Temaet denne gongen var hovudsakleg norsk musikk, og omkvedet mellom publikum var det same som alltid: ”E’kje dei flinke?”
Samfunnshuset var fullstappa fredagskvelden medan Aksel Lund Svindal køyrde inn til gull i Canada. Laurdag kveld var det også mange som hadde sett av tid til kabareten, nok eit prov på at det ikkje er nokon dum idé å køyre framsyninga to kveldar.
Geografisk
Dei utvalde songane hadde stor geografisk spreiing. Det heile starta med ein trolldans, til musikk av Edvard Grieg, dermed var den nasjonalromantiske bolken nesten unnagjort. Programheftet hadde til og med i rein pedagogisk stil eit norgeskart der vi kunne prøve oss på å plassere dei ulike fylka og gjerne administrasjonssenteret også.
Dei to programleiarane Fredrik Myklebust Sælen og Maylen Brekke losa oss trygt på reisa. Til sketsjen om Doffen på skulen fekk vi ei kort innføring i norsk språkhistorie og det ikkje heilt vellukka prosjektet som vart kalla samnorsk. Mange av oss kjende att skulesketsjen med Leif Juster og Ernst Diesen som snakka om ”Hufsetufsen gjekk stabeint med fesselet attom myrkrykkjekrulla” og ”det stend i bokji”.
Eitt av stoppa fekk vi i Lillestrøm i Akershus gjennom songen ”Når himmelen faller ned” av Anne Grete Preus, flott framført av fleire jenter, der vi mellom anna fekk med oss snøen som himmelsk korrekturlakk over jorda.
Surfbrett
Ikkje langt unna kunne vi stoppe igjen, no ved Einafjorden i Oppland der Vazelina Bilopphøggers held til. Tre karar, Eirik Lødøen, Konrad Kokot og Vikarsan Veerasingam demonstrerte korleis dei laga surfbrett på sløyden, eit artig innslag til ein kjend melodi.
Minst like kjend for publikum er neste melodi, ”Teddyen min”, med Grethe Kausland bak mikrofonen. Her fekk vi sjå ein fantastisk figur med Jeanette Lianes Gjerde bak drakta, som bevega seg akkurat slik vi tenkjer oss ein teddybjørn. Ikkje mindre fantastisk var Benedikte Halås Reiten som spelte dokke, og verkeleg klarte å sitje heilt roleg i ei stilling heile tida og halde same maska.
Same Benedikte var det også som framførte verdama Eli Kari sin song.
Vidare fekk vi vere med til Bergen med Jan Eggum og etterlysing av alle heltane.
Eit barnepotpurri gav rikeleg med rom for teatertalenta. Det var ikkje til å misforstå når dei dramatiserte ”Kaptein Sabeltann”, ”Vi lister oss så stilt på tå” og Alf Prøysen sin ”Å huttetuttetei”.
Litt meir fart vart det då den engelske melodien ”You keep me hanging on” hadde snike seg inn i Norge rundt-turen, her kunne mange jenter vise til godt inntrena danseoppvising.
Ivar Hoel hadde ei flott framføring av ”Når du en gang kommer” før det var klart for ”Fairytale”. Gutane som dansa på scena imponerte nesten meir enn Frikar som opptredde saman med Alexander Rybak i Grand Prix. Her var det mange stilige saltoar.
Før pausa vart det heile roa ned i kjærleikens teikn, med to par som song om ”Min første kjærlighet” så ein nesten kunne tillate seg ei lita tåre før lyset kom på for fullt.
Kraftig rock
Andre avdeling starta med fullt trøkk, der Andreas Nærø og Joachim Gjerde Uri kunne utfalde både seg sjølve og stemmene i ”Splitter pine”. Og vi var plutseleg komne til Trøndelag, der vi heldt oss gjennom ein song til. Knutsen og Ludvigsen sin ”Hallo hallo” var gjennomført og godt regissert med mange på scena.
Mange var det også når vi kom til Finnmark. Astrid Bakke Andersen hadde tråla heile dalen og fått tak i kvite songarhuer. Det var klart for eit mannskor, då sjølvsagt Berlevåg Mannskor. Jøran S. Magnussen dirigerte det flotte koret som song ”Å eg veit meg eit land”, rørande og muntert på same tid.
Også ”Sommernatt ved fjorden” sette publikum i fin stemning.
Litt sørover bar det. Vi kom til det nest nordlegaste fylket, nærare bestemt Rallkattlia. Etter latterkulene å dømme vart nok dette høgdepunktet i salen, Ivar Hoel spelte Oluf og fekk endåtil til å lespe på nordnorsk. Runar Andersen var sonen Lars, som lensmann Fredrik M. Sælen kom for å forhøyre i samband med ei farskapssak. Gode skodespelarprestasjonar.
Fylke vårt
Før vi kom til Møre og Romsdal var vi ein tur innom Trøndelag igjen, med DDE sin ”No bli’ det liv”, med trøkk og mange på scena.
Det var ”Lift me” som representerte vårt fylke, her presenterte Elise Torvik ei fantastisk stemme, så det vart stilt i salen. Meir Molde vart det med Jo Nesbø sin ”Jenter som kommer og jenter som går”. Vakker song kunne dei gje oss også med ”Gje meg handa”, der Torgeir Osvik slo til med munnspel også.
Det var klart for hjarteleg latter igjen, Øystein Sunde sin ”Danske med campingvogn” var rikt illustrert med bilde, og vekte humor i salen.
Siste fylkesinnslag gjekk til Rogaland og Bjørn Eidsvåg med ”Shalala”, før vi fekk ei rundreise i heile landet gjennom songen ”Mitt lille land”.
Med heile gjengen på scena vart det ei flott avslutning med melodien som vart laga i samband med innsamlingsaksjon for Afrika i 1985, ”Sammen for livet”.
No er det Haiti som er råka og treng hjelp. Vi skal også tenkje over at det kan vere nokon i nærmiljøet vårt som kan trenge ei hjelpande hand, sa programleiarane i det dei takka for frammøtet.
Taktfast takk
Som det vart poengtert på slutten, er det mange som ikkje får scenelyset på seg som gjer ein god jobb. Dette handlar ikkje minst om lyd og lys. Scenearbeidarane imponerte med presisjon for kvart sceneskifte med lyset av.
Dei trufaste hjelparane som Mette Valdal, Astrid Bakke Andersen og Eva Muribø fekk god og fortent takk til slutt. I år var også Andreas Torvik med under innøvinga. Husorkesteret med Håkon Myklebust, Anders Jørgen Gjerde og Arnfinn Dalhaug vart takka for trufast innsats. I år hadde dei med seg niandeklassingen Jørgen Gjerde på trommer.
No forstår de kanskje kvifor pensjonistar ikkje klarer å slutte, sa ei strålande Astrid etter at den tiande kabareten var vel i hamn.
Salen var fullsett av foreldre, besteforeldre, søsken, tanter og onklar. Ein treng ikkje vere i nær slekt ein gong for å like og la seg imponere av dette.
|
|
|