Martine vart midtnorsk meister

HOMMELVIK: Stordals- og valldalsløparane gjorde sakene sine bra i Midtnorsk Mesterskap i Hommelvik i helga. Martine Lorgen Øvrebust var ei av dei som imponerte mest. 13-åringen staka inn til gull og blei midtnorsk meister på søndagens firekilometer.

18. februar 2010
Svein Halvor Moe

Martine Lorgen Øvrebust under firekilometeren der ho gjekk heilt til topps. Foto: Svein Halvor Moe

– Eg er kjempefornøgd med at eg klarte å avgjere sekundstriden med dei hardaste konkurrentane til min fordel. Eg hadde forhåpningar om å bli mellom dei fem beste. Det var overraskande at eg kunne reise heim med første og tredjeplass, sa Martine til Storfjordnytts frilansar. Sjuandeklassingen gjekk eit av sine beste løp da ho klatra opp på det øvste steget i Midtnorsk Mesterskap som har høg status i langrennsmiljøet. Det var nesten 400 løparar og rekorddeltaking då dei beste i landsdelen møttest til dyst på Jervskogen skisenter.

Kjempa seg fram
I jentenes 13-årsklasse var det Martine Lorgen Øvrebust og Kristina Skjevdal frå Røros som kjempa om sigeren. Det lokale håpet var sterkast og kunne juble over seier. Fattige tre sekund skilde duoen i dei krevjande løypene.
Den komande ungdomsskuleeleven kunne fortelje at det ligg mykje trening bak dei flotte prestasjonane. Fire-fem gonger i veka er den nybakte gullvinnaren på ski i vinterhalvåret. I sommarhalvåret er ho aktiv på fotballbana. Det er etter det lokalavisa forstår, ski som fengjer mest. Ho skryter av skimiljøet i bygda.

Fleire kjempa i toppen
– Vi er ganske mange som er med på skitreningane, sa Martine.
Ho kjem til å halde fram så lenge det er kjekt å trene og ikkje minst konkurrere. På fredag set ho og Tiril Olin Vestre Røkke kursen for Oslo. Jentene skal ta del i Ungdommens Holmenkollrenn som er ein slags uoffisielt norgesmeisterskap for 13 og 14-åringer. Lorgen Øvrebust ser frem til å bryne seg på dei beste 1997-modellane i landet. Ho håper det skal vere råd å kjempe om plasseringar mellom dei ti beste både i klassisk og fristil. Ho gler seg til hovudstadsopphaldet.
– Det har etter kvart blitt eit veldig bra langrennsmiljø i Stordal. Deltakinga i Midtnorsk Mesterskap har vore ei gulrot for løparane i den aktuelle årsklassa, seier Pål-Bjørn Øvrebust. Han er ei av eldsjelene i langrennsavdelinga. Øvrebust kan fortelje at dei har vore rundt 30 løparar på mange av fellestreningane i vinter. Trenaren og leiaren er oppteken av at det må brukast energi på å skape miljø og fellesskapsfølelse. Han trur det er avgjerande for at dei klarer å få oppslutnad. Stordalingene har så langt lukkast med det.

Storfjordlangrenn
– Storfjordlangrenn er eit viktig verkemiddel for å halde interessa oppe. Dei eldste får både eit ekstra og godt treningstilbod gjennom dette regionale samarbeidet på tvers av klubbane, sa Øvrebust.
Han gledde seg over dei flotte stordals- og valldalsprestasjonane. Tiril Oline Vestre Røkke gjorde sitt beste løp då ho blei nummer 13 i fristil i den yngste klassa. Kristin Solberg gjekk eit bra klassiskløp og blei lønt med tiandeplass. Robert Sørås er også best i same disiplin. 25. plass blei det på han. Trond Marius Vad snuste som venta på topp ti-plasseringar. Åttande- og niandeplass blei det på den sterke valldalløparen.