Låg tillit til folkevalde

Innbyggjarane i Norddal kommune har låg tillit til dei folkevalde og administrasjonen. Lågast er tilliten på sørsida av fjorden.

21. januar 2010
Britt Ingunn Maurstad

Formannskapet i Norddal saman med rådmann Stig Holmstrøm. Arkivfoto

Tala frå brukarundersøkinga som vart sendt ut til alle innbyggjarane i kommunen ligg no føre, og viser at Norddal kommune følgjer trenden elles i landet og scorar lågt når det gjeld tilfredsheit med møte med kommunen og tillit til dei folkevalde.
– Dette er ein trend over heile landet, men eg er overraska over at den vesle og gjennomsiktige kommunen vår scorer så lågt på akkurat dette, seier Helge Svensvik.
Når ein ser på tala fordelt på dei enkelte bygdene, er det sørsida som har lågast tillit.

På landsgjennomsnittet
– Elles er Norddal kommune ei ganske normal kommune, når vi blir samanlikna med resten av landet. Resultata var omtrent som forventa. Vi ligg omtrent på landsgjennomsnittet på dei
aller fleste områda, seier Svensvik.
– Undersøkinga seier noko om område vi har lukkast med og område vi ikkje har lukkast så godt med. Vi vil bruke resultata til mellom anna å kontrollere framdrifta vår opp mot kommuneplanen, seier han.
– Kva for område er det de ikkje har lukkast med?
– Korleis folk oppfatter arbeidet Norddal kommune har gjort når det gjeld næringsutvikling, var overraskande. Det viser at vi ikkje har lukkast så godt som vi trudde, og det er ikkje bra. Mindre overraskande var det at kommunen scorer lågt på eit område som transport, seier han.
Svensvik skal i tillegg til å informere dei ulike utvala og kommunestyret, utarbeide ein skriftleg rapport der han analyserer tala. Han vonar å kunne bli ferdig med analysen av talmaterialet i løpet av januar.

Bruk av materialet
Så får ein håpe at Norddal kommune analyserer materialet grundig og tek det på
alvor, ikkje minst for å finne ut kvifor resultata er som dei er. Som til dømes spørsmålet om kor nøgde innbyggarane er med fastlegetenesta. Her ligg
Norddal kommune på eit snitt på 2,6. Landsgjennomsnittet er
4,6.
Eller kvifor bygdene på sørsida har mykje lågare tillit til politikarar og administrasjon enn resten av kommunen. Tala ligg føre, dei taler sitt språk. Så får ein vone at kommunen bruker informasjonen til å ta grep som gjer at innbyggarane blir meir nøgde med til dømes fastlegetenesta eller transporttilbodet og dei andre tinga tala peikar på.