Samlingspunkt i 30 år

Fjellrosa barneforening på Eide har halde det gåande i 30 år. Det same har Lisen Eide, som starta foreininga og framleis er aktiv.Laurdag fekk både ho og dei andre mange godord under basaren, nummer 29 i rekkja.

28. januar 2010
Randi Flø

Jonas Hesthaug og Edvard Birkeland delte ut gevinstar.

Barneforeininga vart starta for 30 år sidan, men den første basaren vart ikkje halden før året etter. Dei trong sjølvsagt tid til å lage alle gevinstane. Eitt av varemerka til denne barneforeininga er nemleg at dei møtest annakvar veke, der hovudaktiviteten er å ”pusse, snekre, måle, lakke og litt såpekoking”, som det heiter i basarsongen som dei laga til basaren i 2001, til melodi av ”Hompetitten”. Songen fekk også plass under programmet på laurdag, der Gunnar Inge Eide akkompagnerte på piano.

For alle
Det er laurdag og tida er komen for den tradisjonelle basaren. Salen er fullstappa av folk i alle aldrar. Dei flotte tregevinstane er utstilte ved vindauga. Det strålar god varme frå den store svarte omnen i fleire etasjar. Folk handlar samanrulla tombolalappar og leitar etter tal. Vil du vinne av
dei argaste gevinstane, må du prøve lukka ved å skrive deg i ei bok.
Kaffi, brus og kaker høyrer med.
Inne i salen møter vi tre av dei som var med frå starten, Per André Rønneberg, Georg Indreeide og Ingvild Hareide Rødal. Dei har ikkje eit einaste låkt minne frå denne tida og karakteriserer det som ein aktivitet der alle kunne vere med. Her var det ikkje spørsmål om du hadde talent eller anlegg, verken for idrett eller musikk.
Dei samla seg på bedehuset annakvar veke, der dei laga ulike ting av tre. Det dei ikkje fekk til, kunne Lisen hjelpe dei med. Av og til var Petter, mannen til Lisen, der og hjelpte dei med å setje saman. Skikkeleg skulle det vere. Det var gevinstar til den store basaren, som etter kvart vart ein kjær tradisjon. Her var det ikkje snakk om å slurve frå seg. Sjølv om dei fekk eit slags eigarforhold til det dei laga, var det aldri spørsmål om å ta det med seg heim.
– Her fekk vi vere kreative og glede oss over skaparevna, seier Ingvild.
Dei to karane legg til at det kunne vere litt bråk av og til. I ettertid har dei fundert litt over Lisen som heldt ut, noko ho gjer framleis.
Ved eitt av borda vert vi
fortalde at ein av dei som var med, hadde si største drivkraft i den gode sjokoladekaka til Norlaug.

Levande
Barneforeininga på Eide er framleis i full sving, med mange medlemmer.
Laurdag var dei noverande medlemmene til stades og kunne følgje med kven som vann det dei hadde laga. Mange gevinstar gjorde at det var tett mellom vinnarlukka. Dei tok seg av oppgåver som å vere programleiarar og gevinstutdelarar. Salen var fullsett, som vanleg. Det dura godt i den store svarte etasjeomnen i rommet.
Ved eitt av borda sit Ingvar Rønneberg, son til ein av dei første medlemmene i barneforeininga. Treåringen rullar spent ut tombolalappane. Trass i sin unge alder, har han fått med seg at her er det om å gjere å finne eit tal. Han har god støtte frå både bestemor og oldemor. Alvoret går raskt over til eit stort smil når han kan håve inn alle gevinstane, såpe i fleire fargar og oppheng for fuglemat.

Takk
Ragnhild og Elise ønskte velkomen og leia forsamlinga stødig gjennom programmet.
Ordførar Bjørn Inge Ruset hadde teke med seg familien for å kjenne på basarstemninga på Eide og nytta høvet til å takke Lisen Eide for det arbeidet ho har lagt ned i løpet av desse 30 åra.
Han peika på at alle
slike aktivitetar er bra og viktige. Han rekna seg fram til at det ikkje er få som har vore innom foreininga i løpet av desse 30 åra.
– Her er det fokusert på borna i eit kriste miljø. Dei har laga ting og lodda ut, og pengane har gått til å hjelpe andre som ikkje har det så trygt som oss.
Lisen har lagt ned ein ufatteleg innsats. Ho kunne nesten ha heitt Fjellrosa sjølv, sa ordføraren og overrekte både blomster og gåver.
Men Lisen var ikkje særleg lysten på å ta imot all ros åleine. Ho trekte fram både Norlaug Indreeide, Margaret Orvik Eide og Eli Løvoll som gode medhjelparar, og meinte ho kunne ikkje ha halde på utan dei.

Helsing
Gudrun Uri hadde med helsing frå soknerådet og heldt ei kort andakt der ho la vekt på ungane sin plass. Ho takka foreldra som ikkje hindra ungane sine i å vere med. Då også ho trekte fram Lisen som drivkrafta, kom det endå sterkare protestar frå den kanten.
– Dei synest eg ho Margaret skal få, sa Lisen om blomane som vart overrekte.
Dei første ti åra støtta barneforeininga ein barneheim. Han vart nedlagt. No er det skuleungar i Kamerun som vert hjelpte av pengane som vart samla inn på basaren på Eide i tillegg til det dei samlar inn på møta.