Rett i fella

Torsdag kveld i førre veke gjekk ei tispe på 8 kg i jervebåsen som er sett opp i øvre Valldal.

22. desember 2009
Alfred Nilsen

Oppsynsmann i statens naturoppsyn, Thomas Rødstøl, skal registrere og ta prøvar av jerven som gjekk i fella i Øvre Valldal sist Torsdag.

Framme i Valldal er det sett opp to jervbåser i regi av Valldal og Fjørå sau og geit. Lars Grønningsæter fekk seg ei overrasking då han torsdag kveld skulle sjekke fella.

Strenge reglar
Dei to jervebåsane i Valldal har vore aktive på tredje sesongen. I fjor hadde Valldal og Fjørå sau og geit kurs i jervejakt. Dei vil gjerne redusere mengda av jerv i området. Fire løyve er gitt i dette området.
– Fellene skal vere laga og plassert etter forskriftene. Dei skal sjekkast to gonger i døgnet, så det er ein heil del arbeid med denne forma for fangst også. Det er ikkje tatt mange jerv i feller, kan oppsynsmann i Statens naturoppsyn, Thomas Rødstøl fortelje. Han kom frå Åndalsnes fredag for å registrere dyret, ta prøver og anna i tillegg til å kontrollere fella og papira til Lars Grønningsæter. Alt skal vere i orden og ein logg skal ligge føre.

Solide jervebåsar
I fylket er om lag 15 fangstbåsar som er sette ut. To av dei er i Norddal kommune. Fangstbåsane skal vere godkjende og ei av fellene i Valldal er det Lars Indreeide som har laga.
– Etter den første jobben er det kome fleire bestilingar, både frå Stordal og lengre nord i fylket, seier han.
Dei skal setjast saman uten bruk av spikar, så desse er lafta.
Lars Grønningsæter fortel at dei legg åte rundt fella fyrst. Etter ei stund fjernar dei åta slik at det berre er det i fella som er att. Jerven er sky, men likevel nysgjerrig. Det har vore
aktivitet tidlegare rundt båsen, men på det tidspunkt var han ikkje aktivert og jerven var freda. Så langt fram i dalen er ikkje jerv eit så sjeldant syn.
Lars Grønningsæter har sett dyre ved fleire høve. Denne tispa meinte han å ha observert i Steindalen i oktober. Torsdag kveld då han kom til jervebåsen var det eit skikkeleg leven og det ville dyret slo seg ikkje til ro før det vart avliva med ei hagle.

Endar på hylla
No er livet over for denne tispa og oppsynsmannen måler og veg, tar vevsprøvar og merkar dyret med ein microchip etter å ha kontrollert at det ikkje er sånt noko i dyret frå før.
Det er også strenge reglar for korleis dyret skal handsamast vidare av preparant. For ofte blir dei stoppa ut om dei ikkje skal brukast til forskning.
Dei som driv med registrening av rovdyr, jobbar heile året med å kartleggje dyra. Dei tar dritprøvar som det vert tatt dna-prøvar av, så denne tispa har dei kanskje allereie i registeret sitt.