Ny lov, nye reglar |
||||||||
![]() |
Moral og norsk lov er to vidt forskjellige ting, seier næringssjefen i Norddal kommune, Toralv Klokkehaug. Kraftsalva kom i samband med eit møte der grunneigarar vart orienterte om erstatnings-reglane i den nye naturmangfaldlova. |
|||||||
|
||||||||
Toralv Klokkehaug i samtale med Ian Davis i pausen.
|
||||||||
| Etter møtet på Paktarstova i førre veke tok Eidsdal og Norddal Bondelag initiativ til eit nytt møte. Det vart halde måndag og tok føre seg moglegheitene bøndene har for å søkje erstatning i samband med verneområdet GeirangerHerdalen. Med seg hadde dei fått to advokatar frå Skjåk som arbeider mykje med desse spørsmåla, Kåre Lund og Knut Ola Vinløkken. Interessa var stor. På møtet var det folk frå mest alle bygdene i kommunen i tillegg til Geiranger. Eigentleg gjekk fristen for å søkje erstatning ut ved utgangen av 2009, men fristen er utsett til 1. februar 2010. Det vil seie at grunneigarane berre har denne veka å gjere det på om dei vil setje fram krav om erstatning. Naturmangfaldlova Det er ingen spesielle krav til utforminga av erstatningskravet og ein treng ikkje spesifisere eller dokumentere nærare kravet no i første omgang. Men med tanke på vidare sakshandsaming er det ønskeleg at ein grunngjev kvifor ein søkjer erstatning. Advokatane tok oss gjennom §50 i naturmangfaldlova som seier noko om erstatningsreglane som no gjeld ved oppretting av nasjonalparkar, landskapsvernområder, naturreservat og liknande. Paragraf 50 seier mellom anna: “En eier eller rettighetshaver i eiendom som helt eller delvis blir vernet som nasjonalpark, landskapsvernområde, naturreservat, biotopvernområde eller marint verneområde, har rett til erstatning fra staten for økonomisk tap når et vern medfører en vanskeliggjøring av igangværende bruk. Når vilkårene etter første ledd er oppfylt, fastsettes erstatninga for tap i igangværende bruk i samsvar med utmålingsreglene i lov 6. april 1984 nr. 17 om vederlag ved oreigning av fast eigedom (ekspropriasjonserstatningslova) …” Det som står i denne paragrafen er at grunneigarar har krav på erstatning når eit vernevedtak fører til økonomisk tap som følgje av at det blir vanskelegare å drive igangverande bruk. Det vil i sin tur seie at ein kan krevje erstatning for tapte inntekter og/eller auka utgifter som er ein konsekvens av vernevedtaket. Det betyr at vernetiltaket må medføre restriksjonar som har økonomisk betydning for drifta. Det er også slik at i vurderinga om ein skal krevje erstatning på grunnlag av redusert salsverdi/omsetningsverdi eller bruksverdi, så er det alltid den høgaste verdien som skal leggjast til grunn. Her vil det i følgje advokatane som regel vere bruksverdien som er den høgaste. Aktive møtedeltakarar Det var høve for dei frammøtte å stille spørsmål undervegs. Spørsmåla var mange og dreidde seg om alt frå uttak av masse til vedlikehald av veg og rydding av skog til dieselaggregatet i Herdalen. Advokatane gav råd som best dei kunne, men råda alle som meiner dei har rett på det, til å sende inn krav om erstatning. Dei hadde til og med laga til eit standardbrev som kan nyttast til føremålet dersom folk skulle ønskje det. Frå diesel til vasskraft? I Herdalen har det vore planar om å lage eit minikraftverk for å bli kvitt dieselaggregatet som står og går inne i fjøsen heile sommaren. Om det ville vere mogleg å få dispensasjon frå forskrifta til slikt, var eitt spørsmål frå salen. Advokatane trudde det kunne bli vanskeleg i og med at eit minikraftverk inneber inngrep i naturen, men dei viste til at grunneigarane i eit slikt høve kan argumentere med det som står i forvaltningsplanen om forureining, at unødig støy og forureining er forbode. Det vil då vere opp til forvaltningsstyresmaktene å sjå på om eit lite kraftverk vil vere til mindre ulempe enn eit støyande og forureinande dieselaggregat. Forskrifta er nemleg utforma med ei rekkje “kan”-formuleringar, der det kan opnast for å gje løyve til slikt eller ikkje. Moral og norsk lov Toralv Klokkehaug sa i ein kommentar at bestemmelsane i verneplanen er uheldige for dei som ønskjer å utvikle bruka sine. Det er særleg restriksjonane på bruk av vatn han siktar til, noko som kan redusere bruksverdien av eit eksisterande bruk betydeleg. Han synest det er merkeleg at det berre er igangsette tiltak ein kan søke erstatning for, noko han meiner er moralsk uakseptabelt. Men moral og norsk lov er no to vidt forskjellige ting, sa han. Han la til at å gå i dialog med det offentlege ikkje er så lett. Dei har ein tendens til å tre ting over hovudet på folk slik at positiv samhandling vert vanskeleg. Det er landbruket som her har utfordringa med å få styresmaktene til å forstå at dei må spele på lag med oss, seier han. Hermetisering På spørsmål om kva Miljøverndepartementet legg i omgrepet “bevare”, svara advokat Linløkken at det heile minte han meir om hermetisering enn om vern og etterlyste logikken i heile verneplanen. Advokat Løken sa at når bøndene ikkje lenger får lov til å ta vare på kulturlandskapet slik dei alltid har gjort, så gror det att. Styresmaktene har feil innfallsvinkel når det gjeld dette med vern, sa Løken. Viktig å engasjere seg Petter Melchior, ein av initiativtakarane til møtet, sa det er viktig at så mange som mogleg engasjerer seg i desse spørsmåla. Det er viktig å prøve å få grunneigarinteressene inn i forvaltningsregimet, for som han seier: Det kan ikkje kallast lokal forvaltning når ikkje grunneigarar og knapt nok kommunen er representerte. Tor Hole meinte at det må vere eit prinsipp at alle sender inn krav om erstatning. Om ikkje anna så for å gje eit signal til staten om at dei ikkje utan vidare kan ta seg til rette utan at det kostar dei noko, sa han. Usikre på ny praksis |
||||||||