Meir løn til ordføraren

Ordførargodtgjersla og auka løyving til soknerådet vart diskusjonstema i budsjettdebatten i Stordal.

22. desember 2009
Britt Ingunn Maurstad

Ordførar Charles Tøsse starta kommunestyremøtet onsdag med å orientere forsamlinga om at Stordal er blitt kåra til årets ungdomskommune i Møre og Romsdal samt at Stordal skule i vår hadde landets beste avgangsresultata blant 10. klassingane.
Ordføraren orienterte vidare om referatsakene, og fekk kommentarar til eit par av dei.

– Må be om møte
Når det gjeld saka som har vore ute på høyring, med spørsmål om soknepresten skal lokaliserast i Stordal eller Ørskog kommune, seier Ole Johan Vidhammer (Ap) at det ikkje er nok berre å sende eit skriv om dette til bispedømmerådet, men at ein må be om eit møte og argumentere for kvifor presten skal vere busett i Stordal.
– Det er rimeleg at prosten er busett i Ørskog kommune, men at det då bør vere like rimeleg at soknepresten er busett i Stordal kommune, seier han. Vidhammer foreslår at ein allierer seg med nabokommunane om eit samla syn som kan støtte Stordal i denne saka. For som han seier, skal ein ha samarbeid med Ørskog, noko ein skal og bør ha, så må begge partar gje og ta litt.

Gang- og sykkelveg
46 gang- og sykkelvegprosjekt er prioritert i Møre og Romsdal. I snitt er det løyvt 4,6 millionar kroner til gang- og sykkelstiar i heile fylket.
– I Stordal greidde vi å få gang- og sykkelstiprosjektet inn på prioriteringslista, men det er viktig at ein i fellesskap synleggjer politisk vilje til prosjektet og arbeider fram ein reguleringsplan, sa Tøsse og understreka at sjølv om prosjektet no er inne i systemet, så vil det gå nokre år før det kan realiserast.

Budsjettet
Når det gjeld handsaminga av budsjettet for 2010, var det enkelte punkt som var gjenstand for diskusjon. Sjølv om partigruppene i hovudsak rosa administrasjon og formannskap for eit godt budsjett som gjer at kommunen kan halde same tenestenivå som i inneverande år, vart det påpeikt av fleire at ein i dei neste budsjetta nok må rekne med å stramme inn.
Ole Johan Vidhammer hadde nokre kommentarar til budsjettet. Den første omhandla dei med nedsatt funksjonsevne. Etter hans meining er ergoterapitenesta i ferd med å gå i oppløysing og må bringast i faste former. Fysioterapitilbodet burde vere meir omfattande, i tillegg til ei rekkje andre mindre tiltak som er viktige for folk med nedsatt funksjonsevne. Mellom anna var han ikkje imponert over kommunen si fart i arbeidet med døropnarar i Stordalshallen, noko han reknar med kan handsamast noko smidigare i framtida.
Det andre punktet han kommenterte, var overføringane til soknerådet.
– Det er lite tilfredsstillande at kyrkja blir ein salderingspost i budsjettsamanhang, sa han, og foreslo at ein løyver 50.000 kroner meir til soknerådet til drift av kyrkja.
Vidhammer kommenterte også framlegget om at ordføraren sitt honorar skal tilsvare 100 prosent av rådmannen sin lønn.
– Å vere ordførar ikkje er noko stilling. Å vere ordførar er eit verv, noko du blir valt til, seier han og etterlyser ei grunngjeving for at vesle Stordal skal ha ein ordførar i ein stillingsprosent som svarar til ein rådmann.
Han understrekar også at ein må tenkje på dei signala ein no sender ut når ein elles manar til nøysemd og at ein derfor bør halde seg til dei honorara som har vore, og kom derfor med framlegg om å halde godtgjersla til ordføraren på same nivå som no.
Det var fleire enn Vidhammer som kommenterte framlegget om godtgjersle til ordføraren. Jonas Falch (Frp) sa han hadde vore i tvil i denne saka, men hadde landa på at det er rett det framlegget som ligg føre.

Opna for auke
I svaret sitt til Vidhammer sa Tøsse at det i 2003 vart gjort vedtak om ein godtgjering til ordføraren på minst 80 prosent av rådmannsløna, og at vedtaket den gongen opna for ein auke, og at det no er rom for det i budsjettet.
Når det gjeld ergo- og fysioterapi, orienterte Lars Joranger om kva kommunen gjer med dette. Han var klar på at ein må ha eit samarbeid med nabokommunane om disse stillingane. Rådmann Torbjørn Emblem kunne love at døropnarar og anna småtteri som Vidhammer etterlyste, vil bli gripe fatt i.
Når det gjaldt ekstra løyving til soknerådet, så kom det framlegg frå rådmannen om kvar dei midlane kunne takast frå. Framlegget frå Vidhammer om ei ekstra løyving på 50.000 til soknerådet vart teke inn i budsjettframlegget.
Punktvis
Etter eit kort gruppemøte, var det klart for å stemme over budsjettet. Det var først ein punktvis avstemning og så ein samla avstemning.
Ole Johan Vidhammer sitt framlegg om å halde godtgjersla for ordføraren på same nivå som i år, fall med stemmetal 13-2 i favør formannskapet si tilråding.
Ole Johan Vidhammer sitt framlegg om å løyve 871.000 kroner i staden for 821.000 kroner til soknerådet, der reservefondet vart redusert tilsvarande, vart vedtatt.
Elles vart budsjettet slik det låg føre, vedtatt.
I dei andre sakene på sakslista vart rådmannen sine innstillingar einstemmig vedtekne.

Julemiddag
Kommunestyremøtet vart avslutta med julemiddag på Nilsgardstunet, der Maria Holand Tøsse underheldt med vakker song.
Ordføraren orienterte om dei ulike aktivitetane som vil gå føre seg i jula i regi av “Barnas kommune”.