Men vêret kan ein ikkje gjere noko med, så her starta om lag 140 motiverte deltakarar i snøbygene. Arrangørane hadde vorte spurt om dei kunne arrangere duathlon. Ikkje mange plassar passar for denne typen løp der dei skiftar ski og stil undervegs.
Det trengs mykje plass og det er mange reglar som skal følgjast. Men her på stadion har vi plass og heldigvis mange som stiller for å få gjort alt som skal til, seier Geir Myklebust, som var rennleiar denne søndagen.
Duathlon
Med så mange løparar brukar dei samfunnshuset i Valldal som garderobe. Framme på Omenås var det hektisk aktivitet med smøring av ski i garasje og oppsette telt. Dei yngste deltakarne starta først og gjekk kun fristil i ein til to kilometer. Då løparane kom i alderen 13 år, byrja dei med ski- og stilskifte og lengre distansar.
Med så mange løparar som satsar, er det ikke like lett å hevde seg. I klassa gutar 13 år kom stordalingen Per Ivar Kjersem Vestre og Hallvard Lied frå Liabygda på ein 9. og 10. plass om lag ti minutt etter vinnaren. I same aldresklasse for jenter vann stordalingen Martine Lorgen Øvrebust med ein margin på 30 sekund. Sambygdingen Jenny Marita Sørås kom her på ein god femteplass.
Bra resultat
I klassa jenter 14 år var det tett med stordalingar. Tiril Olin Vestre Røkke kom inn på andreplass berre fem hundedelar etter vinnarane.
I klassa gutar 15 år kom stordalingen Robert Sørås inn på andreplass med like liten margin, og i klassa over kom Trond Marius Vad inn på ein flott tredjeplass berre 11 sekund etter vinnaren.
Talentet frå Stordal, Geir Marius Øie, i klassa menn 18 år kom inn på ein andreplass berre 12 hundredelar etter vinnaren. Lars Anders Hoel vann si
klasse.
|
|
|