– Fylkeskommunen avgjer

– Det er ikkje vi, men fylkeskommunen som styrer denne prosessen, seier Svein Ivar Aarskog i Fjord1 Buss Møre om framlegget til endringar i skuleskyssen.

14. januar 2010
Britt Ingunn Maurstad

Fjord 1 Buss Møre har foreslått å endre skuletidene på sørsida av Norddalsfjorden for å spare pengar. Følgjene blir at somme skuleelevar må vente ein halvtime før skulen i Eidsdal tek til om morgonen, andre må vente før dei blir henta om ettermiddagen. Formannskapet handsamar saka måndag.

Fjord1 Buss Møre skal ha svar på framlegget frå Norddal kommune innan 19. januar. På bakgrunn av dette vil dei sende eit forslag til Møre og Romsdal fylke innan 22. januar. Deretter sender fylkeskommunen Fjord1 sitt forslag ut på høyring, slik at ei endeleg avgjerd kan fattast i mars.
– Eg synest det er destruktivt å leggje ned ruter, særleg i utkantane. Det er difor vi har lagt fram dei ulike alternativa til endringar i skulerutene, nettopp for å halde fram med det rutetilbodet vi har, seier Svein Ivar Aarskog.
Fjord1 vonar at dei kan ta ut effekten i mellom anna reduserte lønnskostnader.
På spørsmål om å eventuelt leggje ned kombibussen, eller vareruta som han blir kalla, seier Aarskog at også kombibussane får støtte frå fylkeskommunen.
– Kombibussen er på ingen måte sjølvfinansierande og hadde ikkje klart seg utan den offentlige støtta, seier han, og legg til at dersom løysinga blir å nytte kombien i skuleruta, så vil Fjord1 gjere sitt beste for å finne ei så god som mogleg løysing for både transport av elevar og varer.
Kor store summar det er snakk om for busselskapet, vil han ikkje seie noko om.

Fare for busstilbodet
Før jul sendte Fjord1 brev til Norddal kommune der dei ynskjer å kutte ruteproduksjonen med tre prosent. Fjord1 har lagt føre tre ulike alternativ til kutt, som vil føre til tildels store endringar.
Forslaga har vore ute på høyring, og samarbeidsutvala ved Eidsdal skule og Dalsbygda skule og barnehage har samla seg om ei felles uttale etter å ha halde felles foreldremøte om saka.
Samarbeidsutvala har konkludert med at ingen av alternativa til Fjord1 er gode løysingar. Å endre skuletidene er vanskeleg i og med at dei to skulane på sørsida av fjorden har felles leiing og deler på lærarressursane. I tillegg føreslår Fjord1 å nytte kombien til å frakte skuleungar. Samarbeidsutvala synest dette er ei dårlig løysing, ettersom kombien også fraktar varer. Fjord1 føreslår også at ungane som bur på ytste Kilsti skal gå til og frå Gjereneset. “Eit vanvittig forslag”, seier samarbeidsutvala. Å kutte i det generelle rutetilbodet er heller inga god løysing, meiner dei.

Politisk handsaming
Saka skal handsamast i formannskapet måndag. Rådmannen si innstilling er at skuletida ved Valldal skule blir endra slik at skulen tek til fem minutt før, kl 08:30, og at skuletidene på sørsida blir uendra. Kommunen føreset at skuleskyssen blir organisert i samsvar med innstilinga, og det utan ventetid for ungane.
Rådmannen ønskjer at Fjord1 opprettheld kollektivtilbodet som i dag, og at det helst blir styrkt. Det blir særleg lagt vekt på at kveldsruta Valldal-Ålesund og kombibussen som varerute må bestå. Dessutan ligg det i rådmannen si innstilling at rutetilbodet mellom Stranda og bygdene i Norddal kommune må vere slik at det framleis kan vere mogleg for elevar som går på Stranda vidaregåande skule, å bu heime dersom dei ynskjer det.