Mange kjenner kanskje 27 år gamle Claus Hoff først og fremst som vokalist i gruppa Child’s Play, tidlegare Marius and the Outliggers. Han bur i Hovslia i Stordal saman med sambuar Sunniva og arbeider til dagleg for møbelprodusenten Sitwell, der far Geir er dagleg leiar og ein av eigarane.
Claus kom saman med resten av familien, mor, far og veslebror Adrian (22 år) til Stordal i år 2000. Oppveksten sin hadde han i Liabygda, først på Overå, før han som 8-9-åring flytte til Ringset.
Musikkverkstaden
Medlemmene i gruppa Child’s Play er forutan Claus som vokalist, veslebror Adrian på slagverk, Åge Staurset og Robin Aasen på gitarar og Karl-Petter Øie på bassgitar. Dei øver saman i øvingslokala sine i Pedro-bygget eit par gongar i veka, og det vert litt reising på enkelte av bandmedlemmane. Adrian og Åge går musikkline på skule i Volda, medan Robin arbeider for HV11 på Åndalsnes. Karl-Petter arbeider for Busengdal Transport og bur, som Claus, i Stordal. Tidlegare øvde dei på Musikkverkstaden, som ligg vegg i vegg med Stordal ungdomsklubb.
Vi hadde god nytte av musikkverkstaden, som er eit kjempetiltak. No er det kome i gang meir aktivitet der igjen. Det er veldig positivt, seier Claus.
Kva fekk dykk til å starte gruppa Marius and the outliggers, og kvifor har de skifta namn?
Det heile starta med at Ungdomsklubben skulle arrangere Stordalstrøkk i 2006, og eg vart spurt om å vere konferansier. Vi fann då på at vi skulle gjere litt meir ut av det, og lage eit par songar som vi framførte. Vi starta å øve på ein måndag, og Stordalstrøkk var på laurdag. Det lét grusomt, men var gøy. Adrian og Robin hadde spela litt saman før, på musikkvekstaden. Dette tykte vi var så moro at vi heldt fram med å spele saman. Etter kvart fann vi ut at vi hadde vorte såpass flinke og seriøse i det vi dreiv med, at vi måtte skifte image. Vi skifta namn til Child’s Play, og skifta også klede. Avskilskonserten for Marius and the Outliggers var på Funk for forest-konserten i Geiranger i fjor.
Ikkje redd for forsamlingar
Det å stå på ei scene har alltid vore naturleg for meg. Eg har aldri vore redd for å ta ordet i forsamlingar. Eg har vorte fortalt at eg som 2-3-åring sat på kjøkkenbenken til bestemor mi og song. Då eg var ferdig, instruerte eg dei som lytta om at no kunne dei klappe. No kan eg nesten ikkje tenkje meg eit liv utan musikken, sjølv om det var tilfeldig at vi begynte å spele saman. Når ein framfører ein song som ein har laga saman for første gong for eit publikum, og ser at publikum likar den, er det ein god følelse. Å lage og framføre musikk er gjevande, og det at publikum likar musikken er kanskje det aller viktigaste.
Har de planlagt å gje ut noko plate?
Vi har for så vidt ganske konkrete planar om å gje ut ein EP i løpet av året. Vi føler at vi begynner å verte klare for det, og er i grunnen glade for at vi har venta såpass lenge slik at det ikkje vert noko halvgjort og heimelaga. Vi har forresten spela inn nokre demoar som ligg på nettet. Det er dyrt å spele inn musikk og gje det ut, og vi håpar på å få med nokre sponsorar på prosjektet. Vi veit at næringslivet og kommunen i Stordal er flinke til å støtte og legge til rette for kulturlivet. Det ser ein resultat av både på alle anlegga og talenta som får utvikle seg på ulike felt. Vi har allereie knytt til oss kontakter som kan hjelpe til med distribusjonen når den tid kjem.
Lagar all musikken sjølve
Vi spelar kun eige materiale. Det finst mange band som reiser rundt og spelar kun coverlåtar, men då har dei ingen ambisjonar. Vi tykkjer sjølve vi lagar og spelar fin musikk. Eg trur eg hadde likt han sjølv om det var nokon annan som hadde laga og spelt han. Vi har som mål å få til noko, å verte eit namn. Ein må ha ambisjonar! Så får tida vise om vi har rett i at vi lagar så god musikk som vi sjølve tykkjer vi gjer.
Dreiv du med noko musikk før Marius and the Outliggers?
Onkel til far min er Jens Arne Molvær, og det var nok bakgrunnen for at eg spela klarinett i Valldal skulekorps ei tid. Men eg var elendig til å spele. Eg prøvde meg i si tid også på gitar, men eg og musikklæraren min kom vel til ei slags semje om at det ikkje var noko vits i å halde fram. Eg har hatt barnehagestemme heile livet, kanskje eg får litt utløp for den gjennom å vere vokalist i Child’s Play.
Til RaumaRock?
På fredag skal Child’s Play som ei av fem grupper, spele på Vega i Ålesund. Dette er ein av tre semifinalar der vinnaren får spele på festivalen RaumaRock til sommaren. Kven som vinn, vert avgjort 50 prosent av ein jury og 50 prosent av SMS frå publikum i salen. Dei to andre semifinalane går i Molde og på Åndalsnes. Storfjordnytt ønskjer Claus og resten av Child’s Play lykke til!
|
|
|