Lengre dagar for elevar

Det er ikkje berre på sørsida Fjord1 Buss Møre vil leggje om skulerutene, også den bussen som fraktar elevar som går på Stranda vidaregåande skule, vil selskapet flytte på.

4. mars 2010
Britt Ingunn Maurstad

Ole Johan Vidhammer meiner at innbyggjarane må bli høyrde når det er snakk om kommunesamanslåingar.

I dag går bussen frå Valldal klokka 07:35. Han stoppar på Linge for å ta med seg dei som kjem frå sørsida med ferja. I sin iver etter å spare pengar vil Fjord1 Buss Møre flytte på denne ruta med ein halv time, slik at han i staden går klokka 07:05. Den halvtimen kan få store konsekvensar, ikkje berre for ungdomane som får ein mykje lengre ”arbeidsdag”, men også for Stranda vidaregåande skule.

– Store konsekvensar
Ove Indreeide, far til ein av dei som kvar dag nyttar skulebussen til Stranda, er svært betenkt over framlegget til Fjord1.
– Viss dette blir ein realitet, vil det få store konsekvensar, ikkje berre for Norddal kommune, men for Stranda også. Det vil gjere det mindre attraktivt for ungdomane i Norddal kommune å søkje seg til Stranda vidaregåane skule, noko som igjen fører til at skulen misser mykje av elevgrunnlaget, seier han.
Ungdomane vil søkje skuleplass andre stadar slik at dei kan bu på hybel og få bortebuarstipend. Det får dei nemleg ikkje viss dei bur på hybel på Stranda, fordi det er for nært heimen.
– Slik blir det når Lånekassa berre ser på kilometertalet, seier Indreeide.
Han skjønar heller ikkje at Fjord1 vil nytte kombibussen på denne ruta.
– Den vanlege rutebussen er vanlegvis full. I kombien er det færre sitjeplassar. Det vil seie at mange må stå, noko som er heilt uakseptabelt med tanke på tryggleiken til ungane. Indreeide seier det er viktig at folk no engasjerer seg i saka, for det er lettare å påverke i forkant enn å få endra på eit vedtak som er gjort. Til og med ordføraren har engasjert seg i saka, seinast på formannskapsmøtet denne veka orienterte han om kva som no kan vere i ferd med å skje.
– Kva vil du gjere for å protestere mot busselskapet?
– Eg går med tankar om å setje igang ein underskriftskampanje. Håpet er at når busselskapet ser kor mange som protesterer på framlegget, så vil dei vedta å la dagens ordning bestå, seier Indreeide.
Han skjønar heller ikkje at det kan vere så mykje å spare på ei slik omlegging.
– Fjord1 Buss Møre får då vel betalt for skuleskyss, og då må vi kunne krevje at ungane blir køyrde på tider som passar med når skulane startar om morgonen, seier han.

Eitt alternativ
Stein Ivar Aarskog i Fjord1 Buss Møre seier til Storfjordnytt at dette er eitt av fleire alternativ dei arbeider med internt i selskapet.
– Vi diskuterer ulike alternativ, også med andre samarbeidspartnarar. Rutene skal handsamast i Fjord1 Buss
Møre måndag 15. mars. Før denne tid er det ingenting som er avgjort.
Aarskog seier at vedtaket i Norddal formannskap i høve ruteendringane har gjort at dei må sjå på andre alternativ.