| Representantar frå tolv campingplassar sat rundt bordet då Johnny Stølen leiar for forebyggjande avdeling i Ålesund brannvesen, branninspektør Knut J. Gjerde frå Det interkommunale brannvernet, Roar Valdal frå Elsikkerhet Møre as, samfunnsplanleggjar Heidi Hansen og arkitekt Grete Valen Blindheim frå Nordplan orienterte om reglar og føreskrifter tysdag i førre veke.
Byggjemelding
Heidi Hansen starta med å gå gjennom følgjene av vedtaket som vart gjort i kommuneplanen i juni i fjor.
Alt som ikkje kan pakkast ned og transporterast vekk på ein time, må byggjemeldast. Etablerte spikartelt med plattingar og leveggar må brannsikrast anten bygningsteknisk eller med ein avstand på åtte meter. For nye leigetakarar og ved fornying av leigekontraktar må leigetakar søkje om løyve til byggjetiltak, sa ho.
Ved fornying gjeld ei overgangsordning på to år til å innordne seg regelverket dersom spikartelt er etablert. Unntaket gjeld ikkje branntrygging.
Villavogner eller såkalla mobile homes er ikkje ynskt her i kommunen, og må handsamast som unntak gjennom dispensasjonssøknad til kommunen.
Søknader som inneheld målsette teikningar og situasjonskart, skal handsamast av campingplasseigarane som sender kopi av eventuelle løyve til kommunen.
Dei kan gje løyve, men må ikkje, presiserte Heidi Hansen.
Stor brannfare
Johnny Stølen frå Ålesund brannvesen sa han var overraska over kor store skadar ein kan få med brann i campingvogner. Dei siste åra har campingbrannar òg ført til dødsfall.
I Storfjord kommune i Troms førte ein brann på ein campingplass til at kommunen starta same arbeidet som Norddal. To vogner med spikartelt, ein bubil og ei campinghytte gjekk tapt. Området var overtent på berre tolv minutt, sa Johnny Stølen og la til at han trur den gamle tremetersregelen kjem til å bli endra.
Eit anna døme var frå Flutua camping på Biri. Der var ei vogn med spikartelt utbrend på 20 minutt. Sjølv om avstanden til naboen var meir enn tre meter, var det fare for spreiing.
Campingplasseigaren har ansvar for at det er råd å rømme og at alle skal få varsel om brannen. Sikringstiltak og korleis ein taklar ein eventuell brann, skal vere dokumentert, sa Johnny Stølen.
Hans Muri sa at han hadde vore i kontakt med Sintef i Trondheim før han tillét fortelt i glasfiber. Johnny Stølen sa han tvilte på om glasfiber var godkjent som brannhemmande materiale.
40 prosent elektrisk feil
Elsikkerhet Møre as er eit selskap ått av fleire sunnmørskommunar. Selskapet kontrollerer elanlegg og hjelper politiet med brannetterforsking.
Dagleg leiar Roar Valdal sa at 40 prosent av alle brannar har elektrisk årsak.
Elanlegga i Norddal ser bra ut og har vore oppdaterte. Det skal de ha skryt for.
Han gjekk gjennom ansvaret campingplasseigarane har. Stikkontaktar skal vere nær oppstillingsplassen og ikkje meir enn 20 meter unna for å hindre bruk av lange skøyteleidningar. Kvart stikk skal ha eiga sikring og jordfeilbrytar.
Installasjonar i spikartelt skal gjerast av registrert installatør. Det finst mange dyktige hobbyinstallatørar, men det er ikkje tillate å gjere det sjølv. Som campingplasseigarar er de ansvarlege for at det som er knytt til elanlegget, er etter forskriftene.
Er vi ansvarlege for det dei har innvendig òg, ville Anders Jørgen Gjerde vite.
Vi har ei sak frå Oppdal om installasjon i spikartelt. Campingplasseigar er ansvarleg for det som er knytt til anlegget.
Vi kan ikkje sjekke alle fortelt. Det er umogleg, sa
Agnieszka Jemtegård.
Eg forstår det, men gjestene må få informasjon om kva reglar som gjeld. Som eigar har du lov til å gå inn og sjekke, sa Roar Valdal.
Gudrun Uri ville vite om det er godt nok å presisere krava i kontrakten.
Eg veit ikkje om det held juridisk, men problemet er iallfall synleggjort, sa Johnny Stølen.
Informasjon er sentralt. Eg ser mange rosa skøyteleidningar rundt omkring, sa Roar Valdal.
Trygt og triveleg
Arkitekt Grete Valen Blindheim opna med å vise skisser av mogleg brannhemming. Til dømes kan vogner som står tettare enn åtte meter, sikrast med to brannvegger i vinkel mot nabovogna.
Er ein avstand på fem meter pluss brannhemmande vegg nok, undra Viktor Valdal og fekk ja på det frå arkitekten.
Audun Walle frå Tafjord camping ville vite om gipsplater mellom spikartelt og vogn var godt nok, men Johnny Stølen var skeptisk til det.
Arkitekten sa at ho trudde alle var samde om at brannsikring må til, men ho peika òg på potensialet for å betre miljøkvaliteten gjennom terrengtilpassing, grøne innslag og nye møteplassar for å gjere det trygt og triveleg.
Ho viste til ein bonde som har laga ein moderne kolonihage med langtidsutleige av hytter, Ølberg Strandhager i Stavanger, og til to campingplassar i Stjørdal som har tenkt nytt.
|
|
|