Klart for kulturmønstring

Søndag 14. februar er det tid for det årlege UKM i Stordal. 10. klasse oppmodar flest mogleg om å melde seg på.

14. januar 2010
John Kristian Hjelle

10. klasse er ansvarlege for den prakiske gjennomføringa av Ungdommens Kulturmønstring. Frå venstre Paul Ivar Støversten, Joon Young Chang, Petrine A. Dyrkorn, Ole-Jacob Hove, Eline Vinje, Ole Øyvind Hjelle, Espen Vad, Ole Henrik Nakken, Solveig Støversten og Karoline H. Bratland. Jørgen V. Tøsse var ikkje til stades då biletet vart teke.

Det er som åra før 10. klasse som står for den praktiske gjennomføringa av arrangementet. Talspersonane Eline Vinje og Ole Henrik Nakken seier at det ikkje er nokon grunn til ikkje å melde seg på.

Variert
– Ein kan delta med nærast alt mogleg, så lenge det kan framførast eller synast fram på ei scene eller stillast ut, fortel dei.
Som eksempel nemner dei at det til dømes kan vere måleri, teikning, skulpturar, musikk, film/video, dans, drama/teater eller framføring av dikt.
– Det er veldig mange ting ein kan bidra med, og vi håpar at ikkje nokon lèt seg hindre i å melde seg på av di dei tykkjer det er flaut å stå på ei scene eller å syne fram det dei har laga, seier dei.

Ingen konkurranse
UKM er ingen konkurranse. Dei som får delta på fylkesmønstringa vert plukka ut på grunnlag av originalitet, kreativitet, publikumskontakt og kvalitet, og dei utvalde deltakarane skal spegle breidda i den lokale mønstringa.
Dei som fyller 10 år i løpet av 2010 kan melde seg på og delta på det lokale UKM. For å verte plukka ut til å gå vidare til fylkesmønstringa må ein vere 13 år.
10. klasse koordinerer og planlegg mønstringa i samarbeid med kulturkonsulent Hallgeir Hove, som dei fortel er til god hjelp og er veldig positiv til arrangementet.

Håper folk stiller
– Vi håpar at folk stiller på både som deltakarar, og at mange kjem og ser på den lokale mønstringa. Det vert open kiosk i Stordalshallen under arrangementet, fortel Eline og Ole Henrik, som gler seg til ønstringa.
– Det vert veldig kjekt, seier dei smilande. Ein kan melde seg på på nettstaden www.ukm.no, eller ved å sende ein e-post til påmeldingsansvarleg Eline Vinje på eline_vinje@hotmail.com. Påmeldingsfristen er 8. februar.
I Norddal går UKM føre seg laurdag 13. februar på Røde Kors-huset i Eidsdal.