| Gardbrukaren kan dyrke opp det minste arealet som ligg inntil elva på nordsida, om det blir avsett ein kant på om lag 20 meter langsmed elva.
Har klaga
Jemtegård har klaga på vedtaket som Norddal kommune har fatta på bakgrunn av innstillinga til Fylkesmannen. Kommunen har i det høvet kontakta fylket for å få til ei synfaring på staden.
Bjarne Otnes som er sakshandsamar hos fylkesmannen, seier at fylket stiller seg positivt til framlegget om synfaring, men at det vil vere mest tenleg å vente med det til snøen har gått.
Næringssjefen i Norddal kommune, Toralv Klokkehaug, seier i en kommentar at han ønskjer å gå grundigare inn i saka. Det er difor han har bede fylket om å ta ei synfaring på staden.
Eg har god tru på at med ei grundig handsaming og god dialog mellom partane så vil det vere mogleg å finne ei løysing som alle kan leve godt med, seier han.
Blir ikkje overraska
Sjølv om han framleis er optimistisk når det gjeld å få dyrke også på Jamtekvisla, seier Jemtegård at han ikkje blir overraska dersom vedtaket blir ståande. Han synest likevel det er ille viss initiativ til ikkje berre å ta vare på, men også å skape nye verdiar ikkje blir verdsett meir av dei som bestemmer.
Jemtegård synest at det er vanskeleg å manøvrere i dei byråkratiske irrgangane, både når det gjeld forvaltning av eiga jord og ikkje minst, vedlikehald langsmed elva. Slik det er no, opplever han at elva for kvar flaum grev seg lenger og lenger inn på delar av eigedomen. Uklare regelverk med omsyn til ansvar, er det som er vanskelegast å handtere.
Som til dømes under storflaumen for berre nokre få år sidan. Kvar skulle ein melde frå om skade? I enkelte høve til NVE, i andre høve til lensmannen. Når ein opplever å bli
sendt frå den eine staden til den andre, så opplever ein det som særs frustrerande.
Men det er jo perfekt for dei offentlege instansane då. Dei kan berre sende oss vidare til neste kontor, kan skulde på at ansvaret ligg hos andre og unngår å meine noko sjølve, seier han.
Det har ikkje lukkast Storfjordnytt å kome i kontakt med rette vedkomande i NVE i denne saka, men Toralv Klokkehaug seier at når det gjeld Jemtegård sitt spørsmål om å stelle til langs med elva med mellom anna ei elvaforbygning, så er dette viktig med tanke på vern av dyrka mark.
Klokkehaug ser føre seg at det skal vere mogleg å kome til ei semje også på dette punktet.
|
|
|