|
Storfordnytt
Nr. 48 tysdag 22. desember
Rett i fella
Torsdag kveld i førre veke gjekk ei tispe på 8 kg i jervebåsen som er sett opp i øvre Valldal. Les meir
Meir løn til ordføraren
Ordførargodtgjersla og auka løyving til soknerådet vart diskusjonstema i budsjettdebatten i Stordal.
Les meir
Storfordnytt
Nr. 47 torsdag 17. desember
Nært og lokalt
Ein stille og roleg laurdags ettermiddag i Geiranger gikk ein jamn straum av folk inn i kyrkja.
Les meir
Anleggsarbeid stoppa
Måndag kveld var anleggsmaskiner nok ein gong på plass i Fjørå. Målet var å starte arbeidet med å setje i stand ein sti som har blitt skadd under arbeidet med utvidinga av fv 92.
Les meir
Storfordnytt
Nr. 46 torsdag 10. desember
Dataparty døgnet rundt
I helga vart det arrangert såkalla LAN-party i grendasalen i Stordalshallen. Med om lag 35 påmelde deltakarar kopla opp i nettverk, var det speling og konkurransar døgnet rundt frå fredag kveld til midt på dag søndag.
Les meir
Norddalsstranda prioritert
Eit einstemmig fylkesting gjekk tysdag inn for å prioritere rassikring av Norddalsstranda.
Les meir
Storfordnytt
Nr. 45 torsdag 3. desember
Samstemte signal
Naboane til bedehuset er samstemte om kvar dei meiner innkøyringa og tilkomstvegen til husa deira før vere.
Les meir
Handelslag i 100 år
I 2006 vart butikken til Handelslaget i Stordal totalrenovert. Han har alltid vore sentralt plassert i sentrum av Stordal sidan oppstarten for over 100 år sidan. Denne veka markerer dei 100-årsjubileet.
Les meir
Storfordnytt
Nr. 44 laurdag 28. november
Eit attersyn med 1989-årgangen
Vi var då alle så mykje yngre for 20 år sidan, seier Ingrid Løset og ler og ser på bilde av både seg sjølv og mange andre i 1989-årgangen av Storfjordnytt.
Les meir
Bøker, vaflar og kaffi
Det lyser i kjellaren i ungdomshuset i Tafjord. Det er torsdag kveld.
Les meir
Storfjordnytt
Nr. 43 torsdag 26. november
Heftig handel på haustmarknad
Kjerull og karamellar fekk fort føter å gå på. Første timen var ikkje gått før somme produsentar måtte ta opp bestilling fordi lageret var tomt.
Les meir
Omdømme vart sentralt tema
Vi må drage i flokk, ha planar å følgje og mål å nå. Vi må prøve å selje kvarandre i ein større samanheng.
Les meir
Storfjordnytt
Nr. 42 torsdag 19. november
Avslag til halvparten
Næringsfondsstyret har løyvt 585.000 kroner fordelt på sju søkjarar for andre halvår i år.
Les meir
Lukta hest og smakte gull
I Stordalshallen laurdag var det country frå start til mål. Med hestar utanfor, lys, høy og kaktusar var det berre å tjore hesten, setje seg ned og nyte forestillinga.
Les meir
Storfjordnytt
Nr. 41 torsdag 12. november
På besøk på sjøanlegget til Fjordlaks
Måndag var ungane i avdelinga Askeladden i Andershaugen barnehage på ei spennande utflukt. Dei vart frakta ut i båt til Fjordlaks Aqua AS sitt sjøanlegg på andre sida av fjorden for å få sjå korleis alt går føre seg der. Les meir
Ingen lovnader over bordet
Byråkratane som synfor Murigrandane måndag, var klare på at dei i denne omgang ikkje ville gje lovnader om kva som kan byggjast og ikkje i flomålet. Les meir
Storfjordnytt
Nr. 40 torsdag 5. november
Haustfest i Ruggå 4H
Nærare 20 medlemmar stilte ut prosjekta sine på Haustfesten til 4H på ungdomshuset i Fjørå laurdag.
Les meir
Tek over fjordsenteret
1. november tok Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv over drifta av Norsk Fjordsenter AS i Geiranger. Stiftinga er blitt langsiktig leigetakar og eigar av utstillingane og inventaret i det staselege bygget.
Les meir
Storfjordnytt
Nr. 39 torsdag 29. oktober
På jakt etter samarbeid
Førre helg var jegerar frå Hove og Vinje, eit jaktterreng i Stordal, inviterte til ein internasjonal jaktfestival i Lezajsk i Polen. Samstundes var også ordføraren i Stordal invitert av borgarmeisteren i byen. Ein delegasjon på åtte personar la ut på ein interessant og innhaldsrik tur.
Les meir
Stranda ute av friluftshøgskulen
Det er verst for Stranda at dei ikkje vil vere med, sa prosjektleiar Annelin Henriksen då ho orienterte kommunestyret i Nord-dal om Norges friluftshøgskole torsdag.
Les meir
Storfjordnytt
Nr. 38 torsdag 22. oktober
Byter bort kua med geit
Georg Indreeide vil gå frå kyr til geiter. Den nye geitefjøsen på Indreeide skal gi plass til 150 geiter.
Les meir
Heidra for kulturland skapet
Frukt- og bærprodusentane på Linge vart måndag heidra med Kulturlandskapsprisen 2009. Næringssjefen hadde ein finger med i spelet.
Les meir
Storfjordnytt
Nr. 37 torsdag 15. oktober
Ein trasig haust for landbruket
Denne hausten har vore trasig, det er det ingen tvil om, seier Bjørn Helge Rønneberg i Eidsdal, og siktar til dei store nedbørsmengdene.
Les meir
Vil vite kva vi meiner
Det er viktig å få så mange svar som råd. Eg oppmodar difor sterkt om å svare på innbyggjargranskinga, seier ordførar Bjørn Inge Ruset.
Les meir
Storfjordnytt
Nr. 36 torsdag 8. oktober
Avskjedsmiddag for Kirkebøe
På ein avskjedsmiddag for tidlegare rådmann Leif Kirkebøe på Nilsgardstunet i Stordal fekk han heidersmerke for lang og tru teneste i Stordal kommune frå Kommunenes Sentralforbund.
Les meir
Nok er nok!
Nok er nok, seier dei som bur langs den gamle Åsevegen. Dei er leie av attgrodde grøfter, vatn som tek nye vegar, stein som kjem opp av vegbanen, vegfundament som sviktar og røter på stor graner som heng i lause lufta.
Les meir
Storfjordnytt
Nr. 35 torsdag 1. oktober
Ikkje redde for regnet
Elevane ved Eidsdal skule viste at dei ikkje er redde for regnet. Måndag sprang dei fleire runder rundt idrettsbana. Kvar runde gav pengar til Redd barna.
Les meir
Triveleg på torsdagskafé
Vi brukar å vere her kvar gong, seier søstrene Asbjørg R. Busengdal og Elise Almås.
Les meir
Storfjordnytt
Nr. 34 torsdag 24. september
Opprusting til 5,8 millionar
Formannskapet gjekk samrøystes inn for å velje det billegaste alternativet for opprusting av Kilstivegen. Kommunestyret handsamar saka i dag.
Les meir
Lama på Langhaug
Det er først og fremst ein hobby. På sikt kan eg nok utnytte dei moglegheitene desse dyra gir betre, seier Dag Henrik Berli.
Les meir
Storfjordnytt
Nr. 33 torsdag 17. september
Norddal er raudgrøn
Eg ser at Norddal kommune er raudgrøn. Senterpartiet har òg gjort eit godt val, seier Ap-ordførar Bjørn Inge Ruset.
Les meir
Populær helg i Tafjord
Det pøsregnar. Likevel er det full fart i paintballbingen, rundt om det står det eit ivrig publikum. Mange ventar på tur for å vere med ei runde.
Les meir
Storfjordnytt
Nr. 32 torsdag 10. september
Får høve t il å levere byggjesøknad
Hans K. Muri får frist til 1. oktober med å levere byggjesøknad for naustet i Muribugen. Drifts-utvalet set som vilkår at kommunen skal få nytte grunn vederlagsfritt til ein eventuell gangveg.
Les meir
Vikingtokt inn Storfjorden
Friluftsrådet si satsing i Kulturminneåret 2009 er ei satsing dei har kalla «Læring i friluft». Torsdag i førre veke kom dei til Stordal skule og sjetteklasse der fekk oppleve både brynjer og bogar.
Les meir
Storfjordnytt
Nr. 31 torsdag 3. september
Laksefisket på opptur
Dei førebelse tala for laksefisket viser at det har vore eit godt år. Fangstrapporten for Stordalselva viser at det ikkje har vore fanga så mykje fisk sidan 2005..
Les meir
Vi skal nå vårt Soria Moria
Slik konkluderte ordførar i Norddal, Bjørn Inge Ruset, då han innleidde på Storfjordkonferansen om prosjektet Muriparken, ei helsesklynge for heile Sunnmøre.
Les meir
Storfjordnytt
Nr. 30 torsdag 27. august
Turistane finn lettare fram
Sjølv om sesongen ikkje er heilt over enno, kan dei fleste i Stordal som driv med turisme melde om ein god sesong.
Les meir
Sterkt i Norgescupen i trial
Godt nøgde deltakarar frå Valldal Trialklubb på Norgescupstemne i Kristiansand.
Les meir
Storfjordnytt
Nr. 29 torsdag 20. august
Ber om eigen skuleskyss
Å ha ei skulerute i ei 80-sone utan busslommer og gangfelt er ikkje greitt, meiner foreldre på Linge.
Les meir
Tre alternativ skisserte
Vi må få mest mogleg rassikring for minst mogleg pengar, seier ordførar Bjørn Inge Ruset som er glad for at prosessen med å sikre Norddalsstranda er komen i gang.
Les meir
Storfjordnytt
Nr. 28 torsdag 13. august
Samling rundt gamleskulen
Den gamle skulen på Dyrkorn er pussa opp både inne og ute. No vert han nytta som grendahus. Laurdag inviterte velforeininga alle tidlegare elevar ved skulen. Det vart ein rikhaldig sommarfest som varte heile dagen. Mange møtte fram for å vere med på festen. Les meir.
Pass på Stranda
På lensmannskontoret for Norddal og Stranda har dei fått på plass ein automat for bildetaking, og seinare registrering av fingeravtrykk for elektronisk produksjon av pass. Les meir
Storfjordnytt
Nr. 27 torsdag 9. juli
Samling rundt gamleskulen
Den gamle skulen på Dyrkorn er pussa opp både inne og ute. No vert han nytta som grendahus. Laurdag inviterte velforeininga alle tidlegare elevar ved skulen. Det vart ein rikhaldig sommarfest som varte heile dagen. Mange møtte fram for å vere med på festen. Les meir
Med sterk tru på bygdene
Eg gler meg til å få vere med på å opprett-halde og utvikle næringslivet i bygdene slik at folk kan halde fram med å bu og helst òg flytte tilbake til distrikta. Bygdene er best! Les meir
Storfjordnytt
Nr. 26 torsdag 2. juli
Framleis ikkje fritt fram
Dei som oppfatta meg slik at det var fritt fram for å byggje kva som helst utan restriksjonar den dagen eg la fram notatet til denne høyringa, dei blir skuffa. Les meir
Folksamt i varmen
Med rundt 3.000 personar innom både laurdag og søndag vert det snakka om rekord på Stordalscup i år. I alle fall var det mykje folk og mykje varme.
Les meir
Storfjordnytt
Nr. 25 torsdag 25. juni
Ny runde mot byggjeforbod
Det var ikkje slik vi forstod statsråden, sa ordførar Bjørn Inge Ruset i Norddal etter at det viste seg at forskriftene som er sende ut på høyring, inneber at det er nesten berre lagerbygningar som ikkje får byggjeforbod i oppskyljingssona. Les meir
Laksesesongen godt i gang
Både i Stordal og Valldal vart det teke laks då elva opna laurdag 20. juni. Les meir
Storfjordnytt
Nr. 24 torsdag 18. juni
Næring mot miljø
Med knappast mulig fleirtal gjekk formann-skapet i Stordal inn for at Fjordlaks skal få omdisponere eit anlegg frå torsk og sei som dei har konsesjon på, til regnbogeaure. Dispensasjonen gjeld mellombels til utgangen av agust 2010. Les meir
Hans Martin slo sin eigen rekord
Hans Martin Gjedrem slo sin eigen løype-rekord og vart norgesmeister i motbakkeløp i Geiranger. Les meir
Storfjordnytt
Nr. 23 torsdag 11. juni
Flagget til topps for regjeringa
Både i Norddal og Stordal vart meldinga om at regjeringa ønskjer å oppheve byggefor-bodet langs Storfjorden teken imot med stor applaus. Les meir
Storfjordstemnet samla mange
Søndag var det klart for det årlege stemnet til Storfjordens Venner. I år var vi inviterte til Haugsetsætra som ligg om lag 600 meter over havet ovanfor Ørnevegen i Geiranger. Les meir
Storfjordnytt
Nr. 22 torsdag 4. juni
Turbulens ved Eidsdal skule
Elevtalet ved Eidsdal skule aukar neste år. Foreldre og lærarar aksepterer ikkje at rammetimetalet vert sterkt redusert av administra-sjonen i kommunen. I kveld er det møte. Les meir
Pris til Brusehuset
Juryen likte dette namnet med dobbel botn, eit namn som er både kjekt og godt å seie. Det tek utgangs-punkt i eit lokalt namn, Bruse, som er kjent frå historia i vårt område. Les meir
Storfjordnytt
Nr. 21 torsdag 28. mai
Molda i Muldalen kjem til nytte att
Såkornet er kome i jorda, og poteter er det for andre året på rad. Humleplantene vert det også spennande å følgje med på. Les meir
Konservering av dekorasjonane
Bindemiddelet i målinga i den flotte dekoren i Rosekyrkja forsvinn sakte. men sikkert. Det er no sett i gang eit arbeid for å tilføre dekoren nytt bindemiddel. Les meir
Storfjordnytt
Nr. 20 torsdag 21. mai
Nærare ein million kroner utdelte
Første omgang av tildeling frå næringsfondet i Norddal i år er unnagjort.
Les meir
Kammerjazz på plate
Lille Stille er namnet på debutplata til Stian Omenås eller Stian Around a Hill Quartet som gruppa heiter. No er kvartetten på turné. Les meir
Storfjordnytt
Nr. 19 torsdag 14. mai
Valldal skule vert dobbelt så dyr
Det endelege kostnadsbildet etter anbods-runden for prosjektet ved Valldal skule er på 22,5 millionar kroner. Dette er meir enn dobbelt så mykje som vedteken budsjett-ramme. Les meir
Steinar var raskast
Steinar Lunden Storås frå Dals-bygda vann like godt heile finalen på 60 meter. Les meir
Storfjordnytt
Nr. 18 torsdag 7. mai
Godtek ikkje lettvint løysing
Formannskapet i Stordal godtek ikkje ei lettvint løysing når Fjordlaks vil gjere om ein konsesjon for torsk og sei til regnbogeaure. Les meir
Det skal gå gjetord om NAV Storfjorden
Det sa prosjektleiar Ørjan Haram då både styringsgruppa og prosjektgruppa i NAV Storfjorden var samla i Valldal tysdag. Les meir
Storfjordnytt
Nr. 17 torsdag 30. april
Høgt og fritt på Stavseng
Vi stortrivst her. Det er flott for ungane. Liabygda må vere ein av dei finaste stadene å flytte til. Les meir
Endringar tek tid
Byggherren hadde eit ønskje om å verte ferdig til 1. juli, men mange endringar undervegs har gjort det meir komplisert. Les meir
Storfjordnytt
Nr. 16 torsdag 23. april
Der ingen skulle tru at nokon torde bu
Det hadde dei laga seg som arbeidstittel nokre studentar frå Høgskulen i Volda som denne veka har drive med forsking i alle bygdalaga i Norddal kommune. Les meir
Seks nye optimistar til Tafjord
Det er godt å oppleve at vi er så velkomne. No skal vi prøve å få til ein fin plass her, og folk er hjarteleg velkomne til oss. Les meir
Storfjordnytt
Nr. 15 torsdag 14. april
Reagerer på ulovleg fiske
Eg vil ikkje hengje ut nokon, men eg trur ikkje dei veit kva skade dei gjer, seier Per Øyvind Hansen frå Ålesund. Les meir
Verdig og høgtideleg markering av Tafjordulukka
Tysdag 7. april inviterte Solberg Ungdomslag, Tafjord Ungdomslag og Norddal kommune til 75-årsmarkering til minne om dei 40 som miste livet i Tafjordulykka. Les meir
Storfjordnytt
Nr. 14 torsdag 7. april
Ny bok om Tafjordulukka
Natt til i dag, altså 7. april, er det 75 år sidan Tafjordulykka, ei av Norges største naturkatastrofar gjennom tidene. Tre millionar kubikkmeter stein styrta i fjorden og laga flodbølgjer på over 60 meter på det verste. Spesielt råka vart tre av bygdene våre: Tafjord, Fjørå og Valldal. 40 menneske miste livet. Les meir
Vil halde på eigen prest
At Stordal vart eige sokn med eigen sokneprest er noko av den mest positive kyrkjelege ordninga som har kome Stordal til del på uminnelege tider. Både kommunestyret og soknerådet går imot framlegget frå prosten om å dele prest med Ørskog. Les meir
Storfjordnytt
Nr. 13 torsdag 2. april
Kulå på beina att
Eit nytt aksjeselsap har kjøpt konkursbuet etter Kulå. No vert det nyopning. Les meir
Spelemenn med gode resultat
To andreplassar og ein siger vart resultatet for norddalingane som var på fylkeskappleik i Fosnavåg i helga. Les meir
Storfjordnytt
Nr. 12 torsdag 26. mars
Gode historier på palmesøndag
Den som ikkje allereie har lagt planar for palmesøndag kveld, bør merke seg at det skjer noko spennande på Valldal samfunnshus. Gode lokale historier er på menyen. Les meir
Kreativitet og engasjement på topp
Det var ein kjempeflott kveld. Rundt 70 deltakarar er sterkt. Det var masse kreativitet, stort engasjement og eit godt opplegg. Les meir
Storfjordnytt
Nr. 11 torsdag 19. mars
Vegen i Fjørå ferdig i sommar
Fristen for å vere ferdig er sett til 1. juli, men vi håper vi kan blir ferdig før, seier Jon Grebstad. Les meir
Far og son i Veteran-VM
I dagane 4.7. mars deltok Sindre og Joakim Helland på VM i hopp for veteranar i Rupholding i Tyskland. Joakim deltok som fersk veteran for første gong, medan Sindre har vore med på alle VM sidan det første gong vart arrangert i Lake Placid i USA i 1990 og var med for 20. gong. Les meir
Storfjordnytt
Nr. 10 torsdag 12. mars
Familie på fire miste hus og løe i brann
Vi fekk melding klokka kvart på to natt til måndag. Meldinga gjekk ut på at det var ein driftsbygning med om lag 50 dyr som var i brann. Les meir
Spennande stafett
Det vart mange spennande oppgjer under KM-stafetten på Valldal stadion laurdag. Les meir
Storfjordnytt
Nr. 9 torsdag 5. mars
Både skuffa og letta ved laminatavdelinga
Mesteparten av dei tilsette ved Hove i Stordal er positivt overraska over at det er eit nytt selskap som skal drive laminatproduksjon. Men dei er skuffa over at den nye avdelinga vert etablert i Sykkylven i staden for å bruke dei godt eigna lokala i Stordal. Les meir
Ny elvepromenade
Storfjordnytt har vore ute saman med formann i Eidsdal elveeigarlag, Lars Ivar Ytterdal, og prøvegått den nye elvepromenaden langsmed elva. Les meir
Storfjordnytt
Nr. 8 torsdag 26. februar
Det har svinga før
Eg er så heldig å ha snart åtte barnebarn, då er eg rik, seier Ragnhild Flåen når Storfjordnytt møter henne ved kjøkkenbordet i Stordal. Ho er heime frå arbeidet ved Vad denne veka og har fått tid til å reflektere litt over hendingane i førre veke. Les meir
Hevda seg godt i junior-NM
BARDUFOSS: Det var litt skuffande at eg ikkje fekk betre utteljing i skøyting som er favorittstilarten. På ti kilometer klassisk og i kretsstafetten er eg svært tilfreds med prestasjonane mine, sa Lars Anders Hoel. Les meir
Storfjordnytt
Nr. 7 torsdag 19. februar
Beste sesongen så langt
Hans Martin Gjedrem har vunne fem løp i europacupen på rad. I verdscupen har ikkje prestasjonane vore like gode. Les meir
God deltaking i UKM i Stordal
Ein om lag fullsett grendasal fekk oppleve 14 sceneinnslag på Ungdommens Kulturmønstring i Stordal. I tillegg var det stilt ut to maleri. Les meir
Storfjordnytt
Nr. 6 torsdag 12. februar
Skriv seg inn i jervejakthistoria
Vegard Lødøen vart den første som felt jerv på våre kantar på lang tid. Sjølv understrekar han at dette var resultat av eit samarbeid mellom fleire jegerar i fleire kommunar. Kurset i jervejakt som vart halde i januar, ser han som ei direkte årsak til at ei jervetispe på 8,5 kilo måtte late livet i Veslelangdalen sist laurdag. Les meir
Yrkesrettleiing gjer valet lettare
Det er veldig greitt. Det får oss til å tenkje på ein annan måte, spesielt når det gjeld økonomi og budsjett. Les meir
Storfjordnytt
Nr. 5 torsdag 5. februar
Steinsprang trefte bustadhus
Om lag klokka halv elleve måndag kveld sat Marie Flåen Hovde og såg på fjernsyn, då ho med eitt høyrde eit brak. Ho skjøna ganske fort at det måtte vere eit ras som hadde gått, og gjekk ut for å sjå. Les meir
Engasjerer seg i Tonganeset
Eit fleirtal i kommunestyret i Norddal går imot landbruksdirektøren si tilråding om å gi løyve til å dele frå Tonganeset på Linge. Les meir
Storfjordnytt
Nr. 4 torsdag 29. januar
Endeleg ordna forhold
Som ein del av regjeringa sin krisepakke er det sett av to millionar kroner til nybygg for toalett ved ferjekai på Linge. Dette er det Statens vegvesen som står for. Les meir
Takk for musikken
“Thank you for the music” som det heiter på svensk. Den kjende ABBA-låten var berre ein av mange som var med på å setje publikum i rett 70- og 80-talsstemning. Les meir
Storfjordnytt
Nr. 3 torsdag 22. januar
Norddal eller Dalsbygda som bygdenamn?
Etter ynske frå ein privatperson har Statens kartverk bede kommunen ta stilling til kva namn kartverket skal bruke: Norddal eller Dalsbygda. Les meir
Undervisning i Guds frie natur
Friluftskonfirmantar er eit nytt omgrep i Stordal og Ørskog dette skuleåret. Laurdag samla konfirmantar og leiarar seg på Blåtind. Les meir
Storfjordnytt
Nr. 2 torsdag 15. januar
Ekstra vinnarlukke i Tafjord
Før jul fekk butikken i Tafjord diplomar for store premiar i spelet Extra to veker på rad. Den eine premien var på to millionar kroner, den andre på 675.000 kroner. Somme ymta om at Tafjord hadde vorte det nye ”Verdaln”.
Les meir
Skirenn i sju pluss
Årets første sonerenn gjekk av stabelen på Stavsengfjellt sist laurdag. Les meir
Storfjordnytt
Nr. 1 torsdag 8. januar
Møbelindustri i motbakke
Ved inngangen til 2009 er dei ved dei fleste møbelbedriftene i Stordal spente på korleis marknaden vil utvikle seg. Bakgrunnen er sjølvsagt den usikre situasjonen i finansverda. Les meir
Åtte ungar utan plass i Syltebøen
I alt fire ungar frå Valldal har fått tilbod om plass i Dalsbygda barnehage med organisert følgje. Endå fire ungar kjem til å mangle plass i løpet av dei første månadene i år. Les meir
|