Førskulelærarar på kurs

Førre onsdag var alle førskulelærarane i kommunen samla til kurs med kompetanseheving som tema.

21. januar 2010
Britt Ingunn Maurstad

Bak f.v.: Kursleiar Gerd Sylvi Steinnes, Ann Kristin Lunden Storås og Anna Maria Sunde. Framme f.v.: Virginia Burg, Kjersti Magnussen, Vigdis Linge og Solveig Ranheim. Mette Hovden og Marianne Gundersen Døving var ikkje til stades då biletet vart teke.

Det er ikkje berre i skulane det finst planar for kompetanseheving, også barnehagane har slike planar. Dette kurset var eit ledd i akkurat det: Å heve kompetansen hos dei pedagogiske leiarane i barnehagane.

Unik kompetanse
Gerd Sylvi Steinnes var hyra inn som kursleiar denne dagen. Rolla hennar er å inspirere og lyfte deltakarane.
– Det primære målet er å gjere deltakarane endå meir bevisste på den kompetansen dei faktisk har som førskulelærarar, for den er noko unikt. Diverre har det vorte slik at ein i kvardagen gløymer dette, for den generelle haldninga seier at kven som helst kan arbeide i barnehagane våre, seier Steinnes.
Ho skal gjere kursdeltakarane flinkare til å synleggjere det dei gjer, og at dei skal bli bevisste på si rolle i kvalitetssikringa av det pedagogiske innhaldet i barnehagane.
– Så langt har vi fått masse ut av dagen. Det er viktig for oss at nokon kjem og fortel oss at vi kan noko, at vi som kursleiaren seier, er unike, seier Ann Kristin Lunden Storås.
– Slikt som dette er også med på å styrke yrkesstoltheita vår, seier Anna Marie Sunde.
 
Skape møteplassar
Det alle seier, er at det er fint med eit kurs der alle barnehagane i heile kommunen er representerte. Dei er einige om at dei ikkje treffest ofte nok, og eit mål i etterkant av kurset er eit tettare samarbeid i tida framover, å skape sine eigne møteplassar der dei kan treffest.
Dei takkar også arbeidsgjevaren for moglegheita til å bli kursa i eigen kommune. med eit tema dei sjølve har vore med på å velje og synest det er flott
at kommunen prioriterer dei også.