet med å setje i stand stien då?
I og for seg er det greit, men eg skal godkjenne planane før dei gjer noko som helst, seier Ove Vegard Selboskar.
To saker
Disputten i Fjørå omhandlar eigentleg to ulike saker, men det er Selboskar sin sti som har kome mest i fokus den siste tida. For dei som ikkje kjenner saka frå før, er bakgrunnen for diskusjonen at Selboskar meiner at Norddal kommune urettmessig har tatt seg til rette på hans eigedom, i og med at han sette som vilkår for grunnavståinga at dersom det vart vanskeleg å oppretthalde stien, så skulle anleggsarbeida avsluttast aust for stien.
Vegvesenet stoppa arbeida sine etter avtalen, men likevel har delar av stien blitt sprengt vekk. Selboskar meiner at grunnen er hans og at kommunen derfor har teke seg til rette på hans eigendom. Stien, som har vore nytta både som beiteveg og som adkomst til hytter, vart erstatta med ei trapp, men no skal altså stien setjast i stand att.
Ingen sakleg grunn
Rådmann Stig Holmstrøm seier at grunnen det er snakk om, er del av det arealet som Statens vegvesen kjøpte av Selboskar.
Det har heile tida vore meininga at stien skal setjast i stand att, men at planane først måtte godkjennast av Statens vegvesen som er grunneigar, seier rådmannen, som legg til at Selboskar sjølvsagt kan be om å få planen framlagt frå vegvesenet dersom han ynskjer det.
Kva no med anleggsarbeidet?
Anleggsarbeidet kjem til å starte opp att snarast råd, i og med at Selboskar ikkje har nokon sakleg grunn til for å krevje stopp i arbeidet, seier Holmstrøm.
Det som har skapt mest frustrasjon for Selboskar, er at kommunen ikkje svarer på brev dei får. Advokaten hans har klaga saka inn for Fylkesmannen.
Men heller ikkje Fylkesmannen sine brev der kommunen blir beden om å gjere kjend for Selboskar kva for heimelsgrunnlag kommunen har for å gjennomføre tiltaka, har kommunen tatt seg bryet med å svare på, seier Selboskar.
Det vil seie, kommunen har etter fleire purringar sendt Fylkesmannen eit brev, men utan å svare på dei spørsmåla Fylkesmannen stiller, legg han til.
Advokat Asbjørn Skotte, som representerer Selboskar i denne saka, seier det kan tyde på at Norddal kommune ynskjer å teie i hel saka.
Selboskar oppfattar kommunen sin manglande respons på førespurnadene dei har fått både frå han og frå Fylkesmannen som arrogant, og ikkje i samsvar med verken forvaltningslova eller normal folkeskikk. Han seier det er denne arrogansen som i hovudsak har skapt frustrasjonen han føler.
Tenk så mykje som kunne ha vore løyst dersom det hadde vore mogleg å snakke saman, seier han.
Vil gå til sak
Advokat Skotte har informert kommunen om at hans klient vil gå til sak viss saka ikkje no får ei løysing.
Dersom kommunen ikkje i svært nær framtid kan legge fram ein plan for korleis dei har tenkt å setje i stand stien og samstundes svare på dei spørsmåla Fylkesmannen har stilt, så vil stevning bli sendt Sunnmøre tingrett, seier Skotte.
Selboskar må sjølvsagt gjere det han synest han må, men eg står fast på at Norddal kommune har sitt på det tørre i denne saka, seier Stig Holmstrøm, som legg til at han synest kommunikasjonen i saka har vore grei.
På spørsmål om kva som må til for å løyse floken, seier Ove Vegard Selboskar:
Eg vil sjå ein plan for korleis stien er tenkt gjenoppretta, for det er viktig for meg å sikre at han blir like funksjonell som han var, særleg med tanke på å frakte sauer til og frå beite. Når eg har sett og godkjent planen for stien og kommunen har svara på Fylkesmannen sine spørsmål, då er saka nær løyst for mitt vedkomande, seier han.
Ordførar Bjørn Inge Ruset seier i ein kommentar at det heile tida har vore planen å stelle til att stien, men at kommunen i alle høve elles har handla i tråd med gjeldande reguleringsplan for området og soleis har retten på si side når det kjem til spørsmålet om grunnen.
Området ved saga
Det er ikkje berre Selboskar som slit med å få svar på spørsmåla sine i høve utbetringa av fylkesvegen. Kåre Nerhagen er opptatt av området i sentrum, rundt saga, der vegvesenet har laga ei støttefylling mot muren til den opphavlege vegen.
Nerhagen har heile tida vore oppteken av at dei få flate areala som finst i bygda i størst mogleg grad skal takast vare på.
Området nede i sentrum er tenkt tillaga som friluftsområde med mellom anna småbåthamn, forhåpentlegvis til glede for både bygdefolk og tilreisande, seier han.
Då planane for nyvegen låg føre, kontakta han vegvesenet for å forsøke å kome til ei løysing for dette området som både vegvesenet og han kunne leve med. Det var det liten interesse for, og derfor vart det i staden ei synfaring på staden saman med verksemdsleiar Yngve Hovden og ordføraren.
Desse to hadde forståing for synspunkta, og vi vart samde om kor langt ut støttefyllinga skulle gå. Både verksemdsleiar og ordførar lova at slik skulle det bli. På grunnlag av denne lovnaden skreiv eg under på grunnervervskontrakten med vegvesenet, fortel Nerhagen.
Han seier at skuffelsen var stor då han såg resultatet av arbeidet som var gjort, og at det på ingen måte var i tråd med lovnadene han fekk.
Heller ingen svar
Han har i brevs form undra seg over kvar det svikta, om det har vore manglande kommunikasjon mellom kommunen og vegvesenet, eller om han rett og slett ikkje kan stole på lovnader som kjem frå den kanten. Heller ikkje Nerhagen har fått noko svar på sine spørsmål i saka.
Fyllinga er blitt for stor, slik at det ikkje er mykje att av vegen ned til det som skal bli småbåthamn. Dessutan er ikkje avkøyringa frå fylkesvegen i samsvar med planane. I tillegg har den lova asfalteringa av vegen ned mot småbåthamna førebels ikkje blitt utført, seier han.
Advokat Skotte som også representerer Nerhagen, er klar på at i dette høvet må vegvesenet anten gjere området i sentrum ferdig slik det fremgår av anbodspapira, eller så må dei betale erstatning til Nerhagen slik at han kan leige folk til å gjere arbeidet. Han har derfor gått til sak mot Statens vegvesen.
Ikkje vanskelege
Både Selboskar og Nerhagen vil presisere at dei ikkje ynskjer å framstå som kranglete og vanskelege.
Men det må vere lov å seie frå når ein føler seg dårlig behandla, seier dei, og vonar at ein i begge sakene kan finne ei løysing som alle partar kan leve med.
Blir det slik at vi må blande inn rettsapparatet for å finne ei slik løysing, så skal vi no tole det også, seier dei, sjølv om dei helst hadde sett at dei slapp det.
|
|
|