Singel – tvangsgift – skilt

– Eg er ikkje spesielt overraska over flørten til Frank Sve. Han er tru mot partiet sitt sentralt, men eg er overraska over at Sve ikkje nemnde Stordal kommune som ein mogleg partnar, seier Ole Johan Vidhammer.

25. februar 2010
Britt Ingunn Maurstad

Ole Johan Vidhammer meiner at innbyggjarane må bli høyrde når det er snakk om kommunesamanslåingar.

Kommunesamanslåing er ikkje noko nytt fenomen. Det har vore eit tema for diskusjon i iallfall dei siste 50 åra. På 1960-talet reiste den regjeringsoppnemnde Schei-kommisjonen land og strand rundt og såg på kommunestrukturen i Norge. Etter kommisjonen si tilråding vart talet på kommunar redusert frå 744 til 454.
Dei fleste politiske parti her i landet vil også redusere talet på kommunar, nokre har meir drastiske planar enn andre. Om ein følgjer med i media, så er det mykje flørting mellom fleire kommunar – ja, enkelte er i ferd med å inngå ekteskap.

– Ikkje overraska
For dei aller fleste av oss blir tanken på å slå seg saman med nabokommunene eit reint tankespinn. Vi veit ikkje kva det kan innebere. Derfor har eg tatt turen til Stordal for å snakke med ein som har opplevt å vere politikar i ein kommune som først var singel, som så vart tvangsgift som følgje av Schei-kommisjonen, og som så til sist braut ut av ekteskapet, nemleg Stordal kommune og Ole Johan Vidhammer. – Eg er ikkje spesielt overraska over flørten til Frank Sve, han er tru mot partiet sitt sentralt. Dessutan har dette vore eit tema i Sunnmørsposten i årevis. Det einaste eg er overraska over, er at Sve ikkje nemnde Stordal kommune som ein mogleg partnar.
– Kan hende det har med vår felles historie å gjere, seier Vidhammer.

Stranda herad
Fram til omkring 1892 var nemleg Stordal del av Stranda herad, og det er ei artig historie om korleis dei den gongen vart skilt. Den gongen på slutten av 1800-talet var ordføraren i Stranda herad frå Stordal. Han lét oppføre ein utedo i tilknyting til prestestova, ein utedo som nok også var berekna på kyrkja. Det viste seg at han ikkje hadde løyve til å byggje utedoen. Han gjorde dette på eige initiativ. Rekninga presenterte han likevel for heradsstyret, noko som ikkje var spesielt populært. No var ikkje summen så stor, om lag 20 kroner, men det skapte mykje bryderi. Dermed sa dei på Stranda at når stordalingane berre tok seg til rette på den måten, så kunne dei like godt styre seg sjølve.

Ny storkommune
Vedtaket om å skilje lag vart banka gjennom ganske fort, og sidan den gongen har Stordal vore eiga kommune – fram til 1965. Då vart Stordal tvangssamanslått med Ørskog og Skodje. Den nye storkommunen heitte Ørskog kommune, med kommunesenter på Sjøholt. Tvangsgiftet varte i 12 år, og det var berre i gamle Ørskog folk var meir positive til dette.
– Ikkje så rart, det er ein klar tendens at folk på den staden der det er naturleg at kommunesenteret ligg, er meir positive enn folk som bur på dei plassane som risikerer å bli utkantar, seier Vidhammer.
Storkommunen kom skeivt ut frå starten. Folket var ikkje med på det som skjedde, i tillegg til at dei tre kommunane var svært ulike, både med omsyn til næringsstruktur og geografi. Dessutan fekk politikarane tidleg vanskelege sakar til handsaming, mellom anna den store ”skulesaka”. Kommunesamanslåinga skjedde på ei tid då dei var midt i oppbygginga av ungdomsskulen også i Stordal. Storkommunen med gamle Ørskog i spissen ville ha ein ungdomsskule i kommunen – som sjølvsagt skulle ligge på Sjøholt, slik at elevane både frå Stordal og Skodje risikerte å måtte fraktast langt kvar dag.
Symjebasseng i tilknyting til skulen var også eit stridstema. Dei på gamle Ørskog skulle sjølvsagt ha bassenget der, og det med internasjonale mål og greier. Då var det dåverande varaordførar Johan Helland kom med gullkornet: ”Ein ting skal de vere merksame på, vi er like skitne i Stordal som på Ørskog – på kroppen vel å merke.” Skulestriden endte med tre ungdomsskular. Basseng vart det den gongen både i Stordal og på Sjøholt, men ikkje i Skodje.
Vidhammer filosoferer litt over denne tida.
– Det er jo berre om lag sju mil mellom ytterpunkta i det som då var Ørskog kommune, så sett ut frå geografien burde prosjektet ikkje ha vore umulig. Problemet var at vi hadde så lite til felles, næringsstrukturen var forskjellig, topografi og også kulturskilnader, seier han.

God politisk skule
På spørsmål om det i det heile tatt var noko positivt ved å vere ein storkommune, blir det stille frå Vidhammer.
– Om eg skal trekkje frem noko, må det bli at det var ein knallhard, men god politisk skule vi gjekk vi som hadde politiske verv i Ørskog kommune. Det vart venta at alle hadde sett seg godt inn i sakene, ein måtte vere klar i meiningane sine, strukturert og ikkje vere redd for å ta ordet. Kunnskap er det alltid positivt å ta med seg.
Etter 12 år vart det altså skilsmål, og dei tre kommunane gjekk kvart til sitt att.
– 12 år saman med andre gjorde nok stordalingane godt samansveisa, og den ånda lever framleis. Dessutan, når vi fekk tilbake sjølvstendet, var vi nesten forplikta til å gjere det bra. Det ville ha vore pinleg om vi byrja å slåst med oss sjølve.
Åra som del av Ørskog kommune var ei stille tid der lite skjedde, noko dei tok att i 80-åra og på byrjinga av 90-talet.
– Ein liten kommune ekspanderer ikkje i kraft av eigen tyngde, ein må vere på hogget heile tida. Her i Stordal har vi utvikla gode strategiar på korleis vi kan få gjennomslag for sakene våre høgare opp i systemet slik som på fylkesnivå og gjerne høgare opp også.

Innbyggjarane
I følgje Vidhammer er det eit par spørsmål ein alltid må stille seg før ein byrjar arbeidet med kommunesamanslåing. Det eine spørsmålet er: Vil ei samanslåing føre til eit betre tenestetilbod til innbyggjarane? Det andre er: Vil innbyggjarane dette?
– Ei folkerøysting i kommunane må til før ein kan seie at ei samanslåing er frivillig, for det er mykje følelsar blant folk og dei ein skal ein vere varsam med gå imot, seier han.
Framfor samanslåingar ser han føre seg eit stadig tettare samarbeid på tvers av kommunegrensene.
– Slikt samarbeid er heller ikkje noko nytt, det har vi alltid drive med. Det einaste nye er namnet det har fått: ”interkommunalt samarbeid”.
Vidhammer meiner det berre er fantasien som set grenser for kva kommunane kan samarbeide om, men nokon samanslåing ser han ikkje føre seg.
– Tida er ikkje moden for noko slikt, sjølv om iveren frå sentralt hald er stor.